Kommentar

Den skjerpande individualismen

Kyrkjer og fotballag får sjansen til å revurdere og utvikle seg sjølv når frivillige eldsjeler mistar gnisten og går.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Jeg liker egentlig ikke å seile» sa Kong Harald i eit intervju med SEILmagasinet i høve at han som 86-åring la opp som konkurranseseglar i fjor. Det er synd å tenke på at det tok så mange år for han å kome fram til den erkjenninga. Eg har òg rota meg inn i seglbåtar og blitt verande i mange år, sjølv om eg eigentleg vil av. Ein av desse er fotball.

Eg angrar på at eg brukte så mykje tid på fotball. Som oftast var det ganske keisamt.

—  David Sviland

Fotball er keisamt

Fotball er i utgangspunktet ein fin idrett som kan lære deg masse om deg sjølv og andre. Disiplin, å vere ein lagspelar, stole på sine eigne evner når det gjeld, takle eit 18-0-tap, eller vinne utan å bli alt for høg på seg sjølv. Alt dette fekk eg bryne meg på frå eg var 7 til 13 år. Likevel angrar eg på at eg brukte så mykje tid på fotball. Eg syntest at fotball var heilt ok å halde på med. Men som oftast var det ganske keisamt.

Av dei om lag 300.000 nordmennene som driv med fotball, mistenker eg at det er mange fleire enn meg som går på fotball og kjedar seg. Men for å vere ein del av det sosiale miljøet held dei fram likevel. Desse hadde fått eit rikare liv viss dei heller følgde sine eigne interesser. Viss du går på fotball utan å bli særleg betre, er sjansen stor for at det finst andre ting du har betre føresetnad for å bli god i. Vi er fødde ulike frå naturen si side. Så potensialet for at mange sløser vekk talentet sitt på fotball, er stort.

«Men viss du sluttar på fotball, risikerer du å gå glipp av eit sosialt nettverk som held saman i tjukt og tynt», vil nokon innvende. Til dei har eg gode nyheiter. Det finst andre nettverk å gå inn i som er minst like samansveisa. Ja, kanskje er dei enda hyggelegera enn fotballaget.

Skuggesider i breiddefotballen

I seinare tid har det kome fram at den norske breiddefotballen har sine skuggesider. I fjor sommar kunne vi lese NRK Ytring-innlegget til ein onkel som følgde nevøen sin på Norway cup, som går for å vere årets høgdepunkt for fotballaget. Det blei det ikkje for nevøen som fekk 13 minutt speletid i løpet av dei seks kampane laget spelte.

Onkelen legg skylda på overambisiøse trenarar som vil vinne for ein kvar pris, og som difor held dei dårlege spelarane vekke frå banen. Her kan ein innvende at det neppe er enkelt å vere trenar i slike situasjonar. Viss trenaren gjev den svake spelaren mykje speletid, er sjansen stor for at han tabbar seg ut og mistar ansikt. Vel trenaren å la spelaren sitte på benken, får han ikkje sjans til å vise kva han er god for. Ein ubehageleg situasjon for både trenar og spelar.

Norsk breiddefotball har også blitt ein idrett som indirekte favoriserer born med velståande bakgrunn. Sidan 2010 har det blitt stadig vanlegare at rike fotballklubbar tilbyr trening med godt betalte og utdanna fotballtrenarar, og velståande foreldre sponsar ungane sine med enno meir profesjonell trening på toppen av det. Frode Lien kallar det for «forskjellsfabrikkar» i ei sak Aftenposten laga i mars i år. Lien er tidlegare journalist i fotballmagasinet Josimar, no jobbar han med å trene born på austkanten i Oslo, for der er det langt færre ressursar til å løfte fram dei mange talenta som finst.

Om du tykkjer det er vanskeleg å bryte med laget ditt, kan du la deg inspirere av dei kristne. Dei er gode på å trekke inn årene.

—  David Sviland

Dei som sluttar

Det er fantastisk at det finst folk som Lien. Eldsjeler som ikkje gjev seg, men jobbar for å gjere livet betre for andre enn seg sjølv. Eg heiar på sånne som han. Men eg heier også på dei som sluttar. Denne løysinga er ikkje for kven som helst. Det er dei tøffaste som vågar å gå sin eigen veg, stå åleine, vere sårbar, og møte nye folk.

Om du tykkjer det er vanskeleg å bryte med laget ditt, kan du la deg inspirere av dei kristne. Dei er gode på å trekke inn årene. Pinsetopp og Salt-pastor Øystein Gjerme skriv i Vårt Land at det har blitt vanskelegare enn før å få folk til å gjere frivillig arbeid, og at nokre sommarleirar har blitt lagt ned av den grunn.

Gjerme legg skulda på individualismen: «Det er en kjensgjerning at vi har blitt et mer individualistisk samfunn, hvor verdien for, og viljen til, å investere i storfellesskapet er svekket». Vidare argumenterer Gjerme for at frivillig arbeid er meir enn den velkjente dugnaden, det er noko ein bør, ja, kanskje gjere for å utvikle seg som kristen: «Frivillighet for den som er kristen er mer enn dugnad, det er en del av disippelskapet».

Piff og plikt

Det er viktig å gje tid og krefter til andre enn seg sjølv. Det skapar sterkare samfunn. Problemet oppstår når plikta blandar seg inn, og når frivillig disippelskap blir det same som å gje tida si til ein kyrkjelyd. Då trur eg det er fort gjort å miste piffen. Mange oppdaga at lysta til å byggje kyrkje ikkje var så stor då dei fekk seg ein koronapause. No slit kyrkjene med å få folk tilbake.

For Gjerme og andre kyrkjeleiarar er det eit akutt problem at folk blir individualistar og følgjer si eiga lyst. Dei mistar nøkkelpersonar og får ein svakare institusjon. Det er også eit tap for alle som ønsker å delta på nokre gudstenester eller eit sommarstemne. Kyrkjetilbodet blir redusert.

På sikt trur eg likevel at vi tener på at folk kjem seg ut av seglbåten dei mistrivst i. Kyrkja blir tvinga til å revurdere og utvikle seg sjølv når eldsjeler mistar gnisten og går. Viss også folk som ikkje trivst i fotballen byrjar å vende den ryggen, kan vi kanskje få ei utvikling her også.

Men det er farleg å segle åleine over lengre tid. Difor det viktig å finne seg nytt mannskap. Ein ny hobby, ein ny idrett, ein ideell organisasjon eller eit nytt trussamfunn som tenner flammen på ny, slik at lysta til å gjere noko for andre kjem av seg sjølv, og ikkje av plikt.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar