Kommentar

En skulle vøri julebukk i romjul’n

Den utdøyande tradisjonen med å gå julebukk har både kristne og heidenske røter. Tradisjonen bør likevel gjenopplivast, for barn har godt av å gå på dørene og synge for folk i romjula.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Visesongaren og forfattaren Alf Prøysen visste korleis det var å gå julebukk. Songen «Romjulsdrøm» handlar om korleis det er å vere barn, kle seg ut med masker og banke på som julebukk hos bestemor: «En skulle vøri fire år i romjul’n / Og kjint ei jinte som var nesten fem, / Og begge skulle kledd seg ut med masker / Og kømmi julbokk tel et bæssmorhem.»

Gleda var stor om eg som barn kunne kle meg i nissedrakt og synge kristne julesongar til folk i nabolaget. Då vanka det gjerne både frukt og sjokolade som takk for teksten og tonane. Den smakfulle løna var rein bonus, så spennande var bukkeverksemda i seg sjølv.

Om julebukkar flest har sunge salmar på dørene til folk, veit eg ikkje, men det har heller ikkje vore uvanleg med eit vers eller to av «Eit barn er fødd i Betlehem». At bukkane på dette viset har tala med englestemme om Frelsaren som blei fødd i Davids by, kan moglegvis reknast som eit lite juleunder. Røtene til den norske julebukktradisjonen er nemleg ikkje berre kristne, men også heidenske.

Norrøn og gresk mytologi

Historia om julebukken går i norsk samanheng attende til guden Tor frå norrøn mytologi. Tor hadde to bukkar spent framfor vogna som drog han over himmelen. Når bøndene seinhaustes slakta ei geit for å feire avlinga, symboliserte geita Tors bukkar. Seinare blei det tradisjon at ein geitekledd skapnad gjekk rundt på nabogardane for å sjekke at juletradisjonane blei følgde. Først seinare blei dette til heile opptog som drog rundt og fekk servering på gardane, men også vikingane skal ha kledd seg ut i dyreham og gjort ablegøyer etter å ha tatt grundig for seg av mjød og ete seg mette på grisesteik.

Også den greske mytologien spelar inn på europeiske julebukktradisjonar, med bukken som symbol på fruktbarheit. Drikkegilde med filosofiske samtalar, rein kappdrikking og teaterspel svingar seg ut av den greske guden Dionysos’ kappe. Den klassiske tragedien vi kjenner frå teateret kjem truleg frå dei greske orda for «bukk» (tragos) og «song» (ode), og kan såleis omtalast som «bukkesong».

At det var slike sjangrar vi med klåre betlehemsrøyster var inne på i gamle dagars julebukkromjul, var det nok ingen av oss som visste. Vi berre song om Jesusbarnet, vi. Folkereligiøsitet og heidensk arvegods smelta saman med den kristne julebukktradisjonen heilt utan vår innverknad. Ikkje med Alf Prøysens innverknad, heller.

Barndommens idyll hadde moglegvis vore ein annan om vi hadde kjent betre til skikkane frå tidlegare tiders julebukkgang. Tanken var frå gamalt å kle seg ut som mørke «entitetar» for å uskadeleggjere eller skremme dei bort. Julebukkgangen var ein slags folkeleg versjon av sjølvaste Åsgårdsreia, den larmande flokken av gjenferd og troll som etter folketrua dundrar gjennom lufta ved juletider.

Skremmande bukkefølgje

Det opphavlege julebukkfølgjet skulle med andre ord vere skremmande. Dette er ein funksjon som i mangt kan seiast å vere overtatt av den langt nyare Halloween-feiringa, der barna kler seg ut i skumle drakter og ber om knask for ikkje å utsette dei husbuande for knep.

Sjølve bukken var i julebukkgangen nærverande som eit hovud festa på ei stang, mens personen som heldt stanga hadde eit geiteskinn over seg. Det er kanskje ikkje til å undrast at denne geiteskapnaden av somme er blitt samanlikna med djevelen. Denne tanken kjem siglande inn frå dei kristne mysteriespela i mellomalderen, og frå katolske stjerneopptog der ein komisk djevelskapnad var like naturleg til stades som dei tre vise menn.

Desse mildt sagt bekymringsfulle konnotasjonane til julebukken forsvann etter kvart ut av den tradisjonelle markeringa, som utover på 1800-talet utvikla seg til å bli ein del av barnekulturen. No var det ikkje lenger skummelt utkledde ungdommar som kom på dørene, men uskyldige barn som song julesongar og blei løna for det med bollar og saft.

Det er denne julebukktradisjonen som kling så vakkert i Alf Prøysens rørande vise, og som dei fleste av oss nostalgikarar framleis drøymer om når det blir romjul: «Så sku vi klampe inn på høge hæler / Og kvinke julbokkmål: ‘Godkvell, godkvell’. / Og djupt i stolen sku a bæssmor svara: / Så kom det julbokk åt en stakkar lell!»

«Tradisjonen burde gjennopplivast»

Eg blir derfor ikkje kvitt tanken om at julebukk er ein tradisjon som det ville vere synd om skulle bli borte. Inntrykket mitt er at tradisjonen allereie er døyande, ja, nesten borte, sjølv om det framleis finst ein og annan entusiast som på denne tida av året finn fram nissedrakter til ungane sine og sender dei ut for å synge julesongar i snødrevet.

Å gå julebukk burde vere ein tradisjon vi ønskte å ta vare på. Kanskje ikkje så mykje på grunn av dei tvilsame røtene. Men barn har godt av å banke på døra til naboane sine ein gong i året og synge av hjartans lyst. Og naboane har godt av å høyre, la barnesongen verke på sjel og sinn.

Andre kan også bli det gode til del. Speidarane i KFUK-KFUM er ikkje dei einaste som har drive det stort med julebukkgang sidan midten av 1960-talet, men er kanskje dei som har samla inn mest pengar til naudhjelpsarbeid. Då eg sjølv stod på eit slags høgdepunkt i mi eiga speidarkarriere på begynninga av 1990-talet, hadde speidarane allereie samla inn over 7,5 millioner kroner til ulike UNICEF-prosjekt for vanskelegstilte barn. Eg veit ikkje kor mange barn som har fått hjelp av norske julebukkar gjennom tidene, men få er det ikkje.

I dag ligg altså julebukken brakk. Vi ser berre glimta att etter han, som i dei svenske halmfigurane i juledekorasjonane. Og innimellom kling framleis eit lite julevers frå av ei av bygdene på Sunnmøre, der tradisjonen med å gå julebukk er registrert frå 1500-talet av.

Tradisjonen burde gjenopplivast. Ikkje minst som ein gest til alle fireåringane i landet vårt, og til alle fireåringane som Prøysen skreiv om i 1964. Dei fireåringane er i ferd med å bli pensjonistar no, ein ny generasjon med bestemødrer og bestefedrar som kunne tatt imot nye små julebukkar på dørene. Som Prøysen song det: «En skulle vøri fire år i romjul’n / Da julelysa brente dagen lang / Da væla var et hus med fire vegger, / Og saligheta var et bessmorfang.»

Folkereligiøsitet og heidensk arvegods smelta saman med den kristne julebukktradisjonen heilt utan vår innverknad.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar