Kommentar

«Merksemda vår er ikkje rettferdig»

Det er ikkje media som har skulda for at vi alle følgde skjebnen i ein liten ubåt i Nordatlanteren minutt for minutt, medan vi knapt brukte tid på over 600 drukna flyktningar i Middelhavet. Det er merksemda vår som har skulda.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje rikdom nok til alle. Det er ikkje mat nok til alle. Det er ikkje plass nok til alle. Det er heller ikkje empati nok til alle.

Verda er urettferdig.

Vi kunne sjå det då kontreadmiral John Mauger i den amerikanske kystvakta heldt pressekonferanse torsdag kveld norsk tid.

Menneskeliv ulikt vekta i media

Då informerte han om at dei hadde funne vrakrestar frå miniubåten Titan – som hadde gjort eit dykk nær vraket av Titanic i Nordatlanteren. Alle dei fem velståande menneska om bord på ubåten vart rekna som omkomne, og Mauger kom med ei melding til dei etterlatne:

«På vegner av USAs kystvakt gir eg mine djupaste kondolansar til familiane. Eg kan berre førestille meg korleis dette har vore for dei», sa kontreadmiralen med alvorleg ansikt på pressekonferansen. Tragedien var eit faktum. Fem menneske hadde mista livet på opptil 4000 meters djup i Nordatlanteren då ubåtskroget gav etter for det massive trykket.

Problemet er derfor ikkje media, men folk – for å sei det litt tabloid.

Pressekonferansen vart sendt direkte til TV-stasjonar over heile verda. NRK sende den direkte på si kveldssending Dagsrevyen 21, med tidlegare korrespondent Jan Espen Kruse som kommentator i studio.

Det er ikkje noko nytt at vekta av eit menneskeliv er ulik i media, men det er likevel opprørande å sjå det skje for ope kamera.

Ingen kondolansar frå ein kontreadmiral

14. juni var det dårleg vêr i Middelhavet. Der ute, på ope hav, sat det 750 menneske stua saman i ein liten trålar. Dei vart nekta mat og vatn, sjølv om dei hadde brukt kring fem dagar over havet. Dei som ikkje kunne betale mannskapet bestikking for å komme seg ut av lasterommet, vart slått og mishandla om dei forsøkte å komme seg opp på dekk. Fleire av dei om bord hadde betalt summar opp mot 100.000 kroner for å få plass. Fordi dei håpa det skulle gje dei eit betre liv.

Dei kring 650 menneska som drukna – mange av dei born – fekk aldri kondolansar av ein kontreadmiral på ei overdekka pressekonferanse.

I staden vart det historia om eit av dei verste migrantforlisa i Middelhavet. Vi må tilbake til det grufulle forliset utanfor den italienske øya Lampedusa i 2015 for å hugse noko liknande.

Vi kunne riktig nok lese ein del om det store migrantforliset i norske og internasjonale medier. Vi har derimot høyrt lite om at talet på båtar dei siste 12 månadane har auka og at styresmaktene i Sør-Europa for lengst har slått alarm. Starten på 2023 har vore dramatisk: 65.000 tok den risikable turen over havet innan mai. I fjor var talet på same tid litt meir enn halvparten.

Ikkje berre media som har skulda

Europol, politistyresmaktene til EU, seier ein av årsakene er at pandemien endeleg er slutt og at tyrkarane har stengd flyktningruta gjennom landet. Det fører til at fleire tek den endå meir risikable ferda frå dei nordafrikanske strendene til Hellas og Italia. For mange endar ferda på Middelhavets kyrkjegard.

I 2016 skreiv eg sjølv bok om tematikken, då eg gav ut Farvel Syria. Om eit folk på flukt. Den gongen hadde saka ei heilt annan offentleg interesse enn den har i dag. Politikarane på Stortinget sette den øvst på dagsorden då Norge lova å ta imot 8000 syriske flyktningar. Det skjedde etter eit massivt press frå folk flest, organisasjonar og sterke reportasjar i media.

I dag er vi ikkje i nærleiken av det same, sjølv om folk døyr på like hjarteskjerande vis i det same havet, av dei same grunnane, i hendene på dei same menneskesmuglarane.

Den siste veka har mange lagt skulda på media. Eg trur det er feil.

Vi som arbeider i redaksjonane veit at det ikkje finst noko hemmeleg illuminati-brorskap som bestemmer kva vi skal dekke og ikkje dekke. Dynamikken bak er så enkel at det er vanskeleg å tru: Vi skriv om det folk bryr seg om. Vi sender det folk klikkar på. Vi dekkjer det som er viktig.

Problemet er derfor ikkje media, men folk – for å sei det litt tabloid.

Merksemda vår er ikkje rettferdig

Fenomenet som ligg bak kallast fatigue. Kor lenge klarar vi emosjonelt og intellektuelt å ta innover oss forferdelege overskrifter om drukna flyktningar?

Det enorme engasjementet folk hadde for flyktningane i Middelhavet i 2015 kunne ikkje halde fram i årevis. Det ville brent oss ut.

Eg kan berre snakke for meg sjølv. Sjølv om eg brukte timevis på å intervjue menneske som hadde overlevd ferda over det farlege havet, klarte eg ikkje halde andre interesser unna i lengda. Andre spørsmål er også viktige.

Det einaste verre alternativet til å kjempe for rettferd, er å gje opp. Ære vere dei som held fram merksemdskampen.

Merksemda vår er ikkje rettferdig. Den porsjonerer ikkje ut like mykje interesse for kvart enkelt menneskeliv.

Betyr dette at vi skal gje opp? Absolutt ikkje.

Media kan og skal fortelje om det som skjer i Middelhavet. Politikarane bør sette seg ned og evaluere kva som går så forferdeleg gale der, og finne løysingar.

Ære vere dei som held fram merksemdskampen

Likevel held det ikkje at vanlege folk sit på rumpene sine og skriv lange Facebook-postar om kor ille det er at media ikkje dekkjer det meir. Det hjelper, men det ville hjelpt meir om flest mogleg engasjerte seg.

Nokre av eldsjelene frå flyktningkrisa i 2015 har ikkje lagt inn årene. Dei har halde fram som vår felles samvits moralske vaktarar.

Slike som Katrin Glatz Brubakk. Denne veka skreiv ho om korleis greske ferieparadis gjer livet vanskeleg for flyktningane som kjem i land.

Eller Kristina Quintano, som i over 20 år har dokumentert båtflyktningane si reise over Middelhavet og står bak Budbringeren fra Helvete.

Eller som den organisasjonen Dråpen i havet, som har sendt frivillige ned for å hjelpe på strendene og i flyktningleirane. Dei drog for å hjelpe, og kom heim med meir empati.

Kvifor trur vi eigentleg på rettferd? Verda er jo blodig urettferdig.

Det einaste verre alternativet til å kjempe for rettferd, er å gje opp. Ære vere dei som held fram merksemdskampen.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar