Kommentar

Partiet Sentrum har klart det KrF aldri greidde

Geir Lippestads parti har fått til ei bragd i Oslo og fleire andre folkerike kommunar. Historia om korleis dei klarte det er underkommunisert.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ingen trudde på Partiet Sentrum. Hovmodige politiske kommentatorar (som underteikna) skreiv mellom anna at partiet var «dømt til å floppe». Partiet vart kritisert for å mangle fiendar, saker og veljarar.

No ser det ut til at dei har skaffa seg litt av alle tre.

Det er fleire enn eg som må ete orda sine.

Det mest imponerande er korleis Geir Lippestad har sikra seg plass i bystyret i Oslo for partiet. Det kan reknast som ei politisk bragd.

Oslo-politikken er som Noregs mest folkerike kommune eit utstillingsvindauge til resten av landet. Utanom Folkeaksjonen mot bompengar ved førre val, er det få miniparti som har klart det same som Sentrum.

Plattform for vidare partibygging

Sentrum har berre klart å kapre seks andre mandat i resten av landets kommunestyrer, men fleire av dei er i folkerike kommunar som Lørenskog, Kristiansand og Drammen. Det gir partiet moglegheiter til å byggje parti og profilar fram mot stortingsvalet om to år, og neste kommuneval om fire. Kanskje vil vi høyre meir til profilar som Erik Rostoft i Kristiansand eller Sajid Mukhtar i Drammen dei neste fire åra?

I Drammen kan partiet ha fått ei avgjerande rolle ettersom Høgre treng fleire mandat for å stable eit stabilt fleirtal på beina. Mukhtar har etter valresultatet uttalt at partiet er klar for dialog og samarbeid med andre parti, noko som dermed kan sikre Sentrum sin første maktposisjon i norsk politikk.

Å bli hudfletta av ein profilert VG-kommentator kan vere særs effektiv valkamp, dersom du står støtt i di eiga sak. Det gjorde Geir Lippestad.

Korleis skjedde dette? Då partiet vart starta fekk Lippestad og hans gjeng kritikk for å vere vage om sin politikk. Partiet sa då at dei bygde sin politikk på FNs berekraftsmål og menneskerettane. Få er usamde i FNs berekraftsmål.

Trefte ei nerve blant muslimske veljarar

Kommune- og fylkestingsvalskampen deira var derimot klar og målretta. Sett utanfrå er det spesielt to element som har prega partiets valkamp: Kamp for likestilling for funksjonshemma personar og det partiet sjølv omtalte som «kampen mot koranbrenning og islamofobi».

Det første har vore synleg i alt av partiets materiell, profilering og blant kandidatane på listene. Det andre såg vi spesielt tydeleg då Geir Lippestad stilte i Dagsnytt 18 for å forsvare at partiet som einaste norske parti vil forby brenning av Koranen. Mange lét seg overtyde av denne linja.

Det fekk VGs skarpe kommentator Shazia Majid til å skrive ein tekst om politikarane sin kyniske bruk av koranbrenning. Ho gjekk så langt som å sei at det «å gjøre koranbrenning om til valgflesk er en samvittighetsløs lek med ilden».

Eit djupdykk i dei valkretsane med dei største gruppene av muslimske veljarar, viser sterke tal for partiet.

Plutseleg hadde Partiet Sentrum skaffa seg si første tydelege sak og dermed også fiendar. Å bli hudfletta av ein profilert VG-kommentator kan vere særs effektiv valkamp, dersom du står støtt i di eiga sak. Det gjorde Geir Lippestad.

KrF har tidlegare ved fleire høve snakka om å fri til muslimske veljarar i Oslo, utan å følgje opp med konkret politikk eller organisatorisk strategi. KrF fekk aldri mange muslimske tillitsvalde eller veljarar. Det ser derimot Partiet Sentrum ut til å klare på ein heilt annan måte.

Det er absolutt sider ved Partiet Sentrums frieri til muslimske veljarar som kan diskuterast, men det er mogleg at partiet her kan ha funne ei oppskrift på å skaffe fleire veljarar.

Sterke tal i enkeltkretsar

Eit djupdykk i dei valkretsane med dei største gruppene av muslimske veljarar, viser sterke tal for partiet.

I Stovner bydel i Oslo har partiet fått 6,3 prosent oppslutning. Det er hakk i hel på partiet Raudt, og meir enn sterke byparti som Venstre og MDG. I valkretsen Stovner videregående skole fekk partiet heile 10,1 prosent.

I den folkerike bydelen Søndre Nordstrand fekk partiet 4,4 prosent oppslutning. Der er valkretsen Bjørndal skole sterkast med 6,9 prosent. Den same tendensen ser vi i bydelar som Grorud, Alna – der mange med innvandrarbakgrunn bur.

Også i andre kommunar der partiet stilte til val, gjorde Partiet Sentrum det godt blant muslimske veljarar. Til dømes fekk partiet 10,5 prosent oppslutning i Fjell bydel i Drammen. Der er partiet berre slått av Ap og Høgre.

Mange parti har politikk om innvandring, men færre parti har politikk for innvandrarar. Det siste har Partiet Sentrum målretta seg på å ha, på premissene til muslimske innvandrarar.

Det har openbert treft ei nerve.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar