Kommentar

Høgres draumeval var for godt til å vere sant

Gode meiningsmålingar kan vere eit problem. Det får Erna Solberg no erfare.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Erna Solberg har visst det heile tida: At det som går opp, også går ned.

Dei historisk gode målingane gjennom det siste året kunne i verste fall representere eit problem for Høgre. Sjølv eit historisk godt valresultat kan bli opplevd som eit nederlag. Akkurat no ser det ut til å skje.

Det er også grunnen til at Høgre sine kandidatar til fylkesting, kommunestyrer og bystyrer har fått beskjed om å tone ned forventningane til valresultatet. Partistrategane har oppmoda dei lokale kandidatane om å ikkje la dei gode målingane gå til hovudet på seg.

Høgre har hatt målingar langt oppe på 30-talet. I Vårt Lands førre kommunemåling noterte partiet 31,7 prosent oppslutning. I målinga for august er Høgre nede på 25,2 prosent. Det er eit spektakulært bratt fall på 6,5 prosentpoeng, over dobbelt så mykje som feilmarginen på 3,2 prosent. Målinga er framleis langt over resultatet for 2019, men det er lenger bak i hukommelsen enn dei gode målingane det siste året.

For partistrategane i Høgre er det eit mareritt å falle på målingane inn i valkampen, fordi det i seg sjølv kan skape ein tendens for ytterlegare fall. Politikkens tyngdekraft er effektiv og brutal.

På mange måtar har fallet vore varsla lenge. Høgres oppslutning har vore kunstig høg. Erna Solberg har også visst at det ofte er liten samanheng mellom det ein les på grafane i ei meiningsmåling, og korleis politikarane sjølv kjenner at dei leverer. Ho og partiet har blitt skulda for å sitte stille i båten.

Dryppar ikkje på Arbeidarpartiet

Sidan Vårt Lands førre kommunemåling er det vanskeleg å peike på ein enkelt årsak til at Høgre skulle miste oppslutning. Tvert om er det regjeringa som har slite med negative saker gjennom skandalesommaren. Derfor er årsaka kanskje meir strukturell: No som valkampen er i gong, går både veljarane og partia inn i ein annan modus. Kvar gong meiningsmålingsinstitutt som Norstat ringjer veljarane, veit vi at veljarane tenkjer seg meir om jo nærare valdagen vi kjem. Dessutan er alle partia i ein mykje meir offensiv og oppsøkjande modus gjennom heile valkampen.

For partistrategane i Høgre er det eit mareritt å falle på målingane inn i valkampen, fordi det i seg sjølv kan skape ein tendens for ytterlegare fall. Politikkens tyngdekraft er effektiv og brutal.

Ein skulle gjerne tru at Høgres fall ville hjelpe Arbeidarpartiets oppslutning, då det er dit flest Høgre-veljarar frå sist no går. I Vårt Lands måling går likevel Ap tilbake til 20,6 prosent oppslutning, frå 21,3 prosent sist. Begge delar er langt under valresultatet på 24,8 prosent frå 2019.

Det er framleis Jonas Gahr Støres parti som ligg an til å bli valets store tapar, med mindre det berømte valkampmaskineriet slår inn og reddar stumpane.

Slaget er likevel ikkje tapt for Johansen og hans partifeller i dei store byane. Høgres tilbakegang gir nytt håp for sosialdemokratane.

På ei meiningsmåling av Norstat for Aftenposten i Oslo, var tala dårlegare for Ap enn nokon gong. Ifølgje nettstaden Poll of polls har ikkje Ap blitt målt så lågt i Oslo dei siste 14 åra. Nettstaden har ikkje tal som går lenger tilbake enn 2009.

Dermed spøkar det for Raymonds Johansens sjansar til å halde fram i jobben etter valet. Det same gjeld for Aps kandidatar i Bergen, Stavanger, Trondheim og andre store byar – dersom Vårt Lands siste måling slår til på valdagen.

Nytt håp for Raymond Johansen

Slaget er likevel ikkje tapt for Johansen og hans partifellar i dei store byane. Høgres tilbakegang gir nytt håp for sosialdemokratane. Dersom tilbakegangen signaliserer ein trend, kan det gi eit nervedrama på valkvelden.

Spesielt interessant blir det å sjå kva oppslutning Industri- og Næringspartiet landar på. I Vårt Lands siste måling ligg dei an til 3,8 prosent oppslutning. Deira profil ligg nærare borgarleg side enn venstresida, og kan dermed tenkjast å ville støtte Høgre-leia byar. Med nye småparti er det likevel alltid interessant å sjå kor haren hoppar.

For å sikre Høgre makt i dei store byane er det også viktig kva som skjer med dei tradisjonelle støttepartia Venstre og KrF. I Bergen er riktig nok Venstre alliert med Arbeidarpartiet, men i andre byar kan det sjå annleis ut. Der tendensen er at Venstre styrkar seg frå førre val, ser vi på målingane at det motsette skjer med KrF. Sjølv om det er ein liten oppgang frå førre måling til denne siste, er partiet framleis på 3,6 prosent oppslutning. I 2019 hamna dei på 4 blank.

Med 2025-valet i bakhovudet

For Olaug Bollestad er kommune- og fylkestingsvalet ein viktig målestasjon på vegen mot å gjenreise partiet i neste stortingsval om to år. For at det håpet skal leve, snakkar sentrale folk i KrF om at dei må over sperregrensa i lokalvalet. Akkurat no skal det halde hardt.

Det finst likevel lysglimt her og der, skal vi tru den erfarne analytikaren Johan Giertsen i Poll of polls. Han skildrar at KrF på fleire lokale målingar i starten av august har vist ein «løfterik inngang» på valkampen. Til dømes har partiet i to etterfølgjande målingar hos Fædrelandsvennen og KRS blitt målt over valresultatet frå 2019. Den same tendensen ser partiet i lokale målingar frå Oslo og Trondheim.

Uansett kva som skjer på valkvelden, er det grunn til å tru at partileiarane Erna Solberg og Jonas Gahr Støre vil følgje tett med på kva som skjer i dei store byane. Makt der, gir ikkje berre moglegheit til å gjennomføre partiets politikk i stor skala som lokale utstillingsvindauge. Det er også her dei fleste veljarane bur, og som dermed gir ein indikasjon på kven som kan vinne i 2025.






Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar