Kommentar

TV-serien Makta handlar vel så mykje om dagens Ap

Det er ikkje berre kulissene i NRK-suksessen Makta som speglar Norge anno 2023. Det må vere ubehageleg og i overkant verkelegheitsnært for dagens Ap-toppar å sjå serien.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Serieskaparane seier sjølv at Makta handlar om desperat maktkamp i Arbeidarpartiet på slutten av 1970-talet. TV-serien påstår å vere ei god blanding av sanning, løgn og dårleg hukommelse. Gro Harlem Brundtland seier «ho kjende seg igjen». Kanskje vil Jonas Gahr Støre tenke det same, men neppe tørre å innrømme det høgt.

Det er vanskeleg å ikkje legge merke til at TV-serien, som er politisk satire på sitt aller skarpaste og mest underhaldande, også kjem med ganske presise stikk mot dagens situasjon i partiet.

Kopien av Giskes dansescene og 2023-kulisser

Det mest opplagte er dei visuelle likskapane.

Som då karakteren til Einar Førde kopierer Trond Giskes dansevideo frå Bar Vulkan, eller den nølande partileiinga i møte med veljarflukt og intern frustrasjon.

At det er eit moderne Oslo i bakgrunnen for fleire av scenene, er med på å forsterke inntrykket av ein TV-serie som ikkje nøyer seg med historiske tilbakeblikk.

I første episode står partisekretær Ronald Bye i den berømte vareheisen og seier at partiet blør veljarar «left and right». Det er ikkje vanskeleg å førestille seg noverande partisekretær Kjersti Stenseng uttale noko liknande bak lukka dører.

Fleire av dei mest openberre likskapane er tilfeldige, men likevel særs treffande:

Jonas Gahr Støres regjeringsrokade i oktober, den der statsministeren trong ny energi i regjeringa på grunn av dei dårlege målingane og mellom anna ofra ei kvinne frå Akershus.

Den kom rett før episoden med ein liknande regjeringsrokade, der fiksjonens statsminister Odvar Nordli ville skape ny giv om regjeringa si og derfor ofra ei kvinne frå Akershus.

Støre prøver nok til forskjell frå Steen og Nordli å satse på yngre talent i partiet, medan dei sistnemnde i større grad gjorde endringane for å tvihalde på eiga makt.

Det same gjeld scena i femte episode der Gro dreg til Dovre for å møte redaktørane på Norsk Arbeiderpresses årsmøte. Gro fortel redaktørane at Ap slit og at dei ikkje må undervurdere korleis høgresida sin bodskap går heim hos folk. Tre dagar etter denne episoden kom, drog den verkelege Tonje Brenna til Dovre for å møte arbeidarrørsla. Tittelen på Aftenpostens sak om Brenna derifrå var at «hun lager politikken som skal gjenreise Ap. Åpner for å gjøre ‘justeringer’ i formueskatten».

Det er også berre tilfeldig at Tonje Brenna kjem frå den symboltunge Ap-staden Jessheim, heimstaden til skandalemakaren og møbelhandlaren Arvid Engen.

Sosialdemokratiet møter ei ny tid

Av dei mindre visuelle og meir usynlege likskapane, ser vi konturane av ein kamp om partiets sjel, mellom krefter som dreg partiet mot høgre og venstre.

På byrjinga av 80-talet var folk på venstresida skeptiske til Gro Harlem Brundtlands bakgrunn, som høgt utdanna lege med Høgre-ektemann. Ho vart rekna av fleire som eit høgreavvik. Det er som om vi kan høyre ekko av den debatten i Ap-korridorane i snakket om dagens leiing.

I TV-serien møter vi eit parti som slit med å fylle rolla, etter stordomstida der Ap-bautaen Einar Gerhardsen bygde Norge med stø oppslutning på over 40 prosent. Sosialdemokratiet var på slutten av 70-talet i ferd med å gå inn i ei ny tid. Skulle partiet sjå bakover eller framover etter svar?

Det finst ingen stor møbelhandlar i Støres apparat, men mange små. I

Til dømes er dette illustrert med den sterkt kraftsosialistiske karakteren til Bjartmar Gjerde i serien, som kanskje finn sin makker i notidas Jan Christian Vestre. Gjerde ville bygge ut det som fanst av fossefall og elver, for å sikre næringsliv og arbeidsplassar. Nyleg sa Vestre at han hadde fått nok av korleis delar av norsk venstreside snakkar om næringsdrivande: «Uten vekstkraftige bedrifter rundt i hele landet som tjener penger, så er det ikke noe igjen å fordele».

Sjølv om det er vanskeleg å samanlikne Jens Stoltenbergs epoke som Ap-leiar med Gerhardsens, ser vi konturane av liknande forventingspress mot dagens Ap.

Gerhardsen hadde flydd høgt, medan Steen, Brundtland og Nordli streva med nye utfordringar. Det som møtte Jonas Gahr Støres parti på 2020-talet var noko tøffare enn det som gav Stoltenberg luft under vengene på det raudgrøne prosjektet i 2005.

Mange små møbelhandlarar i 2023

Maktkampane mellom Reiulf Steen og Gro Harlem Brundtland har fått evig liv som legendeforteljingar i Ap. Mykje på grunn av det som viste seg å vere ein edderkopp av ein møbelhandlar ute på Jessheim som fôra media med lydopptak frå private samtalar med Ap-toppane.

Det finst ingen stor møbelhandlar i Støres apparat, men mange små. I dag kan alle spele den rolla Arvid Engen spela, takka vere smarttelefonane i lomma. Dei færraste tar lydopptak av møter, sjølv om det tydelegvis framleis skjer i Arbeidarpartiet.

Lekkasjar er ikkje uvanleg i politiske parti – heldigvis for oss i pressa. Det uvanlege er at lekkasjane ser ut til å ha ei tydeleg og bestemt hensikt: å svekke statsminister Støre.

Det er sannsynlegvis ingen som tar lydopptak av samtalane med Ap-leiaren og sender dei til Dagbladet og NRK, men det sentrale apparatet til Ap lekk likevel som ei sil.

Det såg vi til dømes førre veke då Aftenposten fekk tak i eit fortruleg notat som sirkulerer i Ap-leiinga. Eller alle lekkasjane som kom i høve at Jonas Gahr Støre skulle utnemne nye statsrådar til regjeringa. Det var ei av dei mest offentlege diskusjonane om utnemning av nye statsrådar nokon gong, takka vere alle lekkasjane.

Nokon må ha snakka saman

Lekkasjar er ikkje uvanleg i politiske parti – heldigvis for oss i pressa. Det uvanlege er at lekkasjane ser ut til å ha ei tydeleg og bestemt hensikt: å svekke statsminister Støre.

Det mest tragikomiske utslaget av dette så vi då Dagbladet kunne fortelje at det hadde vore oppvaskmøte om alle lekkasjane: Saka var basert på ein lekkasje.

No skal partiet evaluere seg sjølv på ein stor strategikonferanse. Det spørs om det er nok til å fjerne inntrykket av maktkamp.

Uavhengig av evalueringa får vi inntrykk av at det føregår ein stille maktkamp i partiet, sjølv om alle sentrale aktørar held fast på at det er ro.

Det er vanskeleg å skyve unna kjensla av at nokon har snakka saman.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar