Kommentar

Samanliknings-bonanzaen om Midtausten-konflikten er respektlaus og farleg

Dei gjentekne forsøka på å samanlikne Russlands invasjon av Ukraina med Israels kamp mot Hamas, viser ei nesten total mangel på forståing av begge konfliktane. Samanlikningane viser heller ikkje respekt for offera.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Russland og Israel blir hyppig samanlikna for si krigføring i høvesvis Ukraina og på Gazastripa. Det vitnar mest om ei grotesk form for kunnskapsmangel, som går utover dei som allereie lir.

Det kan verke som målet til kritikarane av det påståtte hykleriet er å få fram ei kjensle av at dei fleste gjer forskjell på ukrainar og palestinar, ved å kritisere Putins regime meir enn den israelske regjeringa.

Krig er grusomt uansett

Det viktigaste først: Israel må stanse bombinga som rammar sivile. Krigen mot Hamas må enten bli utkjempa med mykje større militær presisjon, eller stanse. Å halde fram som no er ikkje akseptabelt. Det er sivile som må betale prisen. Krigføringa vil neppe gje Israel meir tryggleik enn fredsforhandlingar uansett, så det er berre å kome seg til forhandlingsbordet først som sist.

Det er også kanskje den viktigaste likskapen mellom dei to konfliktane: Krig er grusomt, fordi dei som betalar den høgste prisen er dei som ikkje har makt over kampane. For å parafrasere den tyske jagarflypiloten Erich Alfred Hartmann frå 2. verdskrigen: Krig er ein stad der unge menneske må døy på slagmarka, på grunn av overtydingane til eldre menn.

Både i Midtausten og i Ukraina har krigane potensial til å destabilisere større delar av verda, og dra fleire aktørar inn i valdsspiralen. Begge stader er det per no vanskeleg å sjå føre seg ei varig forhandlingsløysing.

Der stoppar også samanlikningane.

Falske premiss kan radikalisere

Det er heldigvis slik at dei fleste menneske i vestlege land meiner krigane må stoppe, både i Ukraina og i Midtausten. Unntaket er kanskje i USA, der det offentlege ordskiftet i større grad har ei klar slagside på Netanyahu-regimets side. Her heime blir det likevel bygd falske motsetnader i den offentlege debatten som gir inntrykk av at mange ikkje bryr seg om palestinarane.

Målet er kanskje å mobilisere. Problemet er at det også kan radikalisere.

Problemet med desse samanlikningane mellom Israel og Russland er at dei svekker inntrykket av lidingane begge stader.

Falske premiss kan gje grobotn for livsfarlege haldningar: Terroristen som nyleg drap turistar i Paris, sa han var opprørt over vestleg dobbeltmoral overfor palestinarane.

Fleire burde vite at dei smaklause samanlikngane ikkje er bygd på fakta.

Ukraina og Hamas liknar ikkje

Samanlikningane bygger mellom anna på ein utskjelt artikkel frå New York Times som sa at dobbelt så mange kvinner og born er drepne i Gaza så langt som i Ukraina. Ein av hovudgrunnane til det er at FN har liten oversikt over tapstal i dei områda av Ukraina som Russland har erobra. Det er dessutan forskjell på stadfesta drepne (som tala frå Ukraina baserer seg på) og anslåtte tapstal (som tala frå Gaza baserer seg på).

Det har gått så langt at utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) sa til VG: «Hvis vi kritiserer Russland for maktbruk i strid med humanitærretten i Ukraina, men ikke kritiserer når våre venner gjør det samme, da kommer ingen til å tro på oss». Fleire har kritisert USA og vestlege land for å ikkje kritisere Israel.

Utanriksministeren presiserte i intervjuet at han forstod forskjellen mellom dei to konfliktane, men det er det mange andre som ikkje gjer. Han har rett: I mange afrikanske land opplever dei at vestlege land er meir opptekne av dei ukrainske krigstapa enn av lidingane på Gazastripa og Vestbreidden. Det er desse som kjem med dei sterkaste skuldingane om vestleg dobbeltmoral.

Det betyr likevel ikkje at samanlikningane mellom Russland og Israel held mål.

Ukraina gjennomførte aldri terrorangrep mot Russland før krigen byrja i 2014 eller før den store invasjonen i 2022. Ukraina har heile vegen søkt fred med den store naboen i aust – som då dei gav frå seg heile arsenalet med atomvåpen etter sjølvstendet i 1991. Det frie Ukraina rusta ned.

Samanlikningane talar mot Hamas

Hamas har i heile sin eksistens søkt valdeleg kamp mot Israel. Då islamistane fekk kontroll over Gazastripa i 2005, rusta dei til meir kamp. Dei stadige rakettåtaka talar sitt tydelege språk. Det ser nesten ut til at målet har vore Israel skulle invadere gong på gong, heller enn fridom og sjølvstende.

Alle oppegåande menneske må slutte med desse samanlikningane. Dei tener verken palestinarane eller ukrainarane.

Ukrainske styresmakter har aldri sagt at dei ønsker å frigjere Russland frå Sankt Petersburg til Vladivostok. Hamas-slagordet «from the river to the sea» fortel ei anna historie. Mellom Jordan-elva og det austlege Middelhavet ligg som kjend også Israel.

Ein del som enten bevisst eller ubevisst støttar opp om Hamas sin propaganda, meiner samanlikningane mellom Ukraina-krigen og Midtausten-konflikten talar til fordel for deira sak. Mykje tyder på at det faktisk er heilt motsett.

Forsøk på å vinne billig propagandasiger

Hamas har – både i intervju gitt til pressa den siste tida og i sitt charter – gitt tydeleg uttrykk for at den israelske staten bør opphøre å eksistere. Den argumentasjonen har store likskapar med korleis Vladimir Putin snakkar om den ukrainske staten. Han vil ha den bort, og har gjort det klart at han ikkje meiner det finst noko ukrainsk folk. Både Hamas og Puitn har store problem med å anerkjenne motpartens eksistens.

Vi bør absolutt kritisere Netanyahu-regimets busettingspolitikk på Vestbredden med sterke ord, men å sei at den liknar Putins brutale overtaking av Donbass, blir heilt bak mål. Putin-regimet har også spreidd rundt seg med påstandar om at det føregår eit folkemord, regissert av den ukrainske regjeringa, mot russisk-talande innbyggarar heilt aust i Ukraina. På same måte ser vi no folkemord-omgrepet bli tømt for innhald også i Midtausten.

Problemet med desse samanlikningane mellom Israel og Russland er at dei svekker inntrykket av lidingane begge stader. Det reduserer vår felles oppfatning av lidingane til ukrainarane og palestinarane på same tid, ved å legge falske premiss til grunn for argumentasjonen. Samanlikningane bidreg til å tåkelegge to desperate situasjonar der sivile lever under forferdelege kår heilt uavhengig av kvarandre, i eit forsøk på å vinne ein billig propagandasiger.

Alle oppegåande menneske må slutte med desse samanlikningane. Dei tener verken palestinarane eller ukrainarane.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar