Kommentar

Alf Kjetil Walgermo: «Anna Gutto løfter opp menneskehandel på ein måte som treff hjarta våre så det smell»

Menneskehandel er blant dei største vonda i samfunnet vårt. Ein ny film på Netflix viser deg kvifor.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I mars blei den norske regissøren Anna Guttos film Paradise Highway tilgjengeleg for alle norske sjåarar med tilgang til Netflix. Spenningsfilmen med Juliette Binoche og Morgan Freeman i hovudrollene handlar om menneskehandel, «trafficking», og bør sjåast av politikarane på Stortinget.

I filmen møter vi Sally (Binoche), ein kvinneleg lastebilsjåfør, og bror hennar, Dennis (Frank Grillo), som soner ein dom i fengselet. Søskena har hatt ein tøff oppvekst, og særleg broren sit framleis fast i destruktiv kriminell verksemd. Rett før han skal lauslatast frå fengselet, ber han Sally om ei teneste så han kan sleppe unna folka som er etter han – ho skal levere ein pakke for han i nabodelstaten. Sally vegrar seg, men kjærleiken til broren er større enn skepsisen mot å bli delaktig i lovbrot. Ho går med på å levere pakken.

Når ho kjem til treffstaden, viser det seg likevel at det ikkje er nokon pakke ho skal frakte, det er ei mindreårig jente. Vi forstår fort at jenta er offer for menneskehandel – ho skal fraktast over delstatsgrensa til ein eldre mann som har bestilt henne. Leila (Hala Finley), som ho heiter, er eit traumatisert overgrepsoffer. Sally skal frakte henne i lastebilen sin så ho skal bli offer for nye overgrep. Kan ho verkeleg utføre ei slik handling? Og kan ein pensjonert politimann (Freeman) forhindre at det skjer?

Hjarteskjerande

Anna Guttos film gjer sterkt inntrykk. Ikkje berre fordi vi i Juliette Binoche har fått eit kvinneleg motstykke til Kris Kristoffersons legendariske rolle som trailersjåfør i spelefilmen Convoy frå 1978. Gutto, som både har skrive manus og regissert, har etter mitt syn ikkje fått tilstrekkeleg ros for å løfte opp menneskehandel som samfunnsproblem på ein måte som treff hjarta våre så det smell. Det er særleg hjarteskjerande å sjå unge menneske bli frårøva fridom, håp og livsglede ved å pressast inn i prostitusjon. I filmen er handlinga lagt til USA, men menneskehandel er ei utfordring også i Noreg.

Menneskehandel er ei utfordring også i Noreg

—  Alf Kjetil Walgermo

I den førre rapporten frå KOM, Koordineringseininga for offer for menneskehandel, kjem det fram at det i Noreg i 2021 blei registrert 29 politimeldingar for trafficking. Ti av dei fornærma var under 18 år på gjerningstidspunktet. Det blei fatta påtaleavgjerd i 35 menneskehandelsaker, mens det berre var tre straffesaker med fellande dom. Tala er ikkje høge, men det er dessverre ingen grunn til å glede seg stort over det. Snarare har Noreg motteke bekymringsmeldingar frå relevante internasjonale organ om dei låga tala i rettssystemet. På tjue år har det berre vore litt over 50 fellande dommar for menneskehandel i Noreg. Mørketala er høgst truleg store.

Solid engasjement

Mange friviljuge organisasjonar er sentrale i arbeidet mot menneskehandel i landet vårt, i tillegg til kommunale og statlege aktørar som Human Trafficking Support Oslo (HTSO), Pro Sentret og ROSA. Blant dei friviljuge finn vi til dømes Kirkens Bymisjon, som blant anna driv senteret Nadheim, der 300 personar fekk oppfølging i 2021, og Lauras hus, eit forsterka bustadtilbod til offer for menneskehandel og dei eventuelle barna deira. I 2021 budde elleve kvinner og tre barn på Lauras hus, og endå fleire fekk oppfølging ved såkalla ettervern.

Maritastiftelsen er ein annan viktig aktør, til dømes gjennom Marita Women bufellesskap. I 2021 budde seks kvinner og tre barn i dette fellesskapet på hemmeleg adresse i Oslo. Frelsearmeen har hatt eit bufellesskap for utsette menn, det såkalla Safe House Filemon. Seks menn budde der i forfjor, pluss åtte over kortare tid. Andre viktige aktørar er Raude Kross, Caritas Norge, Hope for Justice og Shalam Women.

Uheldige signal

Når det blir drive så mykje godt arbeid mot menneskehandel i dei friviljuge organisasjonane, er det viktig at også regjeringa og stortingspolitikarane følgjer opp. Til dømes har ikkje Jonas Gahr Støres regjering laga ein ny handlingsplan mot menneskehandel, den førre kom i 2016.

Det er mogleg at Støre meiner at handlingsplanen frå Erna Solbergs regjering er god nok og at det ikkje er behov for ein ny. Eg synest likevel at det blir ein smule passivt. Menneskehandel stod heller ikkje nemnt med eit ord i Hurdalsplattforma (med eit ørlite unntak for tvangsekteskap). Det kan gi eit inntrykk at av tematikken ikkje er viktig for den noverande regjeringa, noko som igjen sender uheldige signal vidare i systemet. Kort sagt: Regjeringa bør lage ein ny handlingsplan mot menneskehandel.

Også stortingspolitikarane bør vere meir aktive i denne saka, så ikkje kampen mot menneskehandel står fram som ei særinteresse for Kristeleg Folkeparti. For KrF har kopla seg på, og fremja nyleg eit forlag for Stortinget om å auke strafferamma frå seks til ti års fengsel for menneskehandel, i alvorlege tilfelle heilt til femten år. Eg skal ikkje meine noko spesifikt om forslaget, men det er definitivt grunn til å vurdere strengare straffer for bakmenn som øydelegg livet til så mange unge og håpefulle ungdommar. I dag kan hallikar sleppe unna med dommar på tre til fem års fengsel sjølv i graverande saker som involverer tenåringar.

Menneskehandel er eit samfunnsvonde vi må kjempe mot med nebb og klør. Politikarane kan begynne med å sjå Paradise Highway. Så kan dei diskutere vidare etter det.

ROSA er den nasjonale hjelpelinja mot menneskehandel. Telefon 22 33 11 60 (open 24 timar i døgnet).

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar