Kommentar

«Nådelause naturkrefter kan opne augo til mektige politikarar»

Sannsynlegvis er tusenvis drepne og endå fleire hus ligg i ruinar. Likevel kan dei nådelause naturkreftene gje håp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jordskjelvdiplomati.

Ordet er ei sjølvmotseiing, men likevel eit stikkord for det som kan komme når etterskjelva på det tyrkiske fastlandet har byrja å gje seg.

Korleis kan det liggje håp om positive endringar i ei så enorm katastrofe som den som måndag ramma Tyrkia og Syria?

Grusomme TV-bileter

Vi har sett TV-bileta av dei øydelagde bygningane, leitemannskap som lyser etter overlevande og alle bårene med kroppane som har stilna. Tapstala er så høge at dei er vanskelege å ta innover seg. Små og store menneskeliv tok brått slutt, klemt mellom murstein, armeringsjern og samanrasa tak. Livet kjennest sårbart i møte med naturens nådelause krefter.

Den mektige presidenten Recep Tayyip Erdogan gjer alt han kan på den internasjonale scena, for å vinne støtte blant religiøse og nasjonalistiske tyrkarar på heimebane. No er han makteslaus.

—  Emil André Erstad, kommentator

I skrivande stund er meir enn 1200 menneske daude. Talet er venta å stige kraftig dei neste timane, spesielt sidan den delen av Syria som er hardast ramma — i Idlib-provinsen — ligg utanfor dei regjeringskontrollerte områda. Dessutan veit vi enno ikkje konsekvensane av dei mange etterskjelva som er venta. Nokre gonger kan dei vere vel så daudelege som det første skjelvet.

Internasjonal nøtt

Situasjonen er sjølvsagt tragisk, men også på mange måtar absurd:

Tyrkia har vore ei hard nøtt i internasjonal politikk dei siste åra. Nato-landet har engasjert seg i ein langvarig militærintervensjon i nabolandet Syria, trass i gjentekne åtvaringar frå allierte land.

Tyrkia har også stukke kjeppar i hjula på Sverige og Finlands Nato-søknadar, ettersom tyrkarane meiner dei to nordiske landa ikkje gjer nok i kampen for å slå ned på kurdiske terrororganisasjonar. Spesielt ille har konflikten med Sverige blitt.

Den mektige presidenten Recep Tayyip Erdogan gjer alt han kan på den internasjonale scena, for å vinne støtte blant religiøse og nasjonalistiske tyrkarar på heimebane. No er han makteslaus.

Jordskjelvdiplomatiet i 1999

No er det Tyrkia som treng hjelp. Den hjelpa får dei frå heile Middelhavskysten og Europa.

17. august 1999 vart Tyrkia ramma av eit forferdeleg jordskjelv ved Marmarahavet, tett på Istanbul. Skjelvet som var på 7,6 på Magnitude-skalaen, tok livet av minst 17.000 menneske.

For det er kanskje det som trengst i tilfellet Tyrkia: At mektige politikarar må kjenne på maktesløysa i møte med nådelause krefter som er større enn dei sjølv.

—  Emil André Erstad, kommentator

Skjelvet kom på eit tidspunkt der forholdet mellom dei historiske fiendane Hellas og Tyrkia var ved frysepunktet. Det mangla ikkje på saker naboane kunne vere usamde om: grenselinjer, gamle konfliktar og oljeutvinning. Likevel var det grekarane som var først ute med å sende hjelp til naboen i aust. Greske redningslag vart hylla i tyrkisk media.

Ein månad seinare ramma jordskjelvet Athen. Då var det tyrkarane sin tur til å vise solidaritet og humanitet.

Større enn mektige politikarar

Seinare har hendingane blitt referert til som jordskjelvdiplomati, og førte til meir venskap og samarbeid mellom Hellas og Tyrkia.

På slutten av 2022 var igjen forholdet mellom dei to Nato-allierte Hellas og Tyrkia på frysepunktet. Tyrkia skulda Hellas for å lage militærbasar på øyer nær det tyrkiske fastlandet, medan Hellas frykta at tyrkarane førebudde krig. Ein tyrkisk journalist i The New European skreiv i november i fjor ein tekst under tittelen om at det igjen var behov for jordskjelvdiplomati.

Ho hadde rett, og no ligg det an til at ho før ønsket oppfylt raskare enn nokon ville trudd. Også denne gongen var Hellas første ute med å tilby krisehjelp.

For det er kanskje det som trengst i tilfellet Tyrkia: At mektige politikarar må kjenne på maktesløysa i møte med nådelause krefter som er større enn dei sjølv.





Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar