Kommentar

Slik er kampen i kulissene for å redde Ap-leiinga

Kor mange ledige plassar er det eigentleg i Ap-leiinga? Den varsla nestleiarkampen mellom Hadia Tajik og Tonje Brenna er eigentleg meir eit spørsmål om sittande nestleiar Bjørnar Skjæran og partisekretær Kjersti Stenseng skal få halde fram.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle i det politiske miljøet snakkar om det no: Blir det Hadia Tajik eller Tonje Brenna som skal fylle den ledige nestleiarplassen i Arbeidarpartiet?

No viser det seg at det eigentleg er feil spørsmål.

Snakk i korridorane om Skjæran og Stenseng

Det verkar tilsynelatande som om dei tre andre plassane i leiinga ligg fast. Jonas Gahr Støre får attval som partileiar, Bjørnar Skjæran som nestleiar og Kjersti Stenseng som partisekretær.

Likevel viser det seg at det ulmar meir under overflata i maktpartiet. Snakk i korridorane viser at kabalen er langt frå ferdig. Blant medlemene i valkomiteen er det ikkje opplagt at den sittande partileiinga skal halde fram. I fleire fylkeslag blir det no snakka om at verken Skjæran eller Stenseng bør få halde fram.

Jonas Gahr Støre blir neppe utfordra som partileiar på landsmøtet i mai.

Mykje tyder derfor på at det ikkje er kunnskapsminister Tonje Brenna den tidlegare nestleiaren Hadia Tajik går i kamp mot. Fleire av Tajiks støttespelarar sa til Vårt Land torsdag at begge to bør bli nestleiarar.

Usynleg nestleiar

Då er det ikkje lenger plass til nordlendingen og fiskeriminister Bjørnar Skjæran. Dersom Brenna og Tajik blir nestleiarar, må sannsynlegvis også partisekretær Kjersti Stenseng vike på grunn av kjønnsbalansen. Det er ikkje plass til tre kvinner i leiinga.

Det handlar eigentleg om Arbeidarpartiet sjølv opplever at partiet er i krise. Dersom kriseforståinga blir stor nok, vil behovet for større utskifting av leiinga tvinge seg fram. Det vil gje rom for Hadia Tajik som nestleiar saman med Tonje Brenna.

—  Emil André Erstad, kommentator

Partileiar Jonas Gahr Støre har sagt at partiet bør tenke på fornying og politikarar som kan løfte blikket når dei skal sette saman ny partileiing. Ein kan seie mykje om Bjørnar Skjæran, men han representerer neppe den visjonære eller fornyande delen av Arbeidarpartiet. I tillegg peikar fleire på at han har vore nokså usynleg som nestleiar gjennom krisene dei siste åra.

Pendlarbustad-saka som gjorde at Tajik måtte gå av i fjor vår, vert i liten grad brukt som argument mot henne internt i partiet. Derimot er det fleire som framleis ser hennar rolle i metoo-varslingane mot Trond Giske som eit maktspel. Blant tilhengarane vert ho løfta fram som den einaste i leiinga som tok varslarane på alvor.

Behov for mannleg partisekretær nord for Dovre

For eit parti som denne veka vart kritisert i ei ny bok om varslingane for å sette maktspel framfor handtering av seksuell trakassering, slår denne konflikta inn med full styrke.

Verken Bjørnar Skjæran eller Kjersti Stenseng har sagt at dei ønsker å gje seg. Derfor er dei tent med ein diskusjon som handlar om at det berre er ein ledig plass i leiinga. Også Brenna har snakka om å fylle «den ledige plassen». Fleire av deira tilhengarar har gjentatt denne frasa, fordi dei tenker at Brenna vil vinne ein kamp mot Tajik.

Det siste er godt mogleg, og derfor også grunnen til at Tajiks støttespelarar går for ein breiare diskusjon om heile leiinga.

Dersom valkomiteen går for å innstille både Tajik og Brenna som nestleiarar, vil det bli behov for ein mannleg partisekretær nord for Dovre. Der manglar det ikkje på kandidatar, som til dømes den kjende trønderpolitikaren Tore O. Sandvik.

Det handlar eigentleg om Arbeidarpartiet sjølv opplever at partiet er i krise. Dersom kriseforståinga blir stor nok, vil behovet for større utskifting av leiinga tvinge seg fram. Det vil gje rom for Hadia Tajik som nestleiar saman med Tonje Brenna.




Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar