Kommentar

Kristne og abort

Dei som kjempar mot sjølvbestemt abort, byrjar i feil ende. Dei burde ta tak i seksualmoralen først. Lykke til med det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Abort er truleg den tøffaste og såraste debatten i USA. I 2007 let mange seg sjokkere over Louis Theroux-dokumentaren om den ultrakonservative og eksentriske familien i Westboro Baptist Church. Her trefte vi ein familie som demonstrerte høglydt mot at amerikanarane har vendt seg mot Gud. I følgje denne kyrkja er amerikanarane eit folk som aborterer foster, praktiserer homofil seksualitet og lever generelt i synd. Vinklinga til dokumentaren kjem til syne i tittelen: «America’s Most Hated Family».

Eit knapt tiår seinare vart det klart at denne familien nok ikkje er så åleine om meiningane og haldningane sine som Louise Theroux og BBC likte å tru. Donald Trump vann valet etter ein valkamp kor abortmotstand og andre kristenkonservative haldningar vart halde fram. Abortmotstandarane fekk som kjent også politisk gjennomslag i fjor sommar då Høgsterett la vekk den grunnlovsfesta retten til trygg abort, slik at kvar delstat fekk bestemme abortlovane sjølv. Dermed vart dei strenge abortlovane til Sør-Dakota, Montana, Arkansas og Alabama rekna for å vere i tråd med grunnloven. Det er venta at bortimot eit tjuetals statar vil følgje etter.

Vi er vande med å sjå TV-innslag der demonstrantar stiller seg opp utanfor abortklinikkar i USA for å skremme gravide kvinner til å angre seg og ikkje ta abort. Men desse synleggjer altså ikkje ein ubetydeleg minoritet, men ei djupare folkemeining. Mange amerikanarar ønsker restriktive abortlovar.

Debatt i rørsle

Også her til lands kan abortdebattane bli tøffe og splittande. Då KrF med Kjell Ingolf Ropstad i spissen jobba for å fjerne paragraf 2C frå abortloven for mellom anna å gjere det umogleg å abortere ein av to tvillingar, vart abort hovudparolen i 8. mars-toget i Oslo. Med parolar som «Ja til Nipt og fosterdiagnostikk» og «Forsvar selvbestemt abort. Fjern nemndene», fekk vi eit 8. mars-tog som mange kristne ikkje var komfortable med å slutte seg til.

Kristne i Norge har tradisjonelt vore kritiske til at det skal vere lov å ta abort (her finnes sjølvsagt unntak). Hovudargumentet er like godt som det er enkelt: Ein skal ikkje ta liv. Dessverre er ikkje livet så enkelt når abort verkeleg må vurderast. Det har nok mange kristne også forstått med tida. Det ser me blant anna i KrF som det siste året har byrja å ta diskusjonen om det kanskje er på tide å støtte opp om abortloven me har, og heller bruke kreftene på å jobbe politisk for at den ikkje skal bli utvida. KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland bad moderpartiet gje opp kampen mot abortlova og slå ring om veke 12.

Kjem det til oss?

Ingenting er bestemt enno i KrF. Eg tykkjer det er eit sunnheitsteikn at partiet tar seg tid til å tenkje, og at dei er opne for å skifte meining i abortspørsmålet. Det gjev meg tru på at vi skal klare å unngå amerikanske tendensar i abortdebatten i Norge.

Vi skal likevel vere på vakt. Det er lett å tenkje at vi er betre enn amerikanarane. At vi veit betre og ligg framføre dei. Men tenk om det er heilt motsett, at det er dei som ligg nokre år føre oss, slik dei kulturelt stort sett har gjort, og at den splittande abortdebatten også kan komme her?

Så her står vi med seksuell fridom og rett til sjølvsbestemt abort. To store feilsteg i nokon si bok, to framsteg i andre si

—  David Sviland, gjestekommentator

Når eg skrollar på sosiale medium kjem eg rett som det er over bilete av foster og tekstar som skuldar den som tar abort for drap. Det er stort sett folk frå den eldre garde som likar å dele slikt. Men fosterets vern er også viktig for mange i den yngre generasjonen. Den 21 år gamle KrF-politikaren Joel Ystebø sa til NRK i sommar at han «håpar innskrenking av abortrettar i USA vil påverka norsk abortpolitikk i same retning». Han ønsker seg forbod mot abort, med unntak for valdtekt, incest eller fare for mors liv.

Seksualmoralen først?

Det skal han få lov til å meine. Men eg er verken eining med han, eller andre som ønsker abortforbod. Dei som kjempar mot dette, byrjar i feil ende. Dei burde ta tak i seksualmoralen først. Dei burde jobbe for å førebyggje sex utanfor forpliktande rammer før dei rettar peikefingeren mot folk og kallar dei mordarar. Eg skjønar at dei ikkje gjer det. Dei veit nok at dette slaget er tapt, både i samfunnet, og kanskje også i kyrkja deira.

Så her står vi med seksuell fridom og rett til sjølvbestemt abort. To store feilsteg i nokon si bok, to framsteg i andre si. Liberalaren i meg er glad for at det er opp til den enkelte å bestemme ramma for kor sex høyrer heime. Etikaren i meg takkar audmjukt for å bu i eit land som har eit verdig tilbod av eit naudsynt vonde som abort trass alt er.

Abortmotstanden søkkjer

Heldigvis er ikkje alt mørkt, verken her heime eller i USA. Tal frå det globale analysebyrået Gallup syner at i 2022 meinte 50 prosent av amerikanarane at abort skal vere lovleg under visse høve. 35 prosent meinte at det skal vere lovleg i ein kvar situasjon. 13 prosent meiner at det skal vere heilt ulovleg. Dei mest prinsippfaste som vil forby abort for ein kvar pris, har falle frå 20 til 13 prosent dei siste åra. Dei er eit soleklart mindretal. Det gjev håp om at ikkje halvparten av statane gjer det bortimot ulovleg å ta abort.

Og skal vi tru Vårt Lands spådom for kva debattar som kjem til å prege det kommande året, er det mogleg at abortdebatten blussar opp igjen når regjeringa sitt oppnemnde utval kjem med si vurdering av dagens abortgrense. Eg håpar og trur at debatten kan førast på sømeleg vis. Om fleire kristne kan sjå at eit fritt vestleg samfunn krev trygg tilgang til sjølvbestemt abort, er vi etter mi meining på god veg.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar