Kommentar

Var eg ven av samane?

Barndomsminna kom over meg: Hadde Sannings- og forsoningskommisjonen funne grov urett mot samane også i misjonen?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bedehuset i barndomsbygda mi i Indre Sogn låg eit par-tre hundre meter frå huset vårt. Vi hadde utsikt rett imot.

To heimar i bygda delte på å gje husrom til omreisande predikantar – emissærar. Vår var den eine. Ein av predikantane tok seg tid til å leika med oss ungane. Eg var knapt fire år. I leiken sprang emissæren etter meg. Eg sprang inn i stova, kasta meg opp på ein divan og fall ned og braut kragebeinet.

Dette er inga klage, men ei god historie om favoritt-emissæren. Han kom frå Norges Samemisjon.

Misjonsforeining

Mor mi var på 60- og starten av 70-talet sentral i ei lokal misjonsforeining for Samemisjonen. Kvar juni var det stemne på bedehuset – med føremiddagsmøte, matpause og ettermiddagsmøte.

Dette var på slutten av stordomstida for Samemisjonen som på 50-talet hadde 2500 foreiningar. Då foreininga til mor blei lagt ned, var det ein del av ein sterk nedgang.

Sannings- og forsoningskommisjonen siterer mellom andre den samiske misjonæren og legen Edvard Masoni som i 1912 hevda at Finnemisjonen ville ‘myrde det finske sprog… og tilintetgjøre finnernes nationalbevisthet’.

Lenge har organisasjonen vore liten. Misjonen har kjempa for å overleva og har også måtta svara på kritikk frå kyrkjehald og enkelte samiske miljø.

For meg har organisasjonen vore perifer. Men barndomsminna kom sterkt over meg då eg 1. juni i år følgde presentasjonen av rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen – om fornorskingspolitikken og uretten mot samar, kvenar og skogfinnar.

Eg bladde meg raskt fram til kapitla om kyrkje og misjon. Først fann eg den forferdelege historia om biskop Eivind Bergrav som hjelpte etterretninga med å overvaka kvenane, som han såg som ein tryggingstrussel – ei historie som krev tydeleg oppgjer.

Men samstundes leita augo mine gjennom avsnitta om misjon. Hadde kommisjonen funne urett der også? Var mor mi og eg verkeleg vener av samane?

Protest mot fornorsking

Samemisjonen vart til i 1925 som ei samanslåing av to organisasjonar. Den eldste – Norsk Finnemisjon – starta i 1888 i sterk opposisjon mot fornorskingspolitikken som ville ta frå samane språket og tvinga dei til å snakka og skriva norsk. Misjonen var pådrivar for samisk språk i forkynning, helsestell og undervisning. I starten arbeidde misjonen hardt for å få gitt ut Bibelen på samisk.

Denne innsatsen vert vektlagt av Sannings- og forsoningskommisjonen. Men misjonen var halvoffentleg og fekk vesentleg støtte frå staten – og førte inn i vedtektene at arbeidet ikkje måtte «komme i strid med statens arbeid i kirke og skole». Sannings- og forsoningskommisjonen skriv at Finnemisjonen var ambivalent til fornorskingspolitikken.

I 1910 blei Norsk Finnemisjonsforbund starta av presten Jens Otterbech. Han var den fremste kritikaren av fornorskingspolitikken heilt til sin død i 1921. Ein av grunnane til at Otterbech starta ein ny organisasjon, var at han meinte at Finnemisjonen var for positiv til fornorskingspolitikken.

I 1925 gjekk dei to organisasjonane likevel saman til det som i dag er Samemisjonen.

Mørke sider

Samemisjonen er samd i at Noreg må ta oppgjer med fornorskingspolitikken og den grove uretten. Landsstyreleiar Torbjørn Bjorvatn erkjenner at det også finst mørke sider i organisasjonens eiga historie: «Det er med sorg vi i rapporten leser om språkforbud også ved skoler som var drevet av Norsk Finnemisjon, en av forløperne for Norges Samemisjon. Dette var blant annet tilfellet ved sameskolen Havika ved Namsos i mellomkrigstida».

Og han legg til:

«Heller ikke misjonen gikk klar av fornorskningstanker som var vanlige den gang, men som i dag oppleves som grusomme.»

Det er tid for oss å høyra smertefull sanning – og å ta grep for forsoning.

Bjorvatn meiner likevel at hovudinntrykket er at organisasjonen heilt frå 1988 har vore motvekt mot fornorskingspolitikken. Han meiner dessutan at Samemisjonen i dag er ein av svært få arenaer for fellesskap og samarbeid mellom nordmenn og samar – og er «på sitt beste et forbilde på hvordan nordmenn og samer i Norge kan virke sammen for en felles sak».

Landsstyret har – naturleg nok – vedteke at dei skal studera rapporten og koma med tiltak, «også på grunnlag av eigne historiske kjelder». Sannings- og forsoningskommisjonen siterer mellom andre den samiske misjonæren og legen Edvard Masoni som i 1912 hevda at Finnemisjonen ville «myrde det finske sprog … og tilintetgjøre finnernes nationalbevisthet».

Dette må Samemisjonen svara truverdig og godt på.

Annys smerte

Men alt dette låg langt unna i tid og rom frå bedehuset på Indre Hafslo på 1960-talet. Der handla alt om å gje evangeliet til samane – på samisk.

Eg veit ikkje korleis den statlege fornorskingspolitikken eventuelt blei omtalt i bladet Samenes Venn. Bladet var vel ikkje favorittlesnad for ein sju-åtteåring.

Men historier som bladet i dag fortel frå Finnmark frå den tida, gjer vondt. I den første utgåva av Samenes Venn i år finn eg intervju med Anny Horten. Mora hennar døydde då Anny var 11 år – i 1966, det året eg starta i skulen.

Anny som er kvensk og frå ein læstadiansk heim, fortel hjarteskjerande at ho og søskena vart sende på offentleg skule og internat i ei anna bygd frå første klasse. Frå måndag til laurdag vart dei innprenta at det var norsk dei skulle skriva og snakka, ikkje kvensk eller samisk – først i 1967 vart samisk fag i skulen.

På internatet høyrde Anny andre barn som gråt – einsame og fortvilte. Kvar einaste dag sat ho på skulebenken og lengta heim, den evige lengten. Anny tok sekken straks dei var fri på laurdag. Men søndag ettermiddag bar det av stad igjen, med djup smerte i barnesinnet.

Anny fortel om salmen ho song når smerta og vemodet kom over henne: Lina Sandells «Bred dina vida vingar, O Jesus över mig.» Den salmen song vi også på bedehuset. Og endeleg får eg lesa den smertefulle historia til Anny frå barneåra hennar som var nesten parallelle med dei aller beste barneåra mine.

Det er tid for oss å høyra smertefull sanning – og å ta grep for forsoning.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar