Vi er betre enn vårt rykte – ei historie om håp
Blir du deprimert av å lese om krig, naturkatastrofar og matmangel? Her er ei lita historie om håp.
KATASTROFE: For snart ti år sidan var Filippinane råka av tyfonen Hayian. Eg reiste til Taclóban for å dekke katastrofa for Aftenposten. Vi såg aldri plyndring eller kriminelle bandar i gatene. Vi høyrde heller ikkje slike historier, sjølv om vi ikkje kan utelukke at det skjedde, skriv nyheitsredaktør Lars Inge Staveland.
Aaron Favila
For snart ti år sidan var Filippinane råka av tyfonen Hayian. Over 6300 menneske mista livet av den orkanen og dei enorme vassmassane som oversvømte heile byar. Som reporter for Aftenposten kom eg til katastrofeområdet saman med den erfarne pressefotografen Paal Audestad.
Det gjorde inntrykk. Stanken av lik som låg i gatene i byen Taclóban var noko av det fyrste som venta. Den ufattelege historia om borna som døydde då vatnet fylte skulen der dei hadde søkt ly for tyfonen.
Forventa eit samfunn i krise
Bestill abonnement her
KJØP