Kommentar

Putin har sidan starten vore meir bøddel enn politikar

Respekten for menneskeliv i Putins Russland er nær ved å ikkje eksistere. Hittil har Putins maktmetode med å drepe motstandarar fungert som han har ønska.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Onsdag vart flyet til Wagner-leiar Jevgenij Prigozjin skote ned av russiske styrkar, over byen Tver midt mellom Moskva og Sankt Petersburg. Det er liten grunn til å tvile på at det var Putins regime som stod bak. I følge kjelder på innsida av dei russiske tryggleikstenestene prøvde Prigozjin å motsette seg Kremls øydelegging av Wagner-gruppa.

Dermed gjekk det med Prigozjin som det har gjort med så mange andre før han. Ni andre russarar måtte også bøte med livet, fordi dei sat på same privatfly. Tre av dei var tilsette på flyet.

Det vil sei: Sannsynlegvis er Prigozjin død, men som med mykje annan informasjon frå Putins Russland kan vi ikkje stole heilt på at Prigozjin faktisk er død før vi har DNA-prov.

Alt for at Putins korrupte og rotne regime skal halde fram med makta.

Putins nådelause jakt på kritikarar

Heilt sidan starten har Putin vore meir bøddel enn politikar. Hans systematiske og nitidige ryddejobb starta allereie før han offisielt vart vald til president i år 2000.

La oss sjå nærare på fem av dei mest kjende som forsvann frå livet før Prigozjin.

Ein kald novemberdag i 1998 vart Galina Starovojtova skote i entreen til si eiga leilegheit i Sankt Petersburg. Åtte år tidlegare hadde ho avvist ein invitasjon om samarbeid med Putin, og hadde i åra etterpå kjempa for demokrati ved å avsløre omfattande korrupsjon i Sankt Petersburg som Putin var delaktig i.

Det mest provoserande er kanskje at all drepinga har ein brutal logikk: Den kontrollerer, passiviserer og nøytraliserer. Som maktmetode har den vist seg å fungere for Putin.

Anatolij Sobtsjak hadde lenge vore Putins mentor og læremeister i politikken. Han var mellom anna borgarmeister i Sankt Petersburg fram til 1996. Den frittalande politikaren var kanskje for frittalande. Då han dreiv valkamp for Putin i 1999 kom han i skade for å kalle Putin «den nye Stalin». Mykje tyder på at det kosta han livet. Vinteren 2000 var Sobtsjak på ei reise til den russiske enklaven Kaliningrad ved Austersjøen. Der vart han funnen død i hotellsenga. Sannsynlegvis hadde agentar smurt gift på nattbordslampa. Også dei to livvaktane han hadde med, hadde blitt dårlege. Seinare vart også to av KGB-agentane som reiste med Sobtsjak til Kaliningrad, drepne med skot på kloss hald.

Putin tar personleg kontroll

Spesielt ille har det gått med dei som har kritisert Putin offentleg. 7. oktober 2006 fekk den erfarne og kjende journalisten Anna Politkovskaja frå avisa Novaja Gazeta erfare det. Ho hadde drive kritisk og undersøkande journalistikk mot Putins krigar i Tsjetsjenia. Ho skulle gå inn i heisen opp til leilegheita si då ho vart skoten fire gonger i hovudet. Eit av skota trefte henne i hovudet på kloss hald. Ho vart funnen med handleposane liggande rundt seg. Fem menn vart sikta for drapet, men dommaren meinte det var eit bestillingsdrap. Dei hadde fått 150 000 dollar frå ein ukjend person ingen avslørte identiteten til.

Boris Nemtsov var kjend som ein ung reformator i Russland på 1990-talet. Mange tenkte Nemtsov kunne bli ein framtidig president. I 2011 stod han i leiinga for fleire store gatedemonstrasjonar mot Putin. Ein februarkveld i 2015, få timar etter at han hadde oppmoda til demonstrasjonar mot Russlands krigføring i Ukraina, vart han skoten fire gonger i ryggen på open gate i Moskva. Etterpå tok Putin «personleg kontroll» over etterforskinga, utan at drapsmannen vart tatt. Sannsynlegvis fordi han som bestilte drapet heiter Vladimir Vladimirovitsj Putin og er Russlands president.

Det er mange problem med Putins blodige metode. Eit av dei er at ingen kan kjenne seg trygge. Eit anna er at Putin ikkje kan drepe seg unna ansvaret for alle drapa han har stått bak. Ein dag vil dommens time kome, også for bøddelen i Kreml.

Advokaten Sergej Magnitskij sat på viktig informasjon om korrupsjon i det offisielle Russland. Etter å ha blitt arrestert, vart Magnitskij slått og banka opp på brutalt vis i fengselscella. Han vart òg nekta medisinsk behandling og døydde av skadene der i fengselet.

Vidare kan vi liste opp namn som Natalia Estemirova, Boris Berezkovskij, Stanislav Markelov, Anastasia Baburova, Alexander Litvinenko og Paul Klebnikov – for å nemne nokre.

Drap som maktmetode har fungert hittil

Sanninga er at ingen har heilt talet på kor mange menneske Putin-regimet har rydda av vegen dei åra dei har styrt Russland. Det er sannsynlegvis fleire enn vi veit om.

Då har vi ikkje eingong rekna med alle dei uskuldige menneskeliva som har gått med i Putins krigar i Tsjetsjenia, Georgia, Syria og Ukraina. Heller ikkje kva som skjedde i dei uklare omstendigheitene då hundrevis av menneske vart drepne i bombeåtak mot leilegheitskompleks i Moskva i 1999, terroråtaket mot Dubrovka-teateret i 2002 der 170 menneske omkom eller åtaket mot barneskulen i Beslan i 2004 der 333 liv gjekk tapt.

Det er snakk om tal høgare enn vi kan telje.

Det mest provoserande er kanskje at all drepinga har ein brutal logikk: Den kontrollerer, passiviserer og nøytraliserer. Som maktmetode har den vist seg å fungere for Putin.

At Jevgenij Prigozjin derfor var nestemann ut på Putins dødsliste, kom ikkje som noko overrasking. Han utfordra president Putin i eit slags mislukka opprør i juni, og signerte dermed si eiga dødsdom.

Fleire ekspertar – mellom anna Institute for the study of war, ISW – trudde Putin ikkje ville tørre å drepe Prigozjin fordi han frykta eventuelle represaliar frå Wagner-gruppa. No tyder mykje på at Putin har klart å skilje Prigozjin frå Wagner-gruppa tilstrekkeleg til at han kunne fjerne leiaren.

Heile vegen har desse drapa vore ein del av Putins oppskrift på makt. Igjen ser det ut til at han ved å drepe Prigozjin har styrka makta på kort sikt.

Det er mange problem med Putins blodige metode. Eit av dei er at ingen kan kjenne seg trygge. Eit anna er at Putin ikkje kan drepe seg unna ansvaret for alle drapa han har stått bak. Ein dag vil dommens time kome, også for bøddelen i Kreml.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar