Kommentar

Det Oppenheimer kan lære oss om tvilens verdi

Utan tvilen risikerer vi å hamne i det ekstreme. Tvilar du ikkje på noko, trur du for sterkt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det finst eit ord for mangel på tvil: Kunnskapsløyse.

Det var i alle fall tanken som slo meg etter å ha sett Christopher Nolans tre og ein halv timar lange meisterverk på kino. Akkompagnert av Ludwig Göranssons episke filmmusikk, kjem dei etiske dilemmaene og tvilen knytt til desse som perler på ei snor.

Mannen som hadde mest kunnskap om kreftene i ei atombombe før konsekvensane av ho vart kjend for omverda – den jødisk-amerikanske fysikaren J. Robert Oppenheimer – var òg blant dei som tvilte mest på om den nokon gong burde bli tatt i bruk.

Verdas verste masseøydeleggingsvåpen

Storfilmen Oppenheimer er gjennomsyra av denne tvilen og dilemmaet vitskapsmannen stod i då han utvikla verdas verste masseøydeleggingsvåpen: Å utvikle og bruke atombomba ville forårsake meir menneskeleg liding enn nokon hadde sett på ein gong, medan det å ikkje gjere det kunne føre til at Hitler-Tyskland, Sovjetunionen eller andre totalitære krefter fekk overtaket.

I Nolans portrett verkar ikkje J. Robert Oppenheimer sikker på noko. Det finst knapt noko meir tiltalande enn ein tvilande helt.

Oppenheimers tvil gjer det ikkje enkelt for han. Det gir han ingen enkle svar på kompliserte spørsmål om alt frå utdanning til kjærleik. Til og med om sjølve livet, ser J. Robert Oppenheimer ut til å kjenne ein slags grunnleggjande tvil. Angsten herjar kroppen under fleire av livets viktigaste etappar.

Filmen skildrar til dømes korleis J. Robert Oppenheimer lefla med kommunistisk ideologi, før han vart henta inn på det vidgjetne forskingsprosjektet The Manhattan Project – prosjektet som seinare skulle utvikle atombomba.

Heksejakt på grunn av manglande tvil

Dei akademiske svermeria for Stalin, Sovjetunionen og kommunismen skulle forfølgje Oppenheimer gjennom livet – også etter at hans mest kjende forskingsbragder er gjennomført og bombene Little Boy og Fat Man er sleppte over høvesvis Hiroshima og Nagasaki i Japan. I filmen ser vi korleis heksejakta på kommunistar og sympatisørar gjennomsyra det amerikanske samfunnet, og gjorde stor skade på Oppenheimers karriere og ettermæle.

For oss som i dag nesten åtti år seinare sit med fasiten, er det lett å avfeie Oppenheimers kommunistiske flørt som dum og farleg. Det er lett å gløyme at dei som levde den gongen ikkje gjorde det. Menneska som såg nyansane i denne endringstida, var òg i stand til å tvile på rett svar. Sjølv i dag er det ikkje hundre prosent konsensus om kapitalismens overlegenheit.

Heksejakta var prega av skråsikkerheit, fordommar og svart-kvitt-tenking. Med andre ord: Alt anna enn tvil.

I filmen ser vi ein Oppenheimer som trur at utviklinga av atomvåpen vil få slutt på all krig. Med eit så øydeleggjande våpen vil det ikkje vere fornuftig å krige igjen, tvilte han seg fram til. Fleire av dei militære leiarane i USA såg for seg eit scenario der atomvåpen måtte bli brukt for å redde heile den vestlege sivilisasjonen. Katastrofescenarioet var at fascismen breidde om seg og overtok verda, og demokratiet vart utradert.

Der mange var heilt sikre på at USA burde utvikle atombomba, var Oppenheimer heile tida i tvil. Kunnskap har gjerne den effekten. Han visste for mykje.

Atombomba vart inga fredspipe

Sjølv om atomvåpen ikkje har blitt brukt i krig sidan dei to bombene over dei japanske byane på slutten av 2. verdskrigen, er trugselen om bruken i dag større enn på lenge. Seinast denne veka gjekk russiske styresmakter ut med nyhenda om at dei førebur seg på eit scenario der Nato brukar atomvåpen mot Russland. Det passar som hand i hanske i den propagandaen regimet har fôra russarane med dei siste åra.

Det kamuflerer også det faktum at ingen andre enn Vladimir Putin har rasla med atomsablane. Så reelle har dei russiske trugslane om atomvåpen vore, at Putins allierte i Kina – president Xi Jinping – tidlegare i år måtte åtvare sin russiske kollega mot å bruke atomvåpen i Ukraina. Åtvaringa skal ha blitt gitt ansikt til ansikt under eit møte i Moskva.

Eg vil ha tvilande, usikre politikarar som tenker seg skikkeleg om før dei svir av fellesskapets milliardar eller gjennomfører irreversible reformar med store menneskelege konsekvensar.

—  Emil André Erstad

J. Robert Oppenheimer levde til 1967, og fekk dermed sjå at hans illusjon om at atomvåpen skulle ha same effekt som ei slags fredspipe, gjekk tapt. Ein av dei som har fått kjenne konsekvensane av det i arbeidskvardagen, er vår tidlegare statsminister Jens Stoltenberg.

Nyleg fekk eg følgje Stoltenberg gjennom markeringa av 22. juli. Mykje av det den tidlegare statsministeren sa, gjorde inntrykk. Det som kraup lengst under huda var likevel orda hans om at «eg er generelt skeptisk til menneske som er skråsikre og som er absolutt i sin tilnærming, fordi at dei blir lett ekstremistar».

Stoltenberg har spesiell livserfaring som gjer han i stand til å vite kva han snakkar om. Det er grunn til å tru at tvilen ofte må melde seg der nede i Natos hovudkvarter i Brussel, der Stoltenberg kan bestemme over krig og fred, liv og død. Noko anna ville skremt oss.

Likevel er det ikkje tvilen vi dyrkar i den offentlege debatten.

Tvilaren som helt

Altfor sjeldan ser eg politikarar i Dagsnytt 18 sitte der i debatt mot kvarandre og seie ting som: «Nei, veit du, dette er eg rett og slett skikkeleg usikker på». I staden tvingar vi – veljarar, media og det politiske systemet – dei til å komme med kjappe svar og kvikke løysingar med ei kontinuerleg oppmoding til å «vere konkrete».

Eg vil ha tvilande, usikre politikarar som tenkjer seg skikkeleg om før dei svir av fellesskapets milliardar eller gjennomfører irreversible reformer med store menneskelege konsekvensar.

Det er kanskje eit vanskeleg krav å stille, gitt politikkens natur. Samstundes bør det vere meir rom for rørsle mellom standpunkt, å ombestemme seg, utan at vi reknar det som eit nederlag. Å tvile seg fram til andre standpunkt er ofte klokare og betre enn å tvihalde på noko som er feil.

Kanskje kan fleire bli inspirert til det, no som tvilaren Oppenheimer har fått ei slags helterolle i ein storfilm på kino.

Tvilar du ikkje på noko, trur du for sterkt.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar