Kommentar

Å kaste mobilen ut av barneskulen er eit enkelt svar på eit større problem

Mobiltelefonen har ikkje noko i klasserommet på barnetrinnet å gjere. Men vi må lære neste generasjon å regulere teknologien betre enn vi sjølv har gjort.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Onsdag kom regjeringa og utdanningsdirektoratet med sine tilrådingar. Konklusjonen er tydeleg: Mobiltelefonen skal ut av barne- og ungdomsskulen. Også på vidaregåande blir det tilrådd strenge restriksjonar.

Innstramminga er eit teikn på at pendelen har snudd. Bølgja av teknologioptimisme har lagt seg, og foreldregrupper over heile landet fortviler over ikkje å få meir hjelp frå skuleverket til å ta grep.

Strengare regulering skal bidra til å gi mindre forstyrring i undervisninga, styrke skulemiljøet, forhindre mobbing og andre krenkingar, heiter det i forslaget.

At regjeringa no tek grep, er forståeleg. Det kjem no stadig nye rapportar som vekkjer uro om mobilbruk blant ungdom.

Det avgjerande nå er å raskt regulere korleis barna våre brukar smarttelefonen

Mobiltelefonen har ein plass i skulen

Men kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har tidlegare uttalt at ho ikkje kan sjå nokon grunn til at mobiltelefonen har ein plass i skulen. Det er farleg ansvarsfråskriving.

Skulen har ei viktig oppgåve i å lære barn sunn handtering av ny teknologi, og det er på smarttelefonen barna møter denne teknologien. Heldigvis er digital læring sentralt i læreplanen.

Til dømes er det å gå altfor langt dersom barn på ungdomstrinnet ikkje skal kunne nytte seg av mobiltelefon for å lage ein videopresentasjon i samfunnsfagstimen.

Det gjer lite for å hindre krenking og mobbing i fritida at mobiltelefonen blir låst bort frå klasserommet. Smarttelefonen har viska vekk forskjellane mellom skule, jobb og fritid.

Det avgjerande nå er å raskt regulere korleis barna våre brukar smarttelefonen. Her ligg vi langt bakpå, men heldigvis er ting i ferd med å skje.

Vi lét oss bli avhengig

Etter at sosiale medium vart allemannseige har teknologiutviklinga gått langt raskare enn reguleringa.

Millionar av teknologioptimistar, som eg, har heia fram det frie, uregulerte internett. Ein stad fri for sensur der røyster som aldri før kom til orde kunne spreie bodskapen sin. I starten kunne vi også laste ned musikk heilt gratis, også då vi visste at det ikkje var lovleg.

Styresmaktene rydda vegen for teknologiselskapa, blant anna ved å sikre at dei ikkje kan dømmast for innhaldet andre skriv på plattformer som Facebook. Media vart raskt hekta på straumen av klikk, sjølv om det skjedde samstundes som at annonsekronene forsvann ut av landet.

Ja, det var naivt. Og naiviteten som låg bak den første sosiale medium-revolusjonen, kan bli livsfarleg når vi nå stor overfor ein ny.

Sjølvdisiplinen som rauk

I heimane er vi blitt vande med at teknologiselskapa kvar dag sluker timar av vår merksemd.

Det er gull verdt for annonsørar at eleven deler ein video av seg sjølv, spesielt når det limar eleven til mobiltelefonen i timevis etterpå for å følgje med på kven som har lagt igjen likes eller emojis.

Harmdirrande engasjement har ein sterkare verknad på oss enn rosande ord, ifølgje psykologane. Det engasjementet set sitt preg på kommentarfelta verda over.

Eg er født i 1979 og generasjonen eg tilhøyrer er ikkje vakse opp med sosiale medium. Om skulen er dårleg førebudd til å ta lære barn om mobilbruk, er det lite som tyder på at dagens foreldre er noko betre.

Altfor lenge har vi, altså min generasjon, godtatt at teknologiselskapa får regulere seg sjølve. Då Instagram for kids vart kritisert før det vart lansert, var det Meta som stoppa det. Det er eigarselskapet bak Instagram og Facebook.

Men no skjer det fleire ting som ber med seg håp om at politikarane har vakna.

Eg har tidlegare skrive om korleis Meta, eigarselskapet bak Instagram og Facebook, i USA er saksøkt for å ha laga ei vanedannande teneste som skadar ungdom.

I år kjem også EU sine nye reglar om «addictive design» – design som rett og slett gjer brukarane avhengig av ei digital teneste.

Erkjenninga byggjer på skremmande fakta: Unge mellom 16 og 24 brukar i snitt over sju timar om dagen på internett. Eitt av fire barn og unge viser teikn til å vere avhengige av smarttelefonen, kjem det fram i forslaget.

Ei evaluering er venta seinare i år.

Menneskeleg intelligens skal setje grense for KI

EU er heldigvis på hogget også i den nye teknologirevolusjonen. Den har brakt eit nytt namn inn i den digitale elitebygda.

Sam Altman er leiar for selskapet OpenAI, og no kjent som mannen bak den kjende språklæringsmodellen, Chat GPT. Med giganten Microsoft i ryggen, har selskapet musklar til å skake dei etablerte teknologiselskapa.

Ingen kjenner konsekvensane av uregulert kunstig intelligens. Spådomane spenner frå samfunnskollaps til optimisme og eventyrleg vekst i effektivitet.

Osloskulen har nå kjøpt inn ChatGPT til bruk i alle trinn, skriv Per Kristian Bjørkeng i Aftenposten. Innkjøpet møter krass kritikk frå blant anna Ap-politikar Eivor Evenrud og forfattar Maja Lunde på Facebook.

OpenAI sjølv har sett den nedre aldersgrensa til 13 år, og barn under 18 år skal berre bruke det med løyve frå foreldre. Det er ei fornuftig grense.

Problemet i dag er at det er selskapet sjølv som set den nedre aldersgrensa

Farleg blindspor å vise til at teknologisk utvikling går fort

Problemet i dag er at det er selskapet sjølv som set den nedre aldersgrensa. Teknologiselskapa som dreiv fram sosiale medium-revolusjonen fekk regulere seg sjølv. Vi kan ikkje gjere same tabben med nye teknologirevolusjonen. Det kan rett og slett ikkje vere lov å lage eit vanedannande produkt som er beviseleg skadeleg for barn si mentale helse.

Sagt på ein annan måte: Vi kan ikkje la Sam Altman sleppe like billig unna som Mark Zuckerberg.

Det har lenge vore hevda at den teknologiske utviklinga går så raskt at det er uråd å regulere den fornuftig. Det er eit farleg blindspor som spelar opp i hendene på teknologimogulane. Dei let seg heller neppe skremme av eit forbod i skulen.

Heldigvis skjer det ting.

EU er i ferd med å innføre reguleringar basert på risiko. Jo høgare risiko, desto strengare reglar skal komme. Når dette er innført, blir det også norsk lov. Det vil famne breitt og gripe inn i bruken av KI i alle sektorar.

KI-eksperten Inga Strümke skriv i Aftenposten at KI slett ikkje bør forbys i offentleg sektor, men at politikarane bør vise leiarskap i reguleringa. Det er ord som er verdt å lytte til.

Min generasjon har svikta i reguleringa av dei store teknologiendringane

Våre barn skal lage retningslinjer for kunstig intelligens

Det kan vere naudsynt å trekkje i bremsen når teknologiutviklinga går for raskt. Det er grenselaust naivt å tru at bransjen vil regulere seg sjølv. Men det er enda meir naivt å tru at ein kan stikke hovudet i sanden. Det er innhaldet på smarttelefonen som er skadeleg, ikkje teknologien i seg sjølv.

Min generasjon har svikta i reguleringa av dei store teknologiendringane, sjølv om mykje tyder på at styresmaktene er i ferd med å vakne. Heldigvis er det mange ting som tyder på at neste generasjon vil handtere det betre.

Derfor kan ikkje skuleverket late som om KI ikkje eksisterer, eller at alle problema som smarttelefonen bringar med seg kan låsast vekk.

Det er trass alt våre barn som skal lage retningslinjene for framtidas bruk av ny teknologi og kunstig intelligens.



Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar