Kommentar

Jens Stoltenbergs nordiske historietime i stortingssalen

Til alle som prøver å overtyde Jens Stoltenberg om at fred ikkje er mogleg, svarar han med ei grotesk historie om Norden.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Stortingssalen var full av nordiske parlamentarikarar i høgtidsstemning i høve opninga av årets sesjon med Nordisk Råd. Framfor dei stod NATO-sjef Jens Stoltenberg og tala om kong Karl Johan. Plutseleg bad han dei snu seg og kike opp på statuen gamlekongen framfor Slottet.

«Han leia felttoget mot Norge i 1814», sa Stoltenberg med eit smil om munnen – til rungande latter frå salen.

Statuen av mannen som invaderte og okkuperte Norge

Han som ein gong invaderte og okkuperte Norge prydar vår viktigaste gate i hovudstaden.

Stoltenberg minna salen om at kong Karl Johan kanskje meinte han hadde krav på Norge, etter at Sverige få år tidlegare hadde mista Finland. Svenskekongen som har fått heidersplassen med namn og statue på hovudstadens parade er på den måten ei påminning om korleis dei nordiske landa har kriga mot kvarandre gjennom historia.

Det var ikkje mykje som minna om krig under denne vekas møte i Nordisk Råd. Til internasjonalt møte å vere, var stemninga meir som i eit jovialt familieselskap. Dei som var der var relativt trygge på at dei ville kvarandre vel.

Dei til tider store språklege forskjellane, ymse partibakgrunnane og mange landegrensene vert viska ut av det sterke nordiske verdifellesskapet.

Det verdifellesskapet har ikkje alltid eksistert.

Historielaust og farleg

På grunn av verdifellesskapet er vi ikkje i krig, tenker vi kanskje. Det er lett å tenke på nordisk samarbeid som noko som alltid har vore og alltid vil vere der. Som at det berre måtte bli slik.

Det er historielaust og farleg. Heller ikkje den nordiske freden har vore eller er evig.

Krig er like lite naturtilstand som fred er det. Krig er politikk og fred er politikk. Det er resultat av prioriteringar, maktkamp og politiske val.

Folk frå andre verdshjørne kan gjere same feil og tenke på det politiske fellesskapet i Norden som ei slags fabelaktig eventyrforteljing.

Innforstått ligg det ein tanke om at den fredelege harmonien som finst her oppe i det kalde nord, er umogleg å få til andre stader. At den nærast er gitt av geografien eller høgare makter.

Vrangførestilling med farlege konsekvensar

Det er kan vere ei vrangførestilling med farlege konsekvensar.

Stoltenberg fortalde dei nordiske parlamentarikarane at når han møter menneske frå område kor konfliktar framstår som umoglege å overkome – «der fiendane er så evige, og forakten så sterk» – så fortel han dei om Norden:

«Vi var fiender. Nå er vi venner. Med Nordisk Råd som ett av de fineste uttrykkene for det vennskapet. Da kan også andre bli venner, slutte å sloss. Og i stedet samarbeide og leve i fred. Fred er alltid mulig. Det er mitt budskap til dere i dag.»

Kor mange gonger dei siste vekene har vi ikkje høyrt folk som seier at det er umogleg for palestinarane og israelarane å lage fred? Kor mange har ikkje hevda at Russland og Ukraina ikkje kan leve som harmoniske naboar?

Dei stemmene treng motstand, fordi det rett og slett er historisk feil.

Meir som sameinar enn som skil

Viss fred var mogleg i Norden, er det mogleg andre stader òg.

Folkeslaga som er del av den palestinsk-israelske konflikten og den russisk-ukrainske kan lett samanliknast med dei nordiske. Felles kultur, store språklege likskapar og eit geografisk skjebnefellesskap.

I botn er det meir som sameinar enn som skil.

Det er lenge sidan Den store nordiske krigen, og dermed hamnar òg dei groteske detaljane frå krigens gru på lang avstand. Det gjer ikkje lidingane nokre mindre. Krigen er både den lengste og mest dødelege Norge har vore med i.

Under Karl 12. sitt første felttog i Norge våren 1716, var målet hans å erobre Norge. Dei svenske soldatane gjekk brutalt til verks. Fleire stader sette dei gardsbruk i brann, plyndra og øydela.

Under Carl Gustaf Armfeldts felttog mot Trøndelag i 1718 vart sivile trøndarar utsett for stor urett. Krigshandlingane førte til at avlingar gjekk tapt, og førte til hungersnaud.

Det manglar ikkje på overgrep, brutalitet og grusomheit i nordisk historie. Lenge før nokon byrja å tenke på Nordisk Råd var historia om vårt verdshjørne ei historie full av blod og drap, herjing og vald.

At vi ikkje tenker på det i dag, er nok heller fordi vi har gløymd historia, og at det er vanskeleg å sjå for seg dei bitre og blodige slaga som har vore kjempa nordisk jord.

Så kom freden.

Fred er ikkje noko som skjer automatisk

Den kom ikkje av seg sjølv. Den kom fordi vi jobba med demokratiet, grunnlover og rettar. Vi skapte samfunn som favoriserte små forskjellar, høg tillit og lite sosial naud.

Vi nordmenn liknar så mykje på svenskar, finnar, islendingar og danskar at fred måtte vere uunngåeleg?

Ein gong var Norden Europas Balkan. Det må vi aldri gløyme.

Stoltenbergs poeng var det motsette: Fred er ikkje noko som skjer automatisk. Den nordiske freden er ikkje gudegitt. Det var ikkje skjebnen som bestemte at dei nordiske representantane skulle sitte saman i ein sal og diskutere saker på sivilisert og fredeleg vis.

Den freden vi har i Norden kan fint kome til Ukraina og Midtausten. Det handlar om politiske val.

Ein gong var Norden Europas Balkan

I ein episode av radioprogrammet «Sommar i P1» på Sveriges Radio, snakka Jens Stoltenberg om korleis norske barn i dag går rundt statuen av svenskekongen som invaderte og okkuperte oss, med norske flagg og syng nasjonalsongen. Kvart år på 17. mai.

«For meg er dette uttrykk for norsk-svensk forsoning. Etter århundrer med krig, er vi blitt verdens beste vener».

Krig er like lite naturtilstand som fred er det. Krig er politikk og fred er politikk. Det er resultat av prioriteringar, maktkamp og politiske val.

Ein gong var Norden Europas Balkan. Det må vi aldri gløyme.







Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar