Kommentar

Demonisering gjer oss berre dummare og konfliktane djupare

Gjer du eit realt forsøk på å forstå «den andre sida» av konflikten i Midtausten?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Heilt frå morgontimane 7. oktober har den israelsk-palestinske konflikten atter ein gong opprørt oss.

Reaksjonsmønsteret var føreseieleg: Først viste mange omtanke med Israel som var ramma av terroren. Deretter ville mange uttrykke sympati for sivile palestinarar i Gaza, ramma av den brutale krigføringa.

Det følgde mønsteret for terrorens logikk, slik Dagens Næringsliv presist oppsummerte i ein nyleg leiarartikkel kor dei peika ut Hamas som dei politiske vinnarane av Gaza-krigen.

Granatar med demoniserande innhald

Der det i starten av krigen var fleire som framheva kor viktig det er å sjå konflikten frå fleire perspektiv, ser no mange menneske geografisk langt borte frå konflikten ut til å ha gravd seg ned i djupe skyttargraver. Der er det ikkje plass til mykje anna enn ladningane med argument som ligg klare.

Derifrå kastar dei granatar med demoniserande innhald ut på Facebook, Instagram og Tik Tok. Det er ikkje måte på kor umenneskeleg og vondskapsfull «den andre sida» er. Mange ser ikkje eingong ut til å gjere eit forsøk på å tenke at ein konflikt ha to partar for å eksistere.

Av og til kan det nesten verke som at israelsk-palestinske konflikten handlar om oss sjølv og kva side vi står på, meir enn dei ekte menneska som lengtar etter ein umogleg fred.

Kva side folk grev seg ned på, samanfell i stor grad med kva side dei stod på før 7. oktober. Det er som om det som skjer berre er med på å forsterke det ein allereie meinte. Dermed ignorerer ein del kva for gamechanger terroråtaket og den påfølgande krigen i realiteten er.

Menneskeleg å bry seg

Det er forståeleg at elendet opprører oss. Det skulle berre mangle. Vi er trass alt mennesker som lever under den same himmelen som borna i Gaza og Israel.

Derfor er det sikkert fint for folk å dele synspunkt på krigen i digitale plattformar. Det er urealistisk å forvente at desse meiningsytringane skal bli nyanserte eller objektive.

Samstundes er det verd å minne om at desse einsidige standpunkts-poseringane ikkje forandrar konflikten i Midtausten noko som helst.

Ikkje ein einaste israelsk politikar med makt lar seg overtyde til våpenkvile, av at du skriv at krigen IDF fører er driven av hemn eller ønske om folkemord.

Ikkje ein einaste Hamas-krigar lar seg overtyde til å leggje ned våpena av at du skriv på internett at dei er umenneskelege dyr.

Begge perspektiv kan ha snev av sanning

Frå Israels perspektiv er krigen ein forsvarskrig.

Frå Hamas’ perspektiv er krigen motstandskamp.

Ja, det finst legitime argument mot begge perspektiv som gjer dei langt meir problematiske.

Det tener likevel ingens sak å dehumanisere den eine eller andre sida.

Det er faktisk det lettaste verkemiddelet å ty til i ein konflikt. Slik historikar Marte Heian-Engdal sa til Vårt Lands podkast om Midtausten-konflikten nyleg: Kreftene som vil rive ned fredsprosessar har betre kår «fordi det ligg tiår på tiår med mistillit, fiendskap, kollektive traumer, ulik ideologi, individuelle traumer, ulik religion. Som krasjer og ekskluderer».

Å demonisere den eine parten i den israelsk-palestinske konflikten er ikkje originalt eller nyskapande. Det er del av ein tradisjon som har halde på sidan starten.

Dei «kjølige» nyansane

Det som tvert imot tener konfliktens eventuelle fredsduer og sivile, er om vi klarar å tenke at fleire ting er sant samstundes. Heian-Engdal meiner den siste krigen har gjort konflikten endå meir komplisert. Så komplisert at vi treng god tid og lange samtaler for å behandle den på ein skikkeleg måte i møte med kvarandre.

God tid og lange samtaler er vel den direkte motsatsen til sosiale mediers poseringskultur.

Tar vi ein kikk inn i verkelegheita på israelsk eller palestinsk side, ser vi på begge sider langt meir nyanserte og kompliserte verkelegheiter.

Der – i kommentarfelta på Facebook, historiane på Instagram eller trådane på Twitter – er dynamikken heller at det å snakke om nyansar, vert sett på med mistenksamt blikk. Er du ikkje fullt og heilt på rett side? Korleis kan du snakke om nyansar medan uskuldige born døyr?

Av og til kan det nesten verke som at israelsk-palestinske konflikten handlar om oss sjølv og kva side vi står på, meir enn dei ekte menneska som lengtar etter ein umogleg fred.

Nyansane dei einsidige går glipp av

Tar vi ein kikk inn i verkelegheita på israelsk eller palestinsk side, ser vi på begge sider langt meir nyanserte og kompliserte verkelegheiter.

I Israel stiller mange menneske no spørsmål ved om krigen mot Hamas vil føre til ei berekraftig løysing. Vil Hamas som politisk rørsle la seg drepe? Det er ikkje sannsynleg.

På palestinsk side er det fleire som stiller kritiske spørsmål ved måten Hamas har drive krigføring på. Det er usemje om kven som skal styre Gaza etter at våpena igjen stilnar. Hamas nektar å gå med på eit egyptisk fredsforslag som inneberer at palestinske sjølvstyresmakter (PA) overtek.

Slike nyansar og usemje går ein glipp av viss ein berre demoniserer og grev seg ned i skyttargravene.

Å søke kunnskap er ikkje det same som å ikkje bry seg.

Å vere nyansert er ikkje det same som å vere kald.

Å sjå ting frå fleire perspektiv er utelukkande positivt. Med fare for å overvurdere effekten av mellommenneskelege eigenskapar: Kanskje kan det til og med bidra til den freden israelarane og palestinarane sårt treng.







Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar