Kommentar

«Mafiatiltale» mot Trump

Donald Trump er i rettstrøbbel. Igjen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Natt til tysdag norsk tid annonserte påtalemynden i fylket Fulton i Georgia at dei vil tiltale Trump og ikkje mindre enn atten personar for hendingar i og knytt til delstaten etter 2020-valet. Hovudvekta av tiltalen dreier seg om organisert kriminalitet. Den såkalla RICO-loven kjem vanlegvis til nytte når ein skal rettsforfølgje mafiaverksemd. Her trer den i funksjon fordi statsadvokat Fani Willis meiner å kunne vise at den tidlegare presidenten og hans atten medtiltalte for alle formål utgjorde ein kriminell organisasjon, og at dei tilknytt enkeltpersonane utførte ulik ulovleg aktivitet for å nå eit felles mål: Å støyte om valresultatet i delstaten Georgia, og slik påverke utfallet av 2020-valet.

Organisert kriminell aktivitet

Det 98 sider lange tiltaledokumentet går steg for steg gjennom mykje av aktiviteten til dei nitten tiltalte frå valet og til slutten av 2020, i tidvis svært stor detalj. Hensikta er å sette dei i ein større samanheng og slik etablere at sjølv om kvar enkelt handling ikkje nødvendigvis var straffbar, utgjer dei til saman prov på organisert kriminell aktivitet. Mykje av denne tiltalen er kjent stoff frå den omfattande føderale saka om Trump og medtiltalte sine handlingar etter 2020-valet og i samband med opptøyane i Washington D.C. 6. januar 2021, der forsøk på å omgjere valresultatet i fleire delstatar, også Georgia, er gjennomgått i detalj.

Det er uklart kva formål det vil tene å køyre denne saka på delstatsnivå samstundes som et går ein føderal sak som handlar om det same. Det vi veit, er at der ein sitjande president – til dømes Donald Trump sjølv, om han skulle vinne valet neste november – kan benåde Trump for eventuelle domfellingar i føderale saker, er det ikkje like enkelt om han blir dømt på delstatsnivå i Georgia. I denne delstaten er det opp til ein uavhengig kommisjon, som berre kan gå inn for benåding om den dømde har sona minst fem år av si tilmålte straff.

Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis Trump skal få høve til å drive valkamp mellom dei ulike rettsprosessane

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Fleire straffesaker

Statsadvokat Willis vil be om at rettssaka blir fastsett innan seks månader frå no – altså før midten av februar. Frå før av er det sett dato i to av dei tre andre pågåande straffesakene mot Trump. Saka som omhandlar regnskapsfusk i samband med den såkalla hysj-betalinga til Stephanie Clifford (også kjend som Stormy Daniels) skal etter planen for retten i New York frå 25. mars, medan tidspunktet for den føderale straffesaka om dokumenta Trump skal ha teke med seg frå Det kvite huset utan lov og oppbevart på Mar-a-Lago-eigedomen sin i Florida er sett til 20. mai. 6. januar-saka har førebels ikkje fått ein rettsdato, men spesialetterforskar Jack Smith som fører saka har bede om at saka vert sett i gang frå 2. januar 2024. I tillegg til straffesakene er Donald Trump også involvert i minst tre sivile saker som alle skal for retten i første halvdel av 2024.

Det er uklart korleis ein reint praktisk vil kunne løyse dette. Endå mindre er det lett å sjå før seg korleis Trump, som framleis tek mål av seg til å bli det republikanske partiet sin presidentkandidat i 2024, skal få høve til å drive valkamp mellom dei ulike rettsprosessane.

Dynamikken mellom Trump og veljarane hans er lik som alltid: Så lenge dei føler at han er på deira side, kan det vere det same kva han elles har gjort

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Durar vidare mot valet

Det er likevel klart at dei rettslege prosessane har – enn så lenge – lite påverknad på dei politiske. Målingar tekne opp før og etter dei tre tidlegare tiltalene mot Donald Trump viser ingen teikn til sviktande tillit til ekspresidenten mellom republikanske veljarar. Om noko kan det sjå ut til at straffesakene styrkjer Trump si stilling i nominasjonsvalkampen. Framleis seier i snitt 52 prosent av republikanarar at dei vil røyste på Trump i nominasjonsvala. Den næraste konkurrenten, Florida-guvernør Ron DeSantis, ligg no på rundt 14 prosent på nettstaden FiveThirtyEight sine snitt av målingane. Oppslutninga hans har gått jamt nedover sidan før dei første tiltalene mot Trump kom i mars.

Det ser ut for at dynamikken mellom Trump og veljarane hans er som den alltid har vore: Så lenge dei føler at han er på deira side og taler deira sak, kan det vere det same kva han elles har gjort. Det er dei og Trump mot resten av verda, og rettsprosessane blir tolka inn i eit verdsbilete der motstandarane vil gjere alt for å stanse Trump.

Kanskje kan det endre seg når rettssakene tek til på vårparten, og ei rekke statsadvokatar skal brette ut bevisa mot Donald Trump i open rett. Men eg vil ikkje vedde på det.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar