Kommentar

Biletet av den komande SV-leiaren er ein karikatur

Mange teiknar no eit bilete av Kirsti Bergstø som ein politikar til venstre for Raudt. Likevel kan det bli lettare for henne å styre SV inn i Støre-regjeringa, enn det ville blitt for andre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vil SV no bli overtatt av museumsvaktarar som står heilt ytst til venstre i norsk politikk? Det var eit spørsmål som melde seg hos mange då Kari Elisabeth Kaski kasta inn handkleet i SVs leiarkamp måndag.

Kaski vert oppfatta som moderat, moderne og nytenkjande. Ho hadde stor støtte i partiet, og var gjennom fleire år partisekretæren som verkeleg bygde SVs organisasjon større.

Bergstø vert derimot omtala som ein kandidat langt meir til venstre i partiet, som ville kunne ta opp konkurransen om veljarane mot Raudt.

Forståeleg av Kaski

Det er ikkje sikkert denne karikaturen teiknar eit reelt bilete av forskjellen mellom dei to kandidatane.

Etter vekevis i tenkjeboksen, var det forståeleg at Kaski enda på konklusjonen om å ikkje stille til det krevjande partileiarvervet. Likevel reagerte mange i og utanfor partiet ved å sei at det var trist Kaski ikkje stilte. Til dømes sa leiar i Sosialistisk Ungdom, Synnøve Kronen Snyen, at «nok en gang opplever vi at dyktige kvinner ser at det ikke er mulig å forene partilederverv med småbarnstilværelsen». Snyen kalla det eit demokratisk problem.

Nettopp fordi SV-arane lengst til venstre ville møtt Kaski med betydeleg meir skepsis enn dei no vil møte Bergstø. Det er lettare å halde i ro eit grunnfjell av tradisjonsberarar, museumsvaktarar og skeptikarar viss dei tenker at du er ein av dei. Då vil dei ha større aksept for forandring.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ein ting er å vere i småbarnsfasen. Ein annan og langt meir krevjande situasjon, er den Kaski har vore i etter ho tidlegare i år var gravid med tvillingar, men mista det eine barnet. For Kaski handla openbert den vanskelege situasjonen om langt meir enn å berre løyse logistikken heime. Det fortener respekt og forståing.

Walk-over for Bergstø

Så er spørsmålet: Kva vil det ha å seie for SV som parti? No vil sannsynlegvis Bergstø vinne på walkover.

Kirsti Bergstø vil bli ein ganske unik partileiar for SV. Ho er åleinemor, kristensosialist, finnmarking og ein annan type politikar enn partileiarane i dei andre partia. Kanskje var det her ein fann den største forskjellen mellom henne og Kaski. Dei to har heilt ulik framtoning.

Der Kaski kom inn frå utsida, har Bergstø gått politikarskulen i ungdomspartiet og hatt tunge verv i SV fram til no.

Sjølv om Bergstø i følgje henne sjølv har «stått bergstøtt» på den tradisjonelle SV-linja om å melde Norge ut av Nato, er ho ikkje like langt til venstre i ei rekkje andre spørsmål. I Nato-spørsmålet har Bergstø peika på tettare samarbeid med dei nordiske naboane til Norge, som no alle er på veg inn i alliansen.

Bergstø er kristensosialist

Store delar av SV er òg på veg til å skifte standpunkt, til dømes då programkomiteen i fjor haust føreslo å leggje bort Nato-motstanden.

I andre spørsmål er ho mellom anna kjend som ein varm forsvarar av ideelle aktørar i omsorgspolitikken. Som arbeidstakar utanfor politikken er det òg her Bergstø har sin erfaring som barnevernspedagog, mellom anna frå krisesenter.

Meir enn å skildre Bergstø som ein politikar heilt til venstre i det politiske landskapet, er det meir rett å sei at ho står med begge beina støtt midt i partiet.

—  Emil André Erstad, kommentator

I motsetnad til den karikerte oppfatninga av venstreorienterte SV-arar, er Bergstø ein varm forsvarar av kyrkja si særstilling i Norge. Dessutan har ho vore tydeleg på at hennar kristne tru er ei viktig drivkraft bak engasjementet mot auka forskjellar, høgare klimagassutslepp og for menneske på flukt. I ein podkast-samtale med Vårt Lands Åste Dokka skildra Bergstø korleis kristentrua vart viktigare for henne i vaksen alder, ved å sei at ho hadde prøvd å «sleppe Jesus, men at han ikkje slapp henne». Den verdimessige overtydinga er ganske langt unna det vi ofte assosierer med flanken ytst til venstre i norsk politikk, men skriv seg inn ein tradisjon av kristensosialistar som har stått sterkt i SV gjennom lang tid. Den har røter attende til tida kristensosialisten og kyrkjepolitikaren Berge Furre var SV-leiar.

Lysbakken fekk den same kritikken

Meir enn å skildre Bergstø som ein politikar heilt til venstre i det politiske landskapet, er det rett å sei at ho står med begge beina støtt midt i partiet. Kristentrua og synet på samfunnsbygging nedanfrå, kombinert med veldig tradisjonelle SV-standpunkt i saker som Nato, viser at Bergstø er vanskeleg å plassere i ein boks.

Dei som no dømer SV nord og ned for at Bergstø står att som einaste leiarkandidat, undervurderer finnmarkingens evne til å samle partiet. Det handlar om at for SV-arane har Bergstø sterkt truverd.

Audun Lysbakken vart i si tid møtt av mykje av den same kritikken som Bergstø no får.

Den kommande SV-leiaren er smart nok til å kunne bruke alle fordomane mot henne utanfor partiet, til sin eigen fordel.

Dommedagsprofetiar er ein fordel for Bergstø

Slikt truverd – at folk meiner Bergstø kjenner partiet og partiprogrammet – er lettare å nytte til å forandre og modernisere, enn for ein kandidat som allereie vert oppfatta som moderne og litt meir til høgre i partiet. Til dømes rekna mange med at Kari Elisabeth Kaski ville navigere SV inn i regjeringa til Støre.

Det ville sannsynlegvis blitt vanskelegare for Kaski, enn det vil bli for Bergstø – dersom sistnemnde bestemmer seg for det. Nettopp fordi SV-arane lengst til venstre ville møtt Kaski med betydeleg meir skepsis enn dei no vil møte Bergstø. Det er lettare å halde i ro eit grunnfjell av tradisjonsberarar, museumsvaktarar og skeptikarar viss dei tenkjer at du er ein av dei. Då vil dei ha større aksept for forandring. Det er ei slags komplisert, tung og omvend lov i politikken.

Eit kjend døme på denne lova var då republikanaren Nixon som drog til Kina i 1972. Ein president frå Demokratane ville fort ha blitt framstilt som svak.

Derfor kan alle dommedagsprofetiane om SV og Kirsti Bergstø vere den store fordelen, og slett inga ulempe. Ho kan gjere ting med SV som få andre leiarkandidatar ville klart.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar