Kommentar

Feige om folkemord

Kvifor vik norske styresmakter unna i møte med endå eit historisk svært godt dokumentert folkemord?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For 90 år sidan – i åra 1932-1933 – sette Sovjets brutale diktator Stalins i verk ei målretta utsvelting av Ukraina, med minst 3,9 millionar døde.

Stalin tvangskollektiviserte landbruket i heile imperiet i 1929. Matproduksjonen sokk som ein stein og førte til hungersnaud med millionar av døde fram til 1934, også i område av Russland og Kasakhstan.

Men tragedien i Ukraina var av langt større omfang – og det av ein grunn som vi kjenner blodstanken av på nytt. I Ukraina handla det ikkje «berre» om å overta privat jord og kua bøndene. Han ville knekkja alt som heitte ukrainsk nasjonalisme. Stalin brukte svolt som dødeleg maktmiddel. Ukrainske bønder som gjorde motstand mot at staten tok all jord, vart deporterte – eller jamvel slegne i hel.

Til slutt kom hardhendte politifolk og partimedlemmer for å stela alt dei kunne finna av mat. Bønder som vart mistenkte for å ha gøymt unna korn, fekk husa gjennomsøkte: «De lette med metallstenger … de lette i komfyrer, brøt opp gulv og rev ned vegger», fortel Anne Appelbaum i den oppskakande boka «Rød sult. Stalins krig mot Ukraina».

Blei torturert

Dei som orkar, bør lesa boka. Appelbaum fortel alt historikarane veit og gjev oss sterke enkelthistorier som får det til å vrengja seg inne i meg: I Vinnytsia vart ein smed henta inn til landsbykomiteen fordi han skulle ha stole kornaks for å skaffa mat til tre svoltne barn. «De slo ham, torturerte ham, vred hodet på ham helt rundt og kastet ham ned trappen.» I Dnipropetrovsk vart nokre menn haldne i flammane i peisen heilt til dei tilstod å ha gøymt unna korn.

Dette er ei historie om ein menneskeskapt tragedie, politisk vedteken i Kreml. Målet for Stalin var – ein gong for alle – å løysa «eit farleg ukrainsk problem». Diktatoren ville knusa det som hadde vore av opprør etter at kollektiviseringa starta i 1929. Han ville svelta ut det ukrainske folket der motstanden var størst. Etter kvart som vinteren blei til vår i 1933 og matmangelen var på sitt mest grufulle, slutta bønder å gjera motstand. Svolten braut ned folk. Folk orka ikkje å protestera. «Vi venter på døden», er eitt av sitata i boka til Applebaum.

Den raude svolten var del av eit målretta angrep på ukrainsk identitet. Kulturelle, religiøse og politiske leiarar vart forfølgde. Mellom 1931 og 1936 slutta fleire tusen kyrkjer å fungera. Mange vart fysiske øydelagde. Bøndene som var i ferd med svelta ihel saman med koner og barn, fekk høyra at gudshus måtte nyttast som «kornlager». Ei løgn, sjølvsagt – kornet vart frakta til Russland.

Det er ikkje tilfeldig at Ukraina no ber Noreg signera på at den raude svolten var eit folkemord. Stalins omsynslause bruk av utsvelting for å knekkja ukrainsk motstand, vert etterfølgt av ein omsynslaus Vladimir Putin.

Stalin: «krig mot sovjetmakta»

Då hungersnauda var som aller verst, slo Stalin fast at dei som svalt i hel, slett ikkje var uskuldige: Dei var svikarar og sabotørar som hadde rotta seg saman og dreiv «krig mot sovjetmakta».

Kanskje har du ikkje lese historia før. Det hadde ingen i Russland lenge heller, ikkje før Mikhail Gorbatsjov, den siste presidenten i Sovjetunionen, losna på sensuren under glasnost i 1986. Journalistar i Russland hadde ikkje fortalt eit ord om tragedien Ukraina var påført. Vestlege journalistar som trassa sensuren, risikerte livet.

Ukraina brukar ordet «holodomor» – omgrepet kjem av dei ukrainske orda for svolt (holod) og utrydding (mor). Altså utrydding eller mord gjennom svolt. I Kyiv har Ukraina reist eit museum om holodomor.

På ein konferanse den 30. august la den ukrainske ambassaden i Noreg fram ei felles fråsegn om «folkemordet i årene 1932-1933 i Ukraina». I ein kronikk i Aftenposten grunngjev Berit Lindeman og Gunnar M. Ekeløve-Slydal godt kvifor Den norske Helsingforskomité skreiv under fråsegna som ber Noreg om å anerkjenna holodomor som folkemord.

Ukraina: Den raude svolten var eit folkemord

Det er ikkje tilfeldig at Ukraina no ber Noreg signera på at den raude svolten var eit folkemord. Stalins omsynslause bruk av utsvelting for å knekkja ukrainsk motstand, vert etterfølgt av ein omsynslaus Vladimir Putin: Med stridsvogner, kanoner og rakettar held dagens herskar i Kreml fram på prosjektet som Stalin, trass i millionar døde, ikkje lukkast med. Også Putin legg svikar-skulda på dei han vil ta livet av.

FNs definerer folkemord som ei brotsverk med siktemål heilt eller delvis å øydeleggja ei nasjonal, etnisk eller religiøs gruppe. Holodomor oppfyller definisjonen – millionar i Ukraina vart utsette for levevilkår som tok «sikte på fysisk å øydeleggja gruppa».

Folkemord er i folkeretten anerkjent som eit internasjonalt brotsverk som alle statar har plikt til både å hindra og straffeforfølgja. Om holodomor seier Utanriksdepartementet at det er opp til historikarar og domstolar å konkludera kva som er folkemord, ikkje politikarar. Grunngjevinga minner om motstanden mot å bruka ordet folkemord om det tyrkiske forsøket på å utrydda armenarane og andre kristne minoritetar frå 1915.

Om holodomor som folkemord seier eg med Lindeman og Ekeløve-Slydal i Helsingforskomiteen: Dommarar vil aldri få nokon frå Stalin-regimet på 30-talet på tiltalebenken. Historikarane har på si side gjort jobben. Det er alltid nye detaljar som kan gravast fram. Men det er ingen tvil verken om hovudtrekka i den politisk målretta tragedien eller om motiva: Stalin ville knekkja alt som var av motstand, nasjonale idear og nasjonale leiarar. Med svolt som massedrapsvåpen.

Anerkjent som folkemord

Kring 30 land har anerkjent holodomor som folkemord. Europaparlamentet og Vatikanet har også gjort det. Då parlamentet i Nederland sette seg på lista den 7. juli i år, sa president Volodomyr Zelenskij at det å kalla ting ved det rette namnet, er nøkkelen til rettferd – og til å hindra at slike brotsverk skjer igjen.

Når historikarane har gjort sitt og dommarane ikkje kan gjera noko, har politikarane framleis eit ansvar – for å æra offera og oppmoda til oppgjer med all politikk som kan føra til folkemord.







Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar