Kommentar

Å la seg bedra til å tru på Gud

Bono og Eugene Peterson lærte meg korleis eg kan lese Bibelen no til dags.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg trudde U2 og Bono var eit tilbakelagt kapittel i livet mitt. Dette halvkristne rockebandet som tok kristne musikkmiljø med storm frå 1990 til 2010, spelte ei viktig rolle i tenåra mine, ja heilt fram til eg tjue år gammal såg dei spele på Wembley i London. Etter det tok andre band og kunstnarar over interessa mi. I seinare år har det gått meg hus forbi når U2 kjem med nye album.

Å bruke kunsten og metaforane til å forstå Gud

Nyleg kom eg over ein Youtube-video kor Bono snakkar om salmane, i dialog med Eugene Peterson (1932-2018), den amerikanske pastoren og forfattaren som omsette Bibelen til den lettleselege bestseljaren The Message. «Klamt», tenkte eg, men trykte på filmen likevel. Så feil kunne eg ta. Det viste seg at denne videosnutten ikkje skulle gjere meg sveitt, men styrkja i trua på Gud og kunsten.

I filmen spør Bono kvifor vi treng kunst og dei poetiske salmane i Bibelen. Dette er store, vanskelege spørsmål. Heldigvis har Bono eit svar: «the only way we can approach God is if we’re honest through metaphor, through symbol. Art becomes essential, not decorative».

Ein sommarfugl slår med venga og før du veit ordet av det har stavangersk pietisme lagt grunnlaget for ein litterær samtale om bibelsyn mellom verdas største rockestjerne og ein norskætta kjendispastor.

Kunsten, og metaforane kan altså brukast til noko meir enn pynt og staffasje. Abstrakt tåkeprat tenkjer kanskje lesaren. Men Peterson gjer det meir konkret for oss. Han fortel om sin oppvekst i eit miljø som hadde ei bokstavtru tilnærming til Bibelen, og openberringa han fekk då han byrja lese salmane, kor Gud kan vere både ei klippe og ein som samlar tårene i ei flaske (Salme 56).

Stavangersk pietisme

Kanskje var det stavangersk, pietistisk kristendommen som gav Peterson erfaring med bokstavtru bibellesing. Eg har lite kjennskap til denne kjente pastoren si livshistorie frå før, og har ikkje lese biografien hans. Det har Erik Andreassen som skreiv ei god melding av boka i Vårt Land. I denne kjem det fram at Petersons besteforeldre, André og Juditta Ødegård Høiland, var siddisar som emigrerte til USA i 1902, at Peterson vaks opp i eit nordisk miljø i Montana, og at ei sekterisk oppvekst fekk stå som kontrast til måten han sjølv valde å vere pastor gjennom mange tiår.

Sånn kan det altså gå. Ein sommarfugl slår med venga og før du veit ordet av det har stavangersk pietisme lagt grunnlaget for ein litterær samtale om bibelsyn mellom verdas største rockestjerne og ein norskætta kjendispastor. Guds vegar er som kjent ufattelege.

Men la oss ikkje redusere Bono og Petersons samtale til ei argumentasjonsrekke for å lese Bibelen på den eine eller andre måten. Her er det nemleg meir innsikt å hente. For kva er det eigentleg Bono meiner når han seier at det er gjennom metaforen vi kan vere ærlege? La meg prøve å forklare.

Omveg til djupare forståing

Eg likar å sjå på metaforen som ei kunstnarisk finte. Det er ein omveg som kan gje ei djupare forståing for gåtene i livet. Ikkje sjeldan har kunst gitt meg innsyn i mitt eige og andre sine liv. No snakkar eg om metafor i utvida forstand. Handlingar vi gjer kan vere symbol og teikn på noko anna. Slike kunstnariske omvegar brukar eg og alle andre i vårt daglege liv, med og utan medvit. Det kan vere rytmen i gitarklimpringa, måten eg beveger kroppen min til musikken på, eller eit språkleg bilde i ein samtale i lunsjen. Det er ein måte å gøyme og beskytte seg sjølv på, men det er også eit forsøk på å bli sett og forstått.

Eg håpar likevel at lukkast med å treffe nokon med ei spyttklyse av sanning. For også bibellesing handlar om å la seg bedra inn i sanninga og trua på Gud.

—  David Sviland, gjestekommentator

Stig Sæterbakken skriv om dette i eit essay om Søren Kierkegaard: «Alle hindringane han har lagt i veien, er i virkeligheten hans innstendige bønn om å bli forstått» («Goddag mann, Alter Ego»). Ein Kierkegaard-tekst som eg tykkjer illustrerer dette godt, finn vi i «Forord». Her listar forfattaren opp ei rekke både forståelege og absurde metaforar om det å skrive eit forord: «At skrive et Forord er ligesom at hvæsse Leen, ligesom at stemme Guitaren, ligesom at snakke med et Barn, ligesom at spytte ud af Vinduet». Kanskje ligg det ei spesifikk symbolsk meining bak metaforen om barnet. Men idet teksten er skrive og gitt ut til offentlegheita, har forfattaren mista kontrollen. No kan han bli både forstått og misforstått av lesarane. Såleis er det å spytte ut vindauget, eller skrive ein tekst, du risikerer å treffe nokon.

Sjå ein film, gå på teater eller les eit dikt

Bono snakkar om å vere ærleg gjennom metaforar for å nå fram til Gud med noko sant. Metaforen blir ein måte å bedra lesaren inn i sanninga på. Igjen kan vi gå til Kierkegaard: «Ja, egentlig kan man kun ene paa denne Maade bringe et Menneske, der er i en Indbildning, ind i det Sande, ved at bedrage ham» (Synspunktet for min Forfatter-Virksomhed). Kierkegaard brukte ikkje berre den enkelte metaforen til å lure lesaren inn, men heile hans forfattarproduksjon var eit forsøk på å bruke litteraturen til å bedra lesaren til ei djupare forståing av kristendomen.

Så kva kan vi lære av dette. Jo, kunsten gjer oss betre på å forstå livet og kvarandre. Sjå ein film, gå på teater eller les eit dikt, så er halve jobben gjort. Den andre halvdelen handlar om å ta kunsten i bruk i ditt eige liv. Det krev analyse, tankekraft og diskusjon. Men det viktigaste er å vere audmjuk for kva metaforen kan bety i ditt eige liv.

Den merksame lesaren har kanskje oppdaga mitt eige bedrag i denne teksten. Påstanden om at dette ikkje skal vere ei argumentasjonsrekke for og imot ulike bibelsyn, byrjar å bli tynnsliten. Eg håpar likevel at lukkast med å treffe nokon med ei spytteklyse av sanning. For også bibellesing handlar om å la seg bedra inn i sanninga og trua på Gud. Såleis blir det mogleg å lese Bibelen om att og om att med nye auge, også i 2023.

Les mer om mer disse temaene:

David Sviland

David Sviland

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar