Kommentar

Den stille, nasjonale valkampen viser ei sunn utvikling

I korridorane på Stortinget murrar representantar og rådgjevarar om at årets valkamp har vore så stille og sprikande. Det er fordi den meir enn nokon gong skjer lokalt, og det bør vi gle oss over.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For mange av ringrevane i den politiske manesjen er det knytt heilt spesielle forventningar til korleis ein valkamp skal sjå ut. Til dømes skal den handle om nokre få, utvalde tema som partia gjennom hardt arbeid klarar å sette på dagsorden i symbiose med dei største media. Den skal gjerne overskygge det meste anna, og for dei fleste i sentrale posisjonar betyr det jobbing i alle døgerets vakne timar.

Det har sjeldan vore stor forskjell på ein kommune- og fylkestingsvalskamp eller valkampane før stortingsval. Begge delar har i stor grad vore prega av nasjonale saker.

Dermed er det kommune- og fylkespolitikarane som har tapt merksemdskampen.

No, i slutten av august, pleier valkampen å vere på sitt mest intense på det rikspolitiske dansegolvet. I år er det ikkje slik, og mange klør seg i hovudet om kva som har skjedd.

Det er derimot lett å sjå at denne valkampen har vore annleis.

Valkampen skjer lokalt

Fleire politikarar har prøvd å dominere den ved å ri sine kjepphestar, som til dømes då Sylvi Listhaug bles i Frps hundefløyte om innvandring og kriminalitet. Ekstremvêret Hans stal sin del av fokuset frå valkampen. Støre-regjeringa valde i tillegg å annonsere ei av sine største saker i starten av valkampen, ved å sei at dei skal elektrifisere Melkøya-anlegget utanfor Hammerfest med fornybar energi. I debattprogramma har debattane sprika mellom alt frå konkrete saker som mobilforbod i skulen og gjenopning av stengde politikontor, til diffuse omgrep som det grøne skiftet og ulikskap.

Til forskjell frå tidlegare har nemleg denne lokalvalkampen vore prega av nettopp lokale saker. Dei nasjonale politikarane har måtte finne seg i å spele andrefiolin.

—  Emil André Erstad

Den nasjonale valkampen har dermed slått litt i alle retningar, og derfor blitt litt usynleg, utanom fokuset på nasjonale meiningsmålingar og partileiardebattar.

Der valkampen har vore relativt stille nasjonalt, har den hatt vesentleg meir trykk lokalt.

Til forskjell frå tidlegare har nemleg denne lokalvalkampen vore prega av nettopp lokale saker. Dei nasjonale politikarane har måtte finne seg i å spele andrefiolin.

Lokale stridssaker i sentrum

I storbyen Bergen har til dømes ein av sommarens og valkampens viktigaste debattar handla om det bør vere fast servering av utepils på Torgallmenningen. Det skjedde etter at fleirtalet i bystyret på våren opna for slik uteservering, medan fleire parti – mellom anna KrF og partiets unge førstekandidat Joel Ystebø – har argumentert for at den opne plassen midt i byen bør halde fram som alkoholfri sone. Det er er på mange måtar ein interessant verdidebatt med relevans langt utanfor Bergens grenser.

I sørlandskommunen Lyngdal har konflikten mellom rånarar og bygdefolk vore eit gjentakande tema for politikarane. Bør rånarane få ein eigen stad der dei kan bruke bilane sine fritt, slik at dei ikkje råkøyrer på offentlege vegar? Eller bør lyngdølane som rånar med bilane sine følgje reglane som vanlege folk? Debatten er relevant for mange norske lokalsamfunn, men er først og fremst eksempel på problem som bør løysast der problemet oppstår: lokalt.

At lokalpolitikarane stel fokuset i ein lokalvalkamp skulle eigentleg berre mangle. For demokratiet er det både viktig og riktig.

—  Emil André Erstad

På Evje og Hornnes i Agder – heimkommunen til KrF-aren Kjell Ingolf Ropstad – handlar ein viktig del av valkampen om det bør bli fire dagars skuleveke på barnetrinnet. Politikarane har vedtatt fem dagars skuleveke for 1. og 2. trinn frå 2022, men det er det sterke meiningar om. Argumentet for å gjere skuleveka lenger, er at skuledagane blir kortare. Høgre og KrF argumenterer for at fem dagars skuleveke er ein uheldig belastning på dei yngste borna.

På Giske i Møre og Romsdal har valkampen mellom anna handla om ein kristen friskule til besvær. Møre ungdomsskule søkte nemleg om å få starte ein kristen friskule på Giske. Fleirtalet i kommunestyret sa nei, etter at ungdomsskulen på Godøya vart lagt ned og alle ungdomsskuleelevane i kommunen vart samla på Valderøya. Partia i kommunen er usamde om elevar og foreldre bør få ein slik valfridom, eller prioritere løysingar som er billegare for kommunen.

Viktig og riktig at lokalpolitikarane stel fokuset

Og vi kunne halde fram med å liste opp liknande stridsspørsmål i kommune etter kommune, der også lokalmedia følgjer sakene tett og får folk til å engasjere seg. Den auka satsinga på lokalaviser har tydelegvis byrja å bere frukt.

Demokratiekspertar har bekymra seg for at lokalvala i Norge har hatt lågare valdeltaking enn stortingsvala. Lokalvala i høvesvis 2015 og 2019 viser ei positiv utvikling frå 60,0 til 64,8 prosent. Samanlikna med stortingsvala i høvesvis 2017 og 2021 på 78,2 og 77,2 prosent er det likevel eit stykke opp. Spørsmålet er om 2023-valkampen med større fokus på lokale saker kan bere bod om høgare engasjement også blant veljarane.

Det ser også ut til at lokalpolitikarane i større grad enn før klarar å nytte handlingsrommet i kommune- og fylkespolitikken til å lage politikk som ikkje nødvendigvis følgjer partilinja eller dagsordenen nasjonalt.

At lokalpolitikarane stel fokuset i ein lokalvalkamp skulle eigentleg berre mangle. For demokratiet er det både viktig og riktig.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar