Kommentar

«Derfor er det ikkje sjølvsagt at kristendemokratiske parti døyr»

Mange har spådd KrFs død fordi det er eit kristendemokratisk parti i ein sekulær tidsalder. Dei ferske vala i både Finland og Sverige er tydelege døme på at undergongen ikkje kjem automatisk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den ferske statsministeren i Finland heiter etter alt og døme Petteri Orpo frå det borgarlege Samlingspartiet. Søndagens val vart i det heile ein braksiger for høgresida der det nasjonalkonservative og populistiske Sannfinländarna vart nest størst (20,1 prosent), marginalt bak storebror Samlingspartiet (20,8 prosent). Sosialdemokratiske Sanna Marin som har vore statsminister sidan 2019 må etter alt å døme få seg ny jobb.

Midt i denne omskiftinga i finsk politikk kan eit relativt lite kristendemokratisk parti spele ei nøkkelrolle.

Treng støtte frå KD i Finland

Partiet som på finsk heiter Suomen Kristillisdemokraatit vert av det svensktalande mindretalet kalla Kristdemokraterna i Finland (KD). Partiet minner meir om KrF her heime enn det svenske systerpartiet med nesten same namn – og kanskje har finnane ei meir nærliggjande suksessoppskrift for KrF enn svenskane.

I søndagens val gjekk i alle fall finske KD fram frå 3,9 til 4,2 prosent. Viss KrF gjer det same i 2025, vil det ha store konsekvensar for norsk politikk.

Om nokre veker skal KrF samle seg til landsmøte på Hamar. Då er spørsmålet om dei ser til Stockholm eller Helsingfors. Ellers kan dei ende opp som i København.

—  Emil André Erstad, kommentator

I Finland var forskjellen mindre, fordi det ikkje finst noko sperregrense i den finske Riksdagen. Finske KD fekk litt framgang, med same talet mandat i nasjonalforsamlinga som ved valet i 2019. Likevel kan desse mandata no bli avgjerande for at Finland skal få ei ny regjering med konservative Petteri Orpo som statsminister. I finsk politikk er det vanleg med regjeringar på tvers av blokkgrensene, og det er endå usikkert om Orpo vil prøve seg på ei regjering med Sannfinländarna eller Sanna Marins SPD. Det er venta at han vil prøve seg på førstnemnde. Då vil han sannsynlegvis trenge støtte KD og minoritetspartiet Svenska folkpartiet.

Dermed er det igjen duka for at KD kan bli eit maktparti i finsk politikk.

Breidde, brodd og særpreg

Der svenske KD har hatt som mål å bli eit av dei store partia i svensk politikk, har dei finske kristendemokratane halde litt meir fast på identiteten som eit mindre, pragmatisk og sentrumsorientert parti. Partiet har ingen tanke om at det skal bli 20 prosent, men halde posisjonen og tene veljarane sine. Partiet har litt av den same demografiske profilen som KrF, då dei henta mest støtte i to åtskilde belte av finlandssvenskar langs kysten. I valkrinsen Vasa gjorde partiet sitt beste val nokosinne. Der er finlandssvenskane i majoritet. Desse kjenner finske KD godt, og stiller opp for hjartesakene i distrikta sine. Blant hjartesakene i valkampen var til dømes landbrukspolitikk og kortare avstand for sjuketransport i dei svensktalande områda.

Partileiaren Sari Miriam Essayah – som er tidlegare VM-vinnar i kappgang (!) – er ei kvinne på Olaug Bollestads alder, har leia partiet sidan 2015. Ho er ein tydeleg vedkjennande pinsevensom ikkje har skydd å delta i oppheita debattar med tilsnitt av kulturkrig. Då ho vart intervjua av rikskringkastaren YLE i valkampen sa ho mellom anna ateistane nyttar innvandrarar som eit skalkeskjul for å få bort dei kristne tradisjonane frå skulane og at venstresida «berre vil låne pengar».

Slik har finske KD både breidde, brodd og særpreg.

Forsvarar dagens abortlov

I den økonomiske politikken står dei likevel nær sentrum, i motsetnad til det svenske systerpartiet som har gått stadig lenger til høgre. Både i Finland og Sverige har dei kristendemokratiske partia gått inn for å støtte abortlova som ligg til grunn. Den er riktig nok meir konservativ i Finland enn i Norge og Sverige. Strategien til finske KD har vore å forsvare dagens abortlov i møte med forslag om liberalisering.

I KrF kan vala i både Sverige og Finland gje tru på at ikkje alt håp er ute. I eit nordisk perspektiv er det i desse to landa oppskrifta til overleving for partiet finst. Den svenske modellen handlar om å skru til retorikken mot høgre, vri innvandringspolitikken i restriktiv retning og bli meir som dei andre partia. I Finland har ein så vidt klart å snu negativ utvikling frå KrFs nivå til rett over 4 prosent.

—  Emil André Erstad, kommentator

I sitt prinsipprogram er likevel finske KD omtrent på linje med dagens KrF-formuleringar om samkjønna ekteskap, der dei skriv at dei ser på ekteskap mellom kvinne og mann som det beste for barns oppvekst.

Helsingfors eller Stockholm

I fjor haust vart Kristdemokraterna i Sverige ein del av den svenske regjeringa, med partileiar Ebba Busch som visestatsminister. I løpet av nokre månader kan kristendemokratane vere i regjering i Finland også. Her heime slit framleis KrF, sjølv om det er eit stykke ned til krisetala som dei danske kristendemokratane har hatt sidan dei fell ut av det danske Folketinget i 2011. Der er det lite som tyder på at partiet skal klare å komme tilbake.

I KrF kan vala i både Sverige og Finland gje tru på at ikkje alt håp er ute. I eit nordisk perspektiv er det i desse to landa oppskrifta til overleving for partiet finst. Den svenske modellen handlar om å skru til retorikken mot høgre, vri innvandringspolitikken i restriktiv retning og bli meir som dei andre partia. I Finland har ein så vidt klart å snu negativ utvikling frå KrFs nivå på 3-talet til rett over 4 prosent. Det kan gje makt for dei norske kristendemokratane etter 2025 – slik tilfellet no er i både Finland og Sverige.

Om nokre veker skal KrF samle seg til landsmøte på Hamar. Då er spørsmålet om dei ser til Stockholm eller Helsingfors. Elles kan dei ende opp som i København.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar