Kommentar

Tillitskrisa som verken norsk politikk, Arbeidarpartiet eller Jonas Gahr Støre trong

Her er grunnen til at Tonje Brenna blir sittande som statsråd, medan Anette Trettebergstuen gjorde heilt rett i å gå av. Den viser likevel ei tillitskrise for norsk politikk, Arbeidarpartiet og statsministeren sjølv.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nepotisme.

Det finst knapt eit skumlare ord for politikarar i eit land som Norge.

Vi har nemleg høg tillit til vårt politiske system. Vi har tillit til at ordningane ikkje vert utnytta av dei som styrer. I alle fall var det slik fram til skandalene med pendlarbustader på Stortinget. Lenge har vi likevel kunne vere trygge på at ikkje vener og kjende får posisjonar fordi dei er vener og kjende. Etter alt bråket med pendlarbustader tenkte vi at no har norske politikarar lært leksa si, og slike saker høyrde historia til.

Rett av Trettebergstuen å trekke seg

Derfor gjorde det stor skade då det fredag vart kjend at Anette Trettebergstuen hadde brote habilitetsreglane ved utnemning av fleire styremedlemer under Kulturdepartementet. Gråtkvalt på pressekonferansen melde kulturministeren at ho trakk seg. Tidlegare i veka hadde det blitt kjend at Tonje Brenna hadde gjort liknande – men mindre omfattande – feil.

Både Brenna og Trettebergstuen har brote reglane, skada tilliten og gitt viktige roller til vener. For Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet kunne ikkje saka kome på eit verre tidspunkt – same veke som partiet opna sin valkampsentral.

Spesielt Arbeidarpartiet har ei lang og vanskeleg historie med saker under merkelappen «vener og kjennskap». Alle hugsar til dømes då Manuela Ramin-Osmundsen måtte gå av 14. februar 2008 fordi ho hadde utnemnt Ida Hjort Kraby til barneombod. Ramin-Osmundsen var inhabil, men hadde likevel gjennomført utnemninga.

I dag veit vi at alle som vert utnemnt til statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar får ei grundig innføring i habilitetsregelverket allereie dei første dagane i departementa. Det skal vere barneskulepensum for drivne politikarar av Trettebergstuens og Brennas kaliber.

Det er heilt rett av Trettebergstuen å gå av.

Forskjell på Trettebergstuen og Brenna

Det ville ikkje vore mogleg for henne å gjenopprette naudsynt tillit hos folk. Sannsynlegvis ville ho heller ikkje klart å få tilbake den naudsynte tilliten frå statsministeren heller. Jonas Gahr Støre var nådelaus då han uttalte seg til pressa fredag morgon.

Sjølv om det for oss utanfor er lettare å få auge på likskapane mellom Brenna og Trettebergstuens saker, er det forskjellane som fører til at den eine måtte gå medan den andre kan bli sittande.

For det første tok Brenna sjølv initiativ til å gjere si sak offentleg, gjennom å kontakte VG då ho vart merksam på feilen. Trettebergstuen vart avslørt av Aftenposten, og sa ingenting til offentlegheita før pressekonferansen fredag morgon.

Statsministeren kan no bruke høvet til å toppe laget sitt. Ein av dei han har varsla ønske om å få inn i regjering er tidlegare kulturminister Hadia Tajik. På landsmøtefesten til Arbeidarpartiet i mai sa han ting som fekk folk til å tenke at det ville skje snart.

Trettebergstuens feil er også fleire og meir omfattande enn Brennas. Ho har rett og slett vore fartsblind for rollekonfliktene ho har stått i som kulturminister.

Problemet for norsk politikk er at folk ser likskapane. Både Brenna og Trettebergstuen har brote reglane, skada tilliten og gitt viktige roller til vener. For Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet kunne ikkje saka kome på eit verre tidspunkt – same veke som partiet opna sin valkampsentral.

Støre kan få inn Tajik

Fleire spekulerer no på om Trettebergstuen kan dra med seg Brenna i fallet. Det skal mykje til, dersom det ikkje dukkar opp ny informasjon i Brennas sak.

Saka er trist for norsk politikk, regjeringa og Trettebergstuen sjølv. I det skeive miljøet har kulturministeren blitt hylla for sine gjennomslag. Sist veke la ho fram lovforslaget mot konverteringsterapi.

Statsministeren kan no bruke høvet til å toppe laget sitt. Ein av dei han har varsla ønske om å få inn i regjering er tidlegare kulturminister Hadia Tajik. På landsmøtefesten til Arbeidarpartiet i mai sa han ting som fekk folk til å tenke at det ville skje snart.

Kanskje skjer det også før Støre sjølv hadde førestilt seg.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar