Kommentar

Høgre er den nye folkerørsla

Erna Solberg har klart å gjere det partistrategane på Youngstorget gjorde i tiåra etter krigen: Bygge ei folkerørsle.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Høgre har aldri blitt målt høgare i Vårt Lands målingar, enn i den siste. Der får Solbergs parti no 35,6 prosent. Det er mykje meir enn dobbelt så stor oppslutning som Arbeidarpartiet til Støre får på 14,6 prosent.

Tala er så sjokkerande at Norstat – som gjer målingane for Vårt Land – har køyrd heile databehandlingsprosessen to gonger frå start til slutt, utan forskjellige resultat. Det er heller ingen metodiske forskjellar i gjennomføringa av målingane, samanlikna med tidlegare målingar.

Det finst to motstridande måtar å tolke tala på, litt etter kor du står i det politiske landskapet.

Hegra i norsk politikk

Dei som er kritisk innstilt til Høgre hevdar at partiet ikkje har gjort noko for å fortene auken i oppslutning. Der Arbeidarpartiet var ørnen i norsk politikk, vil desse no påstå at Høgre er ei hegre – for å hente biletet frå ein annan stor fugl i norsk fauna. Den står heilt stille, med beina i vatnet og kikar seg roleg omkring.

Dei har bygd eit parti som kan romme store meiningsforskjellar, der Høgre-representantane kan sitte på kvar si side av bordet i Dagsnytt 18 og debattere mot kvarandre. Den tilliten og takhøgda er no unik for partiet i norsk politikk.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er mykje sant i denne framstillinga: Høgre har ikkje presentert ein politikk som skil seg nemneverdig frå den Arbeidarpartiet fører i regjering. Det ironiske no er at mange tolkar veljarvandringane som eit uttrykk for misnøye med høge straumprisar. Då olje- og energiminister Terje Aasland deltok i Politisk Kvarter førre veke for å forsvare regjeringas straumpolitikk, ville ikkje Høgre stille. Ganske enkelt fordi dei ikkje hadde ein alternativ politikk å tilby, slik Listhaug frå Frp og Kristjansson frå Raudt hadde. Hegre-Høgre sat stille i båten.

Det er derfor ikkje nærliggjande å tenkje at det berre er straumprisane som gjer at veljarane flokkar seg om Erna Solberg og Høgre.

Effektive partistrategar

Dei som støttar Høgre har derfor ei anna tolking av dei gode tala, som det òg finst mykje sant i.

I denne tolkinga vert det hevda at Høgre har klart å byggje ei folkerørsle, etter modell frå den partistrategane i Arbeidarpartiet bygde i åra etter 2. verdskrig. Dei har bygd eit parti som kan romme store meiningsforskjellar, der Høgre-representantane kan sitte på kvar si side av bordet i Dagsnytt 18 og debattere mot kvarandre. Den tilliten og takhøgda er no unik for partiet i norsk politikk. Erna Solberg får særleg skryt for all reisinga ho gjorde rundt om i landet i åra ho var statsminister. Bedrifter, skular, sjukehus og frivillige organisasjonar i den minste krik og krok har fått henne inn på tunet.

Dersom Jonas Gahr Støre skulle lage regjering no, måtte han hatt støtte frå ikkje berre SV, men òg MDG og Raudt. SV og Raudt har no også samla større oppslutning enn Arbeidarpartiet. Erna Solberg derimot kunne danna regjering åleine.

—  Emil André Erstad, kommentator

Samstundes har Høgre bygd ein profesjonell, effektiv og velstyrt organisasjon på Stortinget og partikontoret. Dei har erfarne, dyktige folk i mange av dei sentrale posisjonane og kan dermed med stor sjølvsikkerheit navigere i det politiske spelet frå dag til dag. Spesielt viktig har det vore at mange unge partifolk har fått prøve seg i viktige posisjonar som rådgjevarar, statssekretærar og stortingsrepresentantar. Dermed blømer det godt i Høgres hage.

Raudt og SV større enn Ap

Når over kvar tredje veljar seier dei ville stemt Høgre viss det var stortingsval i morgon, seier det noko om kva posisjon Høgre har fått i folket. Å kalle det ei folkerørsle er derfor inga overdriving.

Dersom Jonas Gahr Støre skulle lage regjering no, måtte han hatt støtte frå ikkje berre SV, men òg MDG og Raudt. SV og Raudt har no også samla større oppslutning enn Arbeidarpartiet. Erna Solberg derimot kunne danna regjering åleine.

Arbeidarpartiet har hatt fallande oppslutning gjennom heile hausten. Fleire har spekulert i kor lågt partiet må ned før smertegrensa er nådd for Støre som partileiar. Målinga i Vårt Land vart publisert rett før han skulle halde si oppsummerande pressekonferanse for året.

Han kunne ikkje fått ein verre start på juleferien.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar