Kommentar

Slik vart sekta eit folkeparti

Ukraina-krigen har ikkje tatt livet av Raudt sine ambisjonar om å ta over norsk politikk. Likevel er folkeparti-visjonen avhengig av at Bjørnar Moxnes vinn fram om våpenstøtte til Ukraina.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tidlegare statssekretær og rådgjevar for Jens Stoltenberg, Jan-Erik Larsen, sa spøkefullt i ein podkast nyleg at historia om KrF og Raudt er historia om «eit folkeparti som vart ei sekt, og ei sekt som vart eit folkeparti». Ordet sekt er nok for sterkt til å skildre både KrF og Raudt, men sitatet fortel likevel om korleis desse to partia sine grafar på meiningsmålingane for lengst har kryssa kvarandre. Denne helga er begge parti samla til landsmøte på Hamar (KrF) og i Stavanger (Raudt).

Studiesirklar ytst på venstrekanten

Lenge vart ikkje Raudt rekna som eit parti som alle andre. Dei vart sett på som for ekstreme, karikerte og lite relevante. Kven brydde seg om kva nokre studiesirklar ytst på venstrekanten av norsk politikk måtte meine om det eine eller andre? Her og der i lokalpolitikken hadde dei viktige profilar, men i rikspolitikken var dei nesten usynlege.

Det var inntil Bjørnar Moxnes tok over partiet i 2012. Sidan den gongen har fornyinga av partiet vore så omfattande at det knapt er til å kjenne att.

Då Raudt vinteren 2022 snusa på 10 prosent på meiningsmålingane, var fleire av strategane i dei andre partia ute etter å slå hol på Raudt-bobla. Dei fekk som kjend hjelp frå Vladimir Putin, då han gav ordre om åtaket på Ukraina 24. februar i fjor.

—  Emil André Erstad, kommentator

Grovt teikna er forskjellen at Raudt før 2012 var mest oppteken av seg sjølv og sine eigne ideologiske tankerekker. Etter 2012 vart blikket retta utover mot klart definerte grupper som lågtløna, trygda og fagorganiserte nordmenn. Dermed var det ikkje lenger hundrevis som kunne nikka anerkjennande til partiets politikk, men hundretusenvis. Triumfen kom då partiet hamna over sperregrensa i 2021-valet.

Raudts traurige historie

Bjørnar Moxnes hadde ikkje klart å reise partiet slik han gjorde utan hjelp frå ei rekke av partiets yngre profilar. Her finst moglegvis eit læringspunkt for andre parti i krise: Ved hjelp av eit lite og tett miljø av unge Raudt-aktive med base i og rundt avisa Klassekampen klarte Moxnes å gjennomføre strategien om å gjere Raudt til eit folkeparti. Fleire av dei viktigaste spelarane i denne lagoppstillinga var tidlegare leiarar i Raud Ungdom, slik som Linn-Elise Mehlen, Iver Aastebøl og partiets nesten mytiske og mest kjende figur Mímir Kristjánsson.

Alle parti har ei historie – og trass i den beskjedne storleiken er Raudt eit parti med meir historie enn fleire andre. Strategien om å breie ut partiet ved å fokusere på store saker om sosial rettferd i Norge, gjorde partiet aktuelt for mange. Samstundes gjorde denne strategien partiet sårbart for åtak frå andre parti. Då Raudt vinteren 2022 snusa på 10 prosent på meiningsmålingane, var fleire av strategane i dei andre partia ute etter å slå hol på Raudt-bobla. Dei fekk som kjend hjelp frå Vladimir Putin, då han gav ordre om åtaket på Ukraina 24. februar i fjor.

Plutseleg vart kommunikasjonen til Raudt mykje vanskelegare. Internt vert det sagt at krigen kom brått på. Det gjorde den for så vidt, men dei fleste partia i norsk politikk klarte i løpet av relativt kort tid å ta tydeleg stilling til krigen og korleis Norge best kunne hjelpe Ukraina. Raudt sleit. Delvis fordi partiet gjennom historia har fokusert på motstand og opposisjon mot Norges rolle som alliert av amerikansk utanrikspolitikk. Delvis også fordi mange av partiets tradisjonelle støttespelarar hadde eit mildt sagt alternativt syn på Russlands rolle i verda.

Raudt i skammekroken

Raudt enda opp som det einaste partiet på Stortinget som ikkje ville støtte Ukraina med våpen. Det mest audmjukande augneblinken for Raudt i denne prosessen var då resten av partia på Stortinget gjekk saman om å støtte Ukraina med det mykje omtalte Nansen-programmet på 7,5 milliardar kroner i militær støtte i år. Raudt vart plassert i skammekroken, til spott og spe for veljarane.

Viss Moxnes skulle tape på landsmøtet, vil det bety eit skot i baugen for tanken om Raudt som eit breitt folkeparti. Det vil tilsvarande vere ein stor siger for museumsvaktarane i partiet.

—  Emil André Erstad, kommentator

Derfor er noko av det viktigaste som skjer på landsmøtet i Stavanger kva avgjerd partiet landar på om våpenstøtte til Ukraina. Det er heilt ope om det blir ja eller nei til å donere våpen. Dersom det blir ja, er partiet velkommen inn til å underskrive det breie forliket om Nansen-programmet. For strategane i dei andre partia som vil stogge Raudts vekst vil det vere negativt.

For Raudt og Bjørnar Moxnes vil det vere i tråd med folkeparti-visjonen som har styrt partiet sidan 2012. Det var grunnen til at Moxnes i midten av mars sa at partiet måtte støtte å sende våpen til Ukraina. Formuleringa sentralstyret vil ha inn er følgjande: «Utan våpenstøtte hadde Ukraina blitt overkøyrt og underlagt et sjåvinistisk, høgrenasjonalistisk russisk styre … Derfor er det riktig med våpenstøtte til Ukraina.»

Uoversiktleg våpenstrid

Kvifor er det så vanskeleg å vite kva partiet vil lande på? Jo, fordi Raudt har ein organisasjon som er ganske annleis enn dei andre politiske partia. Til dømes har kvart lokallag i partiet éin delegat på landsmøtet, med nokre få unntak. Det betyr at sjølv bitte små lokallag har like mange delegatar på landsmøtet som store lag frå Oslo, Stavanger og Bergen. Det gjer våpenstriden uoversiktleg.

Sjølv om det er fleirtal i sentralstyret for å endre synet på våpenstøtte til Ukraina, er det også der dissens med fire sentralstyremedlemer som motset seg ei endring. Sju av åtte stortingsrepresentantar støttar ei endring som også Bjørnar Moxnes har tatt til orde for. Eit klart fleirtal av Raudt-veljarane og dei mange nyrekrutterte medlemmene støttar også partileiaren.

Viss Moxnes skulle tape på landsmøtet, vil det bety eit skot i baugen for tanken om Raudt som eit breitt folkeparti. Det vil tilsvarande vere ein stor siger for museumsvaktarane i partiet.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar