Kommentar

Inga avklaring bak Trump i Iowa

IOWA, USA: Som venta vant Donald Trump caucuset i Iowa med trygg margin, men bak han er biletet mindre ryddig enn forventa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

– Sjå føre deg at New York Times seier, kvar dag, at du tek livet av folk, og likevel står du på ditt fordi du veit kva som er best for menneska der du bur. Ron gjorde det, og han vart ekspert på Covid.

Vi er i kantina på barneskulen Lakewood, nokre mil sør for sentrum av Des Moines. Her møtest republikanarar frå fire valdistrikt til eit felles valmøte. To kvartal unna, på ungdomsskulen, møtest partimedlemmer frå ein handfull andre valdistrikt til tilsvarande møte.

Partidemokrati i praksis

Dørene opnar klokka seks, og den neste timen kjem ein stødig straum av veljarar inn på det glatte linoleumsgolvet. Når klokka passerer starttidspunktet sju, er alle seter fylte og veljarar står langs veggane. Det blir varmt. Folk ser ut slik ein gjerne gjer når ein har hatt ein full dag på jobb, og må vidare på eit FAU-møte eller eit årsmøte i idrettslaget.

Representantar for dei ulike kandidatane får sine tilmålte tre minutt til å tale til fordel for sin kandidat. For Florida-guvernør Ron DeSantis har ein tidlegare stabssjef frå tida hans i Representanthuset komme til Norwalk for å tale på hans vegne. Og Ron er helten, som sto mot dei liberale kreftene og haldt Florida open gjennom pandemien. Det går eit lite sus gjennom forsamlinga når det blir klart at Donald Trump er den einaste av dei store kandidatane som ikkje får ein tale til sin fordel.

Iowa er ein av ein handfull delstatar som held såkalla caucus-val, eller valmøte, for å avgjere nominasjonsvalet. Tanken er at partimedlemmane set kvarandre stemne på desse møta og i fellesskap kjem fram til eit resultat for sitt lokalsamfunn.

Ron er helten, som sto mot dei liberale kreftene og haldt Florida open gjennom pandemien

Donald Trump tek sigeren …

– Donald Trump si leiing er dominerande, seier J. Ann Selzer. Ho vert jamleg referert til som guruen av meiningsmålingar i Iowa, og målingane hennar selskap gjer for Iowa-avisa Des Moines Register er sjeldan langt frå resultatet på valdagen i delstaten.

På Lakewood samlar dei inn røystesetlar og teljekorpset set seg i eit hjørne av lokalet for å telje, mens møtet går vidare til å velje delegatar til leiinga av Det republikanske partiet i fylket. Fleire av møtedeltakarane trekk jakka om seg og forlèt kantina medan teljinga går føre seg.

Når møteleiaren til slutt gjer greie for røystene, er det – ikkje overraskande – Donald Trump som trekk det lengste strået, med 93 røyster. Men ulikt det totale resultatet for delstaten spring han ikkje av garde med over halvparten av røystene: 78 av veljarane i rommet vil ha Ron DeSantis, Covid-helten frå Florida, og 51 går for tidlegare FN-ambassadør Nikki Haley.

Donald Trump er den mest populære politikaren i Det republikanske partiet

… også i delstaten

Til slutt vann Donald Trump Iowa med drygt 50 prosent, framføre Ron DeSantis med 21 prosent og Nikki Haley med 19 prosent.

Resultata viste med all mogleg tyngde at Donald Trump er den mest populære politikaren i Det republikanske partiet. Som Selzer framhevar ville han framleis ha vunne dersom ein slo saman røystene til dei som vart nummer to og tre.

Berre eit par prosentpoeng skilte Ron DeSantis og Nikki Haley, dei to utfordrarane, på andre- og tredjeplass. Dei siste målingane viste at Haley var i ferd med å passere DeSantis på målingane, og på valkvelden fekk ho ikkje heilt det resultatet ho trengde for å demonstrere at om nokon skal vere ein utfordrar til Donald Trump, er det henne. For DeSantis, som på si side var på veg inn i ei medieforteljing om at han var på felgen, var dette resultatet absolutt ei redning. Men han har investert det aller meste av krut han har i denne vesle delstaten, og det er slett ikkje klart kva slags veg han kan ha vidare i nominasjonsvalkampen.

Vegen ut

Det var varsla på førehand at det viktigaste, på ein valkveld der temperaturane var nede i tretti blå og vel så det, ville vere å skape entusiasme hjå støttespelarane sine, og sørgje for at dei faktisk møter opp på valmøta. Der hadde Trump ein udiskutabel fordel, ifølgje tala til Ann Selzer: 49 prosent av dei som sa dei ville røyste på Donald Trump sa at dei er ekstremt entusiastiske for kandidaten sin. Det er ein enorm styrke for han. For Nikki Haley kan den låge entusiasmen mellom hennar veljarar ha vore det som hindra henne i å få det siste løftet.

Om Trump no har opp og avgjort nominasjonsvalet allereie? Ann Selzer er ikkje så sikker:

– Rolla Iowa har fått i desse nominasjonsvala er kanskje ikkje først og fremst å stake ut kven som blir den store vinnaren – Iowa vél som regel ein annan enn den som vinn nominasjonen til slutt – men å hjelpe ut kandidatar som ikkje kjem til å klare seg, seier ho, og ler.

– Vi er hyggelege, men avvisande: «Kom deg ut».

Det spørst om Ron DeSantis og Nikki Haley opplevde meldinga dei fekk frå Iowa-veljarane denne iskalde valkvelden spesielt hyggeleg.



Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar