Kommentar

Når supporterkultur blir ukultur

Lidenskap for idrett kan aldri unnskylde hets og masseslagsmål. Når det koker over for supporterane, er dei med på å øydelegge sporten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I fjor haust tok eg med meg familien på ein viktig fotballkamp. Vi hadde gledd oss lenge, og for yngstemann fortona den seine kampstarten seg som eit fullgodt alternativ til kaptein Sabeltanns nattshow i Dyreparken. Vi rigga oss til med varme teppe, popkorn og godteri – alt låg til rette for ein nydeleg kveld.

Så blei likevel gleda redusert til eit minimum. Det hadde ingenting med kampresultatet å gjere. Kvelden blei øydelagt av vår nærmaste medsupporter. Ikkje berre hadde han drukke for mykje og skapte ein utrygg atmosfære kring seg som følgje av dette. I tillegg kom han med utilbørlege, kanskje meint som «vittige» kommentarar om ein av spelarane på banen. Resultatet var ein fotballkamp der eg brukte mesteparten av heie-energien på å skjerme barna. Det var ikkje gøy å vere på fotballkamp i det heile.

Søndag ettermiddag blei eg minna om denne opplevinga då det braut ut masseslagsmål mellom supporterane til dei engelske fotballklubbane West Bromwich Albion og Wolverhampton Wanderers. Bråket starta då Wolverhampton, som spelar i den engelske toppserien Premier League, scora 0-2-målet mot nivå to-klubben som hadde heimekamp. West Bromwich-fansen klikka openbert av det dei opplevde som utilbørleg feiring av målet, med bortefans som kryssa grensa til heimeseksjonen. Dermed barka supporterane saman i slagsmål. Kampen måtte stoppast i ein halvtime, mens politiet prøvde å få kontroll på situasjonen.

Stygge scener med blod

Masseslagsmålet var ikkje av det milde slaget. Vi snakkar blod frå hovudet og liknande. Det var stygge scener. Eg tenkte fort på kor utrygg eg ville kjent meg om eg hadde vore til stades med familien min. Kunne eg risikert å hamne i nevekamp for å verne gutungen mot rabiate fans? Måtte vi ha evakuert? Om store folkemengder hadde måtta flytte seg samtidig på eit lite område, kunne det også ha blitt farleg.

Når supporterar tyr til vald og hets for å heie fram laget sitt, har vi ikkje lenger med ein velfungerande supporterkultur å gjere.

—  Alf Kjetil Walgermo

Hendinga blei sjølvsagt fordømt av det engelske fotballforbundet. Det skulle berre mangle. Slåsting er totalt uakseptabelt på arenaer der barn og vaksne har samla seg for å heie på favorittlaget sitt.

Dessverre er det ikkje første gongen det skjer. Ein norsk 18-åring som skulle sjå Millwall mot Everton for nokre år sidan, trudde han hadde hamna midt i eit terrorangrep då supporterane braka saman før kampen. «Frykta for livet da han hamna midt i supporter-slåstkamp», meldte TV 2.

39 døydde i Heysel-tragedien

Det er ikkje ein overreaksjon. Når supporterar går amok, kan det i verste fall gå liv tapt. Liverpool- og Juventus-fansen kjem aldri til å gløyme finalen i Serievinnarcupen (våre dagars Champions League) i 1985, der 39 liv gjekk tapt på Heysel stadion i Brussel. Kasting av steinar og manglande respekt for sperringar førte til panikk og tribunekollaps.

Heysel-tragedien er ein skamplett for fotballen, og det gjer ikkje saka betre at det også året før hadde vore slåstkampar mellom supporterane til finalelaga i den gjeve cupen, den gongen Liverpool og Roma. Engelske lag blei deretter bannlyste europeiske cupar i fem år. Samtidig kom omgrepet «hooligans» på folkemunne: Bøller som tyr til vald for å øydeleggje for supporterane til det andre laget.

Slåsting og farleg oppførsel på fotballkamp er likevel ikkje berre eit engelsk fenomen. Over nær sagt heile den fotballspelande verda finst det supportergrupper som er berykta for råskapen sin, frå polske og serbiske til tyrkiske, italienske og brasilianske.

Nedbrytande med grov hets

Uakseptable hendingar kan også oppstå i Noreg, anten i form av planlagde slåstkampar (ja, dette har også skjedd!), spontane overtok eller utilbørleg hets. Som døme på det sistnemnde treng vi ikkje å gå lenger tilbake enn til i fjor haust, då Lillestrøm-fansen helste sin gamle trenar Geir Bakke med eit banner der dei lét han henge i galgen med rottekropp og «Judas» skrive i panna.

Supporterkultur kan ikkje få tippe over i ukultur. Det har alle som elskar idrett eit ansvar for.

Det skal vere rom for kjensler i fotballen, men også dette var over streken. Vi kan ikkje lære opp ungane våre til å hetse personar vi er kritiske til på det grovaste. Det skaper eit dårleg klima som på sikt vil bryte ned meir enn det byggjer opp. Dette gjeld ikkje berre fotballen, men også andre idrettsgreiner. I helga var bråk mellom supporterane til Stjernen og Vålerenga også. Supporterbråket førte til at kampen blei stoppe etter 1. periode, og publikummet blei sendt heim.

Bråk, hets og masseslagsmål har ingenting med lidenskap for idrett å gjere. Då kan ein heller la seg inspirere av supportergruppa til det nyopprykte KFUM Oslo, som i år skal spele sin første sesong i den norske eliteserien. Profetane, som dei kallar seg, ønsker ikkje å slenge dritkommentarar om motstandarane sine. «Vi unner alle godt, også dei som går vidare frå Kåffa til andre klubbar. Vi er opptatt av å kose oss, og at folk skal smile og ha det gøy på fotballkamp», sa supporterleiaren Jon Morten «Bosse» Mosand til Vårt Land i fjor.

Lidenskap må utfalde seg i positive former

Når supporterar tyr til vald og hets for å heie fram laget sitt, har vi ikkje lenger med ein velfungerande supporterkultur å gjere. Då snakkar vi om ukultur. Og ukultur er ikkje noko du vil ønske at ungane dine skal vekse opp i.

Min førre fotballkamp med familien blei øydelagt av éin supporter som hadde dårleg oppførsel. Kor mykje skade kan ikkje ein heil bøling av folk utan impulskontroll klare å påføre andre?

Mitt håp og mitt ønske er at lidenskap for idrett kan utfalde seg i positive former. Det skal vere gøy å gå på fotballkamp, på ishockeykamp og andre sportsarrangement. Eg håper at eg framleis kan ta med meg ungane utan å vere redd for kva som kan skje på tribunen.

Supporterkultur kan ikkje få tippe over i ukultur. Det har alle som elskar idrett eit ansvar for.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar