Kommentar

Misjons...befaling?

Dette er ikkje tida for å setja trua på lydlaus.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I ei fabelaktig scene i fjorårets irske filmperle «The Quiet Girl» møter vi hovudpersonen, den litt stille og forsagte (men først og fremst nydelege!) ungjenta Caít i ein nattleg samtale med Seán, mannen i huset der ho er innlosjert for sommaren. Sean, er blitt glad i jenta, og vil forsvara hennar stillfarne vesen. «Mang ein person lar ein sjanse til å tie stille gå frå seg» seier Seán ut i natta. Ei viktig setning og ein ettertenksam augneblink.

Jesus: Gå! Gjer! Døyp! Lær!

Evna til å halda tunga i sjakk og ikkje gje seg over til tomprat er også eit sentralt Bibelsk poeng. Fleire stader blir vi minna om at den som vil vera ein Jesu disippel må øva seg i måtehald, også når det gjeld ordgyting. Alle orda om å «tøyma tunga» er kanskje litt av bakteppet for at kulturen har blitt litt taus i deler av det kristne landskapet, også på dei punkta der ein verkeleg skal tala. Den siste helsinga frå Jesus til venene sine før han drog frå jorda var nokså ettertrykkjeleg, og det er ein grunn for at uttrykket misjonsbefalinga blir brukt om nettopp denne.

Slike breie misjonsarrangement som på landsbasis samlar fleire tusen til fellesskap, lovsong og tilbeding og tydeleg misjonsappell kan lesast av som eitt svar på den motviljen mot misjon som statistikken og debatten tidvis røper. I staden for å slå seg til ro som tause og forsagte kristne, går det ein vilje til fellesskap gjennom Noreg for tida.

Jesus gir ikkje eit venleg vink eller eit slags innspel av typen som av og til dukkar opp under posten «eventuelt» på eit langt møte. Slike vert gjerne tekne imot med eit trøytt nikk; og eit halvhjarta, småironisk «interessant! Dette kjem vi tilbake til», som om vi var midt i ei av Børge Lunds herlege teikneseriestriper i kontorkomedien «Lunch».

Misjonsbefalinga er av eit heilt anna kaliber. Her legg Jesus sine myndige imperativ inn over venene sine: Gå! Gjer! Døyp! Lær! Men desse kjem ikkje utan lovnaden om hans mektige nærvær, som vert meir spesifisert når vi les i Apostelgjerningane. Eit ja til Jesu imperativ, er også eit ja til kontinuerleg reisefølgje; kraft og stadig påfyll frå han som er liv og som gir liv.

Misjon som sjølvsagt del av kristen tru

Det kan vera mange ting som gjer det vanskeleg å ta imot misjonsbefalinga som ei ytring med verkeleg autoritet. Livet som kristen dreier seg ikkje først og fremst om å stå i ei kommandolinje, men å ha ein relasjon til Jesus og bli lik han. Men berre å lytta utan å praktisera, blir av Bibelen framstilt som dårskap. Dessutan er det den uttalte kristne trua som har ført trua til oss i utgangspunktet. Den har komme til oss gjennom hundreåra fordi menneske var villige til å opna munnen og gje det vidare. Ofte med store kostnader for eige liv og eigen komfort.

Misjon har lenge vore ein sjølvsagt del av kristen tru. I ei tid som vår, med variantar av pluralisme og sekulær relativisme, som ikkje berre aksepterer ulikskap, men ofte krev tilpassing til ein politisk korrekt standard, er noko i ferd med å endra seg. Statistikk frå den anerkjende Barna Group-forskinga i USA (2019), viser at så mange som 47% av praktiserande kristne fødde rundt tusenårsskiftet meiner det er «feil å dela si personlege tru med nokon som trur noko anna i håp om at desse ein dag vil koma til same trua.»

Klare, men uvillige til å snakka om tru

Nesten halvparten har altså haldninga at det er feil å evangelisera. Forfattaren Natasha Crain drøfter desse funna i boka Faithfully different (2022), og påpeikar det oppsiktsvekkjande ved at den same undersøkinga viser at 96% av desse veit at evangelisering er ein del av den kristne trua. Barna-rapporten konkluderte med at kristne fødd rundt tusenårsskiftet er «klare, men uvillige til å snakka om tru». Crain meiner forklaringa ligg i eit formidabelt sekulært press mot evangelisering. Det er fort gjort å gå seg vill i tal, analysar og statistikkar. Alt er dessutan ikkje overførbart til Norske forhold. Men at desse tala er ein indikator på verknaden av dei sterke trendane som vil gjera tru til noko privat, synest opplagt.

Nyleg vart The Send-Local arrangert og den som har vore med i, eller følgt debattar om desse arrangementa får eit innblikk i kor komplisert kristnes forhold til misjon har blitt. Slike breie misjonsarrangement som på landsbasis samlar fleire tusen til fellesskap, lovsong og tilbeding og tydeleg misjonsappell kan lesast av som eitt svar på den motviljen mot misjon som statistikken og debatten tidvis røper. I staden for å slå seg til ro som tause og forsagte kristne, går det ein vilje til fellesskap gjennom Noreg for tida.

Når eg skal prioritera blant orda eg brukar, er det svært mykje anna å kutta ned på. Orda frå han som er presentert som sjølve Ordet i eigen person, må derimot stadig delast; på kreativt, djervt og mangfaldig vis.

Tidlegare skiljelinjer mellom forsamlingar og organisasjonar forvitrar og blir erstatta av forsoning og felles overordna mål om framleis å gje vidare det viktigaste. I Stavanger var til dømes over førti forsamlingar representerte, og gjorde The Send til ein stad for fellesskap, fornying og lengt etter at andre skal få del i det stadig like aktuelle bodskapet om Jesu oppgjer med synd og død. Hans imperativ over den kristnes liv utspeler seg på fascinerande vis i det djupt menneskelege og får ulike personlege uttrykk. Som den bortkomne sonen i Bibelens klassiske likning, kjem mennesket til seg sjølv, når det vender om og gir livet over i hans regi.

Å vera taus når det trengst, er livgjevande. Irsk filmkunst er slett ikkje å åleine om vakre uttrykk nettopp for det. Denne innsikta står likevel ikkje i noko motsetnadsforhold til det å gi vidare det levande ordet. Når eg skal prioritera blant orda eg brukar, er det svært mykje anna å kutta ned på. Orda frå han som er presentert som sjølve Ordet i eigen person, må derimot stadig delast; på kreativt, djervt og mangfaldig vis. Det som var viktigast for han, er også viktigast for dei som vil følgja etter han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar