Kommentar

He’s running

Han var i sjeldan god form. Og han tok fatt på ei stor oppgåve.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tysdag i førre veke tala Joe Biden til Kongressen. I si årvisse utgreiing om rikets tilstand sto den 80 år gamle presidenten fram full av energi og pågangsmot.

Tidene har forandra seg sidan republikanaren Joe Wilson i 2009 vart formelt irettesett, etter å ha ropt «You lie» under ein tale av Barack Obama i det same rommet. Under Bidens tale førre veke likna tilhøva i den staselege salen tidvis meir på slik vi er vane med å sjå den britiske nasjonalforsamlinga, med uro og tilrop frå benkeradene.

Høgast ropte republikanarane då Biden påpeika at enkelte representantar for deira parti ønskjer å leggje ned dei store trygdeordningane Social Security og Medicaid, som sikrar grunnleggjande trygdeutbetalingar.

Biden let seg ikkje skremme av uroa i salen; tvert om såg det ut som han trivst svært godt der han sto. Då halve salen eksploderte i protest mot det han sa om trygd, smilte han og påpeika at han er glad i omvendingar. Innan slutten av utvekslinga gav ein samla sal ståande applaus for desse ordningane. Om republikanarane heilt forstod kva som skjedde, er uvisst.

Politiske prioriteringar

State of the Union-talen er grunnleggjande sett ei framlegging av presidenten sine prioriteringar for året som ligg føre, og Biden gjorde dette til gagns. Han viste til politikken ein har fått gjennomført dei siste to åra, og utfordra nasjonalforsamlinga til å bli med på å fullføre jobben.

Med republikansk fleirtal i Representanthuset og eit hårfint fleirtal for eige parti i Senatet, er det lite eller ikkje noko rom for Biden til å få gjennomført politikken han la fram frå talarstolen. Sjølv om talen var full av uttalte invittar over den politiske midtgangen, var ikkje brorparten av substansen spesielt sentrumsorientert.

Det finst svært lite rom for Biden til å få gjennomført politikken han la fram frå talarstolen

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Dyre forslag

Biden bad Kongressen stille seg bak omfattande program for barnepass, høgare utdanning og førskule til fleire, og betre tilbod for eldre som treng pleie. Han vil gjere mellombelse prisreduksjonar på offentlege helseforsikringar permanente, og sette inn tiltak mot prisauke frå legemiddelindustrien.

1. januar i år tredde eit nytt pristak på insulin i kraft for eldre som er dekka av Medicare-ordninga. Biden annonserte i talen at han vil gjere dette gjeldande for alle amerikanarar, og det kan monne for mange: Pristaket er på 35 dollar i månaden, rundt 350 norske kroner. Rundt ein av ti amerikanarar har diabetes, og mange betaler i dag fleire hundre dollar i månaden for den livsnødvendige medisinen.

Inntening og samarbeid

Dette, og mange fleire forslag, vil koste skattebetalarane store pengar, men presidenten hadde også ei rekkje tiltak på blokka for å styrke innteninga. Han vil firedoble den nyleg innførte skatten på bedrifters tilbakekjøp av aksjar og auke skattenivået for dei aller rikaste, i tillegg til å stengje fleire smotthol i skattelova. Han skisserte også planar for auka kontrollaktivitet for å avsløre skattejuks. Ingen av desse forslaga er mellom favorittane til republikanarane.

Biden la også fram ei smørbrødliste av tiltak som det skal vere mogleg å samle tverrpolitisk støtte for. Mellom dei var tiltak mot den stadig veksande epidemien av opioidavhengigheit, middel til forsking på og behandling av kreft, breiare tilgang til psykisk helsehjelp og betre tilbod til militærveteranar. Det er førebels eit opent spørsmål om republikanarane vil vere interesserte i å gå inn i samarbeid, også om føremål dei er for, i opptrappinga til eit valår.

Nytt slagord?

«Let’s finish the job» var ei tilbakevendande frase, og vi skal ikkje bli overraska om vi får sjå slagordet trykt i raudt, kvitt og blått på plakatar i tida som kjem. Talen sist tysdag var nemleg det tydelegaste teiknet vi har sett så langt på at Biden-maskineriet no girer opp mot valkamp. Dersom ein skulle ha vore i tvil — og mange av oss har vore det, gjeve at Joe Biden allereie er tidenes eldste amerikanske president — er det no heilt tydeleg at planen til er å «fullføre jobben» i fire nye år frå 2024.

Vi skal ikkje bli overraska om vi får sjå «Let’s finish the job» på plakatar i tida som kjem

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Kommentatorane var samstemde etter talen: «He’s running». Han stiller. Kanskje er det Donald Trump sitt kandidatur som har gjort at Biden ender opp med å stille til val att, sjølv om han vil vere 82 år på valdagen. Mange journalistar og forfattarar har skildra korleis Joe Biden gjennom Donald Trump sin presidentperiode i aukande grad vart overtydd om at han var den einaste demokraten som kunne slå Trump. Det finst ingen teikn til at denne overtydinga har blitt mindre gjennom dei siste to åra.

Målingar viser at fleirtalet av amerikanarar ikkje er nøgde med Biden sitt leiarskap, og sjølv mellom demokratar ville dei fleste føretrekke at ein annan var partiet sin presidentkandidat i 2024. Donald Trump, på si side, har førebels noko meir støtte mellom republikanske veljarar, men han vil også truleg ha eit større tilfang av motkandidatar som vil gje han kamp til døra.

Det blir ein spanande valkamp, kanskje spesielt fram til vi står att med to kandidatar om lag på denne tida neste år. Med Biden sin offensive tale til Kongressen i førre veke, er startskotet definitivt gått.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar