Kommentar

Slik kan FN-domstolen stanse Israel

Skuldingane om at Israel driv folkemord på palestinarane har allereie fått konsekvensar for krigen mot Hamas.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Torsdag og fredag denne veka er heile verdas blikk retta mot eit prangande palass i den mellomstore, nederlandske byen Haag. Inne den vakre nyrenessansebygningen med namnet Fredspalasset har veggane opp gjennom historia sett og høyrt vitnemål om dei mest grusomme brotsverk mellom menneska.

Denne gongen er det dei potensielle brotsverka i den israelsk-palestinske konflikten som hamna under FN-dommarane si juridiske lupe. Denne gongen skal dei finne svar på spørsmålet: Er det grunnlag for å opne realitetshandsaming av folkemordskuldingane mot Israel? Svaret kjem sannsynlegvis om eit par veker.

PR-siger for palestinarane

Skulle domstolen lande på at det er grunnlag for ei ekte rettssak, vil Israel måtte førebu seg på ein årelang rettsprosess i FN-domstolen (ICJ).

For palestinarane vil det bety ein av dei største PR-sigrane i kampen for ein sjølvstendig stat. Det vil òg vere ein heilt handfast juridisk siger, og oppreising for alle sivile offer.

Som folkerettsekspert Cecilie Hellestveit sa då ho nyleg besøkte Vårt Lands Midtausten-podkast: «Palestinerne har allerede vunnet dersom ICJ tar opp saken til realitetsbehandling». Då vil Israels krigføring bli stilt i ein heilt annan og langt meir alvorleg kategori enn tidlegare. Det vil få konsekvensar for alle land som meiner FN-domstolen i Haag har legitimitet. Det vil i praksis seie alle land vi her i Norge likar å kalle allierte og venlegsinna.

Israels paradoks er at sjølv om det sannsynlegvis ikkje finst prov for at det føregår folkemord mot palestinarane i Gaza, kan sjølve skuldingane legge eit så stort press på Israel at det vil få konsekvensar for krigen mot Hamas og israelsk politikk.

Israel vil som følge av ei slik sak få ei rekke restriksjonar, som til dømes å miste tilgangen på våpenkjøp frå mange land. Det vil dermed få direkte konsekvensar for Israels tryggleik.

Det var lenge knytt uvisse til om den israelske regjeringa ville stille for domstolen. I Israel har skuldingane blitt møtt med hoderysting og påstandar om at land som Sør-Afrika – landet bak saka mot Israel – er drivne av antisemittiske haldningar.

Holocaust-overlevaren i Haag

Israel valde å stille for domstolen med den erfarne dommaren og tidlegare høgsterettsjustitiariusen Aharon Barak. Han er mellom dei mest respekterte israelske dommarane innan internasjonal jus, er 87 år gamal og overlevde Holocaust. I Israel er han kjend som ein liberal forsvarar av demokratiet, spesielt etter striden om Netanyahus domstolsreform som har føregått dei siste åra.

Etter utnemninga til Haag har han frå fleire hald fått kritikk for å ha vore med på å «legitimere okkupasjonen av palestinarane» frå åra han var del av den israelske høgsteretten (1995 - 2006). Kritikken handlar òg om at den israelske regjeringa brukar ein som Barak til å kvitvaske seg i Haag, ettersom han er ein så varm forsvarar av det demokratiet Netanyahu dei siste åra har prøvd å øydelegge.

Ein annan måte å forstå det på, er at utnemninga av Barak òg viser at Israel – trass i all hoderystinga over folkemordskuldingane – tar FN-domstolens handsaming på høgste alvor. Den har allereie fått heilt reelle konsekvensar i israelsk politikk.

Det viser i det minste at Israel framleis har sensitivitet overfor internasjonal kritikk og press – i motsetnad til mange andre land som blir klaga inn for FN-domstolen i Haag.

I israelske medier – som hos liberale Haaretz og meir konservative The Jerusalem Post – vart høyringa i FN-domstolen sendt direkte.

Israels paradoks er at sjølv om det sannsynlegvis ikkje finst prov for at det føregår folkemord mot palestinarane i Gaza, kan sjølve skuldingane legge eit så stort press på Israel at det vil få konsekvensar for krigen mot Hamas og israelsk politikk.

Større rom til moderate krefter

Rettssaka i Haag har fått israelske leiarar til å auke presisjonsnivået. Til dømes måtte statsminister Benjamin Netanyahu denne veka klargjere at landet ikkje har intensjon om å okkupere Gazastripa permanent.

Det er grunn til å tru at også det militære presisjonsnivået har blitt skjerpa, ettersom verdas folkerettslege ekspertar no følger situasjonen på Gazastripa med argusauge.

Dei politiske konsekvensane av saka i FN-domstolen kan òg bli at ytterleggåande israelske politikarar på høgresida – som Itamar Ben-Gvir frå busettarrørsla – vil få redusert innflytelse. Han er blant dei som har snakka om å fordrive palestinarane frå Gazastripa, noko som no blir brukt mot Israel i Haag.

På den måten kan FN-domstolens handsaming bidra til å rydde opp i israelsk politikk og kanskje gje større rom til moderate krefter. I så fall vil det vere nok eit prov på at det internasjonale folkerettssystemet fungerer langt betre enn ryktet seier.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar