Kommentar

Økokrim kunne ikkje redde tilliten til Erna Solberg

Det største spørsmålet i Solberg-saka kunne ikkje Økokrim bestemme svaret på. Det mest sannsynlege er framleis at Solberg vil trekke seg som partileiar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er viktig å vere klar over at Økokrim berre vurderte ein avgrensa del av Solberg-saka då dei konkluderte med å ikkje opne etterforsking mot Sindre Finnes for innsidehandel.

Var det grunn til å tru at det hadde skjedd noko straffbart? Nei, sa Økokrim, om store delar av sakene.

Kan ikkje utelukke tilfelle av innsidehandel

Viss ein les heile Økokrim si grunngjeving, kjem det fram litt usikkerheit knytt til ei av investeringane. Denne er no forelda. Då Sindre Finnes investerte i selskapet Nordic Mining i september 2013, kan ikkje Økokrim utelukke at han sat på innsideinformasjon som påverka investeringa. På grunn av foreldingsfristen, vart denne saka forelda allereie 30. september i år.

Med tillit i politikken er det som med så mykje anna: Det som tar år å bygge opp, tar minutt å rive ned. Med andre ord: Det skal meir enn ei Økokrim-avgjerd til for å bygge den opp att.

Økokrims avgjerd var viktigare for Sindre Finnes enn Erna Solberg. Han er no fri frå strafferettsleg forfølging. Ho derimot, har det verste i vente

Det er på tysdag – då Erna Solberg skal møte til høyring i Stortingets kontrollkomité – om habilitet og aksjar, at vi får djupare innsyn den delen av saka som handlar om tilliten til Solberg.

Tilliten til Solberg er dramatisk skada

Solberg har jo som kjend sjølv erklært seg inhabil i mange av sakene ho behandla som statsminister. Korleis kunne ho vere inhabil i så mange saker? Korleis kunne ho ikkje vite at ektemannen investerte så omfattande i aksjar? Kva tillit kan folk ha til at ho ikkje skal bli inhabil etter 2025, viss ho blir statsminister igjen?

Det er mogleg å oppfatte Økokrims avgjerd om å ikkje etterforske Solberg som ein siger for henne, ektemannen og partiet. Fleire snakkar om ein letta Høgre-leiar.

Det er nok å dra det litt langt.

Heile saka har skada tilliten til Solberg dramatisk. I ei fersk Opinion-undersøking fredag morgon svara 62 prosent av dei spurde nordmennene nei på spørsmålet om Erna Solberg kan stille som Høgres statsministerkandidat i neste stortingsval. Så låg tillit har ikkje Høgre-leiaren hatt etter at ho blei statsminister i 2013.

Kunne vore meir positivt med etterforsking

At Økokrim heller ikkje kan utelukke at det var innsidehandel knytt til investeringa i Nordic Mining i 2013, er heller ikkje med på styrke tilliten til Solberg.

Det kan godt hende ei etterforsking som eventuelt enda med frifinning for innsidehandel, ville hatt større positiv effekten for tilliten til Erna Solberg, enn den avgjerda Økokrim kom med fredag morgon.

Kan folk ha tillit til Erna Solberg som statsminister igjen? Dessverre for Solberg var det ikkje noko Økokrim kunne bestemme fredag morgon.

Med tillit i politikken er det som med så mykje anna: Det som tar år å bygge opp, tar minutt å rive ned.

Med andre ord: Det skal meir enn ei Økokrim-avgjerd til for å bygge den opp att.

Vårt Land kunne torsdag vise til kjelder internt i Høgre som i aukande grad har byrja å peike på Ine Eriksen Søreide som etterfølgar til vervet som Høgre-leiar, den dagen Erna Solberg går av. Det snakket føregår foreløpig berre bak lukka dører.

Solberg går nok av før 2025

Det er få i partiet som tør eller vil gå ope ut mot Solberg, og det er semje om at Solberg må få avgjere tidspunktet for eigen avgang sjølv.

Før høyringa i Stortingets kontrollkomité på tysdag er det mest sannsynlege scenarioet framleis at Erna Solberg vurderer saka som så alvorleg for sin eigen tillit, at ho etter kvart vil trekke seg som Høgre-leiar.

Det er lite som tyder på at andre vil presse henne til å gå av. Det handlar om at ho som har leia partiet gjennom så mange år, og stått for den største suksessen til Høgre i moderne tid, ikkje vil ønske å bli ei belastning for sitt eige parti.

Det kokar uansett ned til det største og viktigaste spørsmålet i denne saka: Kan folk ha tillit til Erna Solberg som statsminister igjen? Dessverre for Solberg var det ikkje noko Økokrim kunne bestemme fredag morgon.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar