Kommentar

Dette talet har forandra verkelegheita for KrF

Ikkje eingong med maksimal feilmargin ville KrF ha kome over sperregrensa i Vårt Lands siste meiningsmåling. I ei ny bok finn vi noko av svaret på kva som gjekk gale for partiet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den ferske meiningsmålinga først: KrF får berre 2,8 prosent oppslutning i Vårt Lands ferske stortingsmåling for april. Det er ned 1,2 prosentpoeng frå førre måling i mars.

Tala er gjennomgåande skrekkeleg lesing for partiet som skal samlast til landsmøte på Hamar til helga. Berre 2,4 prosent av veljarane som ikkje stemte ved førre stortingsval, oppgir no at dei vil stemme på KrF. Partiet som lenge hadde særs lojale veljarar, er no nede i ein lojalitet på 57,4 prosent. Høgre ligg til samanlikning tett på over 86 prosent. Det er også partiet KrF mistar flest veljarar til.

KrF hadde grepet om dei eldste veljarane

Noko av forklaringa på denne miserable utviklinga kan vi finne i den nye boka Norske partier og velgere Valgresultatenes historiske røtter, av den erfarne statsvitskap-professoren Tor Bjørklund og Axel Fjeldavli. Der skriv dei om utviklinga til dei norske partia frå 1880-åra fram til i dag. Boka inneheld eit vell av interessant kunnskap, og er eit skattkammer for politisk interesserte. Ein av dei interessante funna i boka, er analysen av KrFs veljargrunnlag målt opp mot demografiske endringar i befolkninga.

Det er velkjend at KrF tradisjonelt har hatt best grep om den eldre garde. Mange har feilaktig konkludert med at partiet derfor vil dø ut. Spådommen har slått feil igjen og igjen. Kvifor? Fordi partiet stadig har rekruttert nye veljarar frå den eldste delen av befolkninga.

KrFs problem er dermed at banken av nye veljarar i den eldste delen av folket, har stoppa utbetalingane. Dei som vert gamle i dag var unge under studentopprøret mot autoritetar, normar og tradisjonar i 1968. Denne generasjonen er langt mindre religiøse enn til dømes depresjonsgenerasjonen og gjenreisingsgenerasjonen

I alle fall har dei gjort det fram til ganske nyleg. For som Bjørklund og Fjeldavli skriv i boka: «Påfallende er imidlertid at avvikene mellom generasjonene i støtte til KrF har blitt stadig mindre. Ved lokalvalget i 2019 er den forsvunnet, en observasjon som får støtte fra tall som er publisert fra valget i 2021. (...). Dette er et nytt trekk ved partiet. Det rekrutteres ikke lenger klart best blant de eldste. Gitt forventet oppslutning ligger det nær å si at det var de eldre som sviktet Kristelig Folkeparti, og det med en desimert stortingsgruppe som resultat.»

Eldre nordmenn trur ikkje like mykje på Gud som før

Bjørklund og Fjeldavli koplar den manglande KrF-appellen blant eldre veljarar til eit anna nytt fenomen: Eldre nordmenn trur ikkje like mykje på Gud som før.

I talmaterialet fins det grunnlag for å hevde at så og sei alle dagens KrF-veljarar trur på Gud. Ein liten periode på slutten av 90-talet viser tala at delen KrF-veljarar som trudde på Gud, var ned mot 70 og 80 prosent. Det har også vore gjennomgåande høgare gudstru blant generasjonen veljarar fødd 1886 - 1905 (72 prosent) enn blant generasjonen fødd etter 1991 (27 prosent), i følge Norsk Monitors database.

Så skjer det plutseleg noko, i følge forfattarane av den nye boka: Frå 1985 til 2021 er det ein markant nedgong i talet som trur på Gud og i talet på KrF-veljarar. Talet på KrF-veljarar som trur på Gud, er derimot stabilt.

KrF må vinne yngre veljarar

KrFs problem er dermed at banken av nye veljarar i den eldste delen av folket, har stoppa utbetalingane. Dei som vert gamle i dag var unge under studentopprøret mot autoritetar, normar og tradisjonar i 1968. Denne generasjonen er langt mindre religiøse enn til dømes depresjonsgenerasjonen og gjenreisingsgenerasjonen.

Det kan bidra til å forklare kvifor KrF slit på meiningsmålingane om dagen. Dersom trenden skal snu, må KrF få eit tydelegare og betre grep om dei yngre veljargenerasjonane. Det har partiet berre klart ved eit par høve opp gjennom historia, som i 1997.

Spørsmålet er om landsmøtet på Hamar til helga sit på fasiten for kva partiet skal gjere for å få det til igjen.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar