Kommentar

Ein hyllest til tilbakehaldne norske muslimar

Det er lett å tole koranbrenningar som ikkje rammar oss sjølv, men kva viss vi var den vesle minoriteten som opplevde forfølging, trugslar og hat? Muslimar i Norge fortener hyllest for å halde igjen på reaksjonane.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Berre for å slå det fast først som sist: Eg er motstandar av forbod mot koranbrenning. Vi må aldri inngå kompromiss med grunnleggande rettar.

Likevel lar eg meg irritere over kor ofte debatten om koranbrenning stansar der. Altfor ofte endar det i ein finurleg juridisk diskusjon om ytringsfridom på Dagsnytt 18. Den stien er no så opptrakka at alle med auge kan sjå den. Derimot går vi glipp av alt det andre denne debatten burde handle om.

Det privilegerte blikket

Kva om vi endra perspektiv for ei lita stund? Sjå for deg at du budde i eit anna land. Til dømes eit land med muslimsk majoritetsbefolkning i Midtausten. Du var del av den kristne minoriteten der.

Ein søndag, då du og familien din skulle i kyrkja på gudsteneste, stilte det seg opp nokre radikale ytterleggåande muslimar på kyrkjetrappa og tende på Bibelen. Dette var dei same folka som skreiv i avisene at du og familien din og folk som deg ikkje høyrde heime der i landet. At de burde bli sendt heim att der de kom frå.

Klart du hadde blitt redd og uroleg. Kanskje også sint.

Det perspektivet gløymer vi ofte der vi diskuterer koranbrenning med vårt privilegerte majoritets-blikk.

Koranbrenning er ikkje ytringsfridoms-aktivisme

Alle veit at bokbrennarar ikkje er ytringsfridoms-forkjemparar. Det er knapt noko religionskritikk eller anna intellektuelt innhald å spore hos dei med fyrstikkene. Tvert om representerer dei ofte radikale, ytterleggåande krefter som ønsker å øydelegge dei liberale verdiane våre samfunn er bygd på. Sjeldan gjennom historia har bokbålet representert noko anna enn dei mest tanketomme delane av våre samfunn.

Å skape splid og sette grupper opp mot kvarandre. Berre slik kan dei tvinge unge muslimar til å velge side og skape meir utanforskap. Så lenge folk lar seg provosere, er det splitt og hersk av mest effektive sort

Det er vi andre som står opp for ytringsfridomen, trass i desse stadige og farlege provokasjonane. Og alle dei moderate muslimane i våre samfunn som maktar å sitte stille medan verda deira brenn.

For vi forstår alle den underliggjande bodskapen frå Rasmus Paludan og alle bokbrennarane: Pell dykk heim, muslimar.

Den bodskapen ville blitt sterkare om vi forbaud den. Ved å la den skje, kan vi samstundes kritisere og knuse den med argumentets kraft.

Tryggleiksrisiko

I Sverige er det svenske tryggingspolitiet Säpo kjend med at ei rekke svenske personar har fått SMS-meldingar om hemnaksjonar mot dei som har brent koranen. I anonyme SMS-ar står det at «dei som har fornærma Koranen, må unngjelde for arbeidet sitt».

Det har mellom anna ført til at Sverige den kommande tida vil intensivere grensekontrollen. Statsminister Ulf Kristersson sa mellom anna på ei pressekonferanse at «personar med veldig svak tilknyting til Sverige ikkje skal kunne komme til Sverige for å gjere brotsverk» og at «det finst aktørar som vil oss vondt, og som spreier eit bilete av Sverige som er farleg».

Det er lett å forstå den svenske statsministerens bekymring.

Den jobben muslimske leiarar i Norge har gjort i kulissene for å temme reaksjonar mot koranbrenning, fortener meir merksemd enn den har fått til no

For det er dette som er målet til provokatørane bak dei brennande koranane: Å skape splid og sette grupper opp mot kvarandre. Berre slik kan dei tvinge unge muslimar til å velje side og skape meir utanforskap. Så lenge folk lar seg provosere, er det splitt og hersk av mest effektive sort.

Vi som er vakse opp i ein kristen tradisjon, har eit anna forhold til Bibelen enn dei som har vakse opp i muslimske familiar har til Koranen.

Å brenne ein koran er ein måte å seie til unge muslimar at dei ikkje høyrer til her. Det er eit livsfarleg signal å sende, og ei lærebok-oppskrift på radikalisering.

Ikkje undevurder jobben til dei muslimske leiarane

Samstundes har ikkje PST her heime endå sagt det same som svenske Säpo, og det er ikkje utan grunn. Vi skal nemleg ikkje undervurdere den jobben norske muslimske miljø har gjort i møte med koranbrenningane.

For det har skjedd mange koranbrenningar også i Norge. Dei har berre fått mindre merksemd enn dei tilsvarande provokasjonane har fått i Danmark og Sverige. Mykje av det er takka vere den lågmælte reaksjonen frå toneangivande muslimske miljø her heime.

Dei kunne lett latt frykt og sinne få fritt spelerom, men i staden har dei fleste vald å snakke med innestemme. Slik slepp vi brennande bilar i gatene, steinkasting og kaos. Slik held vi samfunnet saman.

Det krev viljestyrke, disiplin og klokskap å vise så mykje tilbakeholdenheit som det norske muslimar har gjort i møte med koranbrenningane. Den jobben muslimske leiarar i Norge har gjort i kulissene for å temme reaksjonar mot koranbrenning, fortener meir merksemd enn den har fått til no.

Det fortener ein hyllest frå oss andre, men ikkje berre det. Vi må også stille opp og vise med handling at dei høyrer til her like mykje som oss.

Sjølv om vi er motstandarar av eit forbod mot koranbrenning av prinsipielle årsaker, kan vi likevel ta eit dundrande sterkt oppgjer med haldningane bak desse idiotiske bokbåla. Vi kan kalle ein spade for ein spade, og ein høgreekstrem provokatør for ein høgreekstrem provokatør.

Derfor går det på same tid an å argumentere mot både koranbrenning og forbod mot koranbrenning.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar