Kommentar

Filmen som har sett fyr på valkampen i Kristiansand er eit makkverk

Den nye filmen Perleporten har fått ufortent mykje merksemd. Det mest problematiske med den, er kor oppsiktsvekkande dårleg og svart-kvitt den er.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Allereie to månader før premieren skapte den nye filmen Perleporten debatt på Sørlandet. Då gjekk ryktene om at filmen skulle vere basert på den kontroversielle sørlandsgründaren Einar Øgrey Brandsdal. Han vart ifølge kritikarane framstilt som ein «onanerande, mental ustabil horekunde».

Etter å ha sett filmen er det vanskeleg å vere usamd i kritikken filmen har fått før premiera, mellom anna at filmen er eit slags mobbeprosjekt. Hovudkarakteren «Trond» har så mange likskapar med Øgrey Brandsdal og hans rolle i sørlandspolitikken, at det er umogleg å ikkje rekne filmen som eit nesten to timar langt karakterdrap. Det gjeld både rolla han har spelt i kristiansandspolitikken og det lokale næringslivet.

Rollefiguren «Trond» er derimot speleavhengig, impotent, ekkel, motbydeleg, einsam, åleine og egoistisk. Dessutan opptrer «Trond» akkurat slik mange har fordommar mot at konservative kristne gjer: prektig og rik, men framandfiendtleg og kjip. Det er vanskeleg å hugse ein rollefigur med fleire negative karaktertrekk.

Stereotypar og fordommar

Sørlandspastor Rune Tobiassen har derfor heilt rett i påstanden han kom med før filmen vart lansert, då han sa: «Av det lille som kommer frem i traileren gis man inntrykk av at det å vere kristen handler om å ‘ta seg sammen’, og at når man ikke klarer det så ender det i dobbeltmoral og hykleri». Filmen er akkurat så stereotyp og fordomsfull mot konservative kristne som frykta.

Sjølv om filmen liknar mistenkeleg eit karakterdrap, ligg den heilt innanfor ytringsfridomens grenser.

I ein sekvens midt i filmen speler tidlegare generalsekretær i Norsk Presseforbund og noverande administrerande direktør i Stiftelsen Tinius, Kjersti Løken Stavrum, rolla som journalist. Ho intervjuar rollefiguren «Trond» etter suksessen med netthandel, og konkluderer i eit talande spørsmål: «Når jeg ser rundt meg, ser jeg moral eller ser jeg dobbeltmoral?»

Eindimensjonal svart-kvitt-film

For i regissør Jonas Matzow Gulbrandsens film er verda akkurat så svart-kvitt og enkel. Enten eig du moral eller så eig du dobbeltmoral. Karakteren som openbert er inspirert av Einar Øgrey Brandsdal er heilt klart prega av sistnemnte, prøver filmskaparane å hamre inn i sjåaren.

Betre blir det ikkje at filmskaparane startar filmen med dei famøse orda «basert på en sann historie». Den kan ikkje vere sann så mange andre stader enn i hovuda til dei som har laga så eindimensjonale rollefigurar.

Den patetiske, spelegale og Jesus-tilbedande hovudrollekarakteren er så karikert at det einaste den kan bidra til er å forsterke fordommar og konfliktlinjer som allereie finst.

I det heile tatt verkar filmen uferdig, lite gjennomtenkt. Den kunne hatt godt av meir klipping, betre regi og scenografi. Sjølv om nokre av amatørskodespelararane i filmen klarar seg godt, fell for mange av dei heilt gjennom. Innimellom er det også scener som er interessante, men dialogane og scenene flest er så kunstige at det er vanskeleg å kjøpe heilskapen. Ikkje minst gjeld det skodespelar Morten Løge i hovudrolla, som nesten berre opptrer med eit stivt og litt sjokkert ansiktsuttrykk gjennom filmen.

Ideen bak filmen kunne jo skapt eit interessant produkt til ettertanke og refleksjon. Det har jo skjedd mykje problematisk i kristiansandspolitikken dei siste åra, med alt frå produksjonen av falske nyhende på Facebook-sida Sørlandsnyhetene til Vidar Kleppes framandfiendtlege parti Norgesdemokratene. Slike fenomen skal kunsten problematisere og utfordre.

Ikkje vellukka som satire

Det gjer derimot ikkje filmen Perleporten, trass all merksemda filmen har fått i tida før premieren. Den klarar ikkje få fram at karakterane i filmen er menneske av kjøt og blod.

Debatten i forkant av premieren har dreidd seg om det problematiske ved å framstille kunst basert på ekte menneske. KrFs ordførarkandidat i byen, Charlotte Beckmann Finnestad, har mellom anna oppmoda til å legge press på kinoen om å ikkje sende filmen. Sjølv om filmen liknar mistenkeleg eit karakterdrap, ligg den heilt innanfor ytringsfridomens grenser.

Sjølv har skaparane av Perleporten sagt at filmen er eit slags samfunnskritisk, satirisk prosjekt. Det er ikkje spesielt morsomt eller vellukka.

Den patetiske, spelegale og Jesus-tilbedande hovudrollekarakteren er så karikert at det einaste den kan bidra til er å forsterke fordommar og konfliktlinjer som allereie finst.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar