Kommentar

På kjøpesenteret handler det om å overleve. På nettet handler det om å bli lurt.

I det lange løp taper alle på Black Week. Men no skjer det i det minste på ein målretta måte.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

La meg seie det med ein gong. Eg kan ikkje fordra å handle på kjøpesenter. Men frå november av er det inga kompromissvilje, inga ventetid, inga nåde. Det er tid for svarteveka – Black Week – som komprimerer julehandel til sju sveitte dagar.

På kjøpesenteret er alle så velkledde. Og så fordømt hjelpsame. Treng du hjelp? Eg har ikkje sjølvtillit nok til å gi det ærlege svaret: Eg treng hjelp til å finne naudutgangen.

Min strategi er den same som når eg må fridykke etter kona sine solbriller som har ramla over ripa på båten. Hald pusten, gjer det du skal og kom deg opp att. Det står om livet. Overlevingstaktikken er grei nok: Målretta hurtig marsj rett inn til butikkhylla. Maks tre minuttars sveip over hyllene. Finn eg ikkje noko no, er det berre å dra. Hugs bytelapp, det er sjeldan tid til å finne riktig storleik.

Gåvepapiret raknar, på langs

Før eg får trekt pusten, må eg gjennom skjærselden – pakkedisken. Det første som skjer meg er at gåvepapiret raknar, på langs. Etter eit overforbruk av teip, er det tid for å lage vakre sløyfer av gåveband. Kunden før meg gjer det så irriterande elegant med saksa. Når eg er ferdig strekkjer det seg stive, stygge antenner av raude gåveband frå pakken.

At menn på min alder klager over kjøpesentre er lite nytt. Det er like føreseieleg som at artistar over 60 vil la seg fotografere i lett gange gjennom tørt haustlauv, som illustrasjon på kor djupt dei no reflekterer over seg sjølve og verda.

Kva for URL valte du i år?

Handel er annleis på nett.

Kvar ting på ynskjelistene kjem nå med sin eigen nettadresser, URL. Då kan ein sitje framfor peisen, drikke gløgg og klikke seg gjennom julehandelen. Familien får det dei ynskjer seg med stor presisjon. Og gåvene kan sendast rett til Bømlo, der dei ligg til modning før familien rykkjer inn over fjellet før jul. På julekvelden er spaninga knytt til kva for URL onkel valde i år.

Jau då, enkelte gåver må framleis pakkast inn, men no har ein tid og kanskje litt hjelp frå familie og rettleiing frå YouTube.

På nettet handlar det om å bli lurt

På kjøpesentrene handlar det gjerne om å overleve. På nettet handlar det om å bli lurt, og Google veit kva for knappar som fungerer. Det er lenge sidan algoritmane byrja å overtyde oss om at det er heilt naudsynt å handle ting du ikkje har bruk for.

Google veit at eg er ein mann, snart 45 år gamal. Eg har ein liten seglbåt som knappast vert brukt. Likar å sykle, med turambisjonar som langt overgår fritid og fysisk form. Likar sjangeren ikkje-kommersiell amerikansk country-musikk med tilhøyrande klesstil. Liker å sjå på videoar av godt gammaldags handverk som japansk møbelsnikring. Med andre ord: Eit veldig lett offer for sjølv primitive algoritmar.

Derfor har eg i båten ein stilig FM-radio, kjøpt til ein veldig god pris eit år før Norge gjekk over til DAB og skrudde av FM-nettet.

I år veit algoritmane at eg har lyst på sylskarpe stemjern. Då kan eg øve på å lage vakre tresamanføyningar i japansk stil, akkurat som på YouTube. Når eg får tid og plass til ein høvelbenk, truleg som pensjonist.

Halvparten av nettbutikkane vil ikkje ha Black Week

Me blir også lurt til å tru at me gjer eit knallgodt kjøp i november. Jau, det er mogleg å gjere eit kupp på Black Week. Men sanninga er at over tid taper alle på svarteveka, kanskje med unntak av reklamebransjen og Google.

Kvart år åtvarar Forbrukarrådet om butikkar som set prisane opp i månadane før Black Week, for deretter å setje dei ned att til eit «pangtilbod» verdt å kjempe for. For å unngå lureprisar må ein sjekke prishistorikken på kvar vare.

Dei store kjedane vil ikkje berre ha kundar, men også medlemmar. Mine siste par sko vart kjøpt i butikken, men prisen kom med ein føresetning av medlemskap i sportsbutikken. Eg gav frå meg informasjon som butikken kan bruke til å gje meg eit super tilbod på nytt telt, basert på tilråding frå Google.

Idag kan ein sitje på Sri Lanka eller i Kina og lage ei nettside på feilfritt nynorsk som hevdar å selje ullprodukter av villsau frå Austevoll

Trass all reklamen, er det feil at Black Week er ei velsigning for handelsstanden. Ifølgje ei undersøking frå 2019 utført for Prisjakt blant 133 nettbutikkar, meinte over halvparten at dei kjenner seg pressa til å delta på Black Friday eller Black Week-salet.

Det kan vere pengar å spare den dagen du handlar. Men om små butikkar taper pengar og går over ende, blir det mindre konkurranse og høgare prisar neste år.

Det er også lett å bli svindla. I dag kan ein sitje på Sri Lanka eller i Kina og lage ei nettside på feilfritt nynorsk som hevdar å selje ullprodukt av villsau frå Austevoll.

Har du tasta inn kortnummeret før du oppdagar at din nye ullsole berre er eit stelt bilete frå ein butikk som ikkje eksisterer, må du lite på at banken reddar deg.

Eg trivst eigentleg ganske godt som lett offer for algoritmane

Svindle året gjennom

Så kva er løysinga? Vi kan la vere å handle. Send pengar til naudlidande på Gaza-stripa eller krigsråka Jemen. Prioritere kvalitetstid med storfamilien framfor lågkvalitet frå Black Week. Det er aldri feil, og eg meinar heilt oppriktig at du då vil gjere verda til ein litt betre stad.

Men som lesaren no vil forstå, vil det vere hyklersk av meg å be andre kople seg av kjøpefesten. Eg er altfor materialistisk anlagt, og eg trivst eigentleg ganske godt som lett offer for algoritmane.

Black Week går mot slutten, neste veke er det nye tilbod i Cyber Week. Men ifølgje Vipps kan tilbodsvekene snart vere borte for godt. Algoritmane tar vekk litt av poenget med å samle tilboda til ei veke. For butikken kan det løne seg å lokke meg med «pangtilbod» når varene må ut. For dei uærlege i bransjen vil det vere meir å hente på å svindle heile året gjennom.

Kanskje eg i år skal ta ein liten pause frå algoritmane, og stikke innom ein fysisk butikk som ikkje masar om pangtilbod.

Draumen eg ber på er ein liten butikk der personalet veit kva dei sel og kva den rette prisen er. Og som etterpå pakkar inn gåva.



Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar