Kommentar

Kristne spor i islams heimland

Gudsteneste i ei fullsett kyrkje i VM-byen Doha kunne blitt god TV-reportasje. Men den har vi ikkje fått.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Fotball-VM i Qatar har sett flaumlys på korrupsjonen i FIFA og på menneskerettsbrot og grov utnytting av gjestearbeidarar i arrangørlandet. Presset på autoritære fotballtoppar og kongefamiliar må halda fram.

Men det skjer endringar på ei halvøy som i hundrevis av år etter islams framvekst var tømt for og stengt for kristendom. Pave Frans var i starten av november på ny tur til Den arabiske halvøya. I Bahrain bad han om betre kår for gjestearbeidarar og slutt på dødsstraff.

Tidleg kristen historie

Om lag samstundes annonserte Emiratane eit nytt arkeologisk funn av eit kloster frå tida før islam. Munkar budde der på profeten Muhammeds tid.

Emiratane har i fleire år framheva klosterruinar på øya Sir Bani Yas. Utgravingane fortel at kristne vart verande på Den arabiske halvøya lengre enn tidlegare rekna med, minst 100 år etter Muhammeds død. Emiratane vågar å sjå med nye augo på gamal kristen historie.

Endå viktigare er religiøs mosaikk i vår tid. Medan Syria og Irak har mista millionar av kristne på flukt frå krig og terror, har fleire golfmonarki teke imot om lag 4 millionar kristne frå land som Nepal, India og Bangladesh. Gjestearbeidarar utan statsborgarskap gir kyrkjevekst i islams heimland. Kongefamiliane har gitt tomter til kyrkjer.

Det anglikanske senteret i Doha i Qatar er verd eit besøk. Kyrkjesamfunn utan eigne kyrkjer, leiger rom. På søndagar er det ein kakofoni av nepalske hymner og afrikanske trommer, med gudstenester på ulike språk. Det er også eit svare strev med å halda tida slik at neste kyrkjesamfunn slepp til. Guds hus er smekkfulle.

Ingen rettar

Men det er strenge vilkår. Kyrkjene som er bygde for gjestearbeidar, ligg bak murar og kan ikkje sjå ut som kyrkjer: Klokketårn og kross på taket er forbode. Men gjennom ventilasjonstårnet i den store katolske kyrkja i Doha strøymer lys ned over Kristus-biletet. I Emiratane er det no minst 50 kyrkjer. Men gjestearbeidarane som byggjer og fyller kyrkjene, må reisa heim seinast ved pensjonsalder. Utan statsborgarskap har dei ingen offentlege velferdsgode.

Den tiandeparten av folket i Qatar som har statsborgarskap, lever i skattefri overflod. Katolske prestar har lange køar av fattige gjestearbeidarar. Andre søkjer hjelp hos pinsekarismatiske og evangelikale kristne.

«Trusvasking»?

«Abramic Family House» i Abu Dhabi i Emiratane som etter planen skulle opna i år, er eit epokegjerande prosjekt. Tre likeverdige gudshus – ein moské, ei synagoge og ei kyrkje – kan godt vera ei form for «trusvasking» av eit autoritært regime. Men i boka Globale veikryss. Golfmonarkier i endring skriv professor em. Berit S. Thorbjørnsen at «Abrahams hus» er noko meir. I eit land der toleranse er erklært viktig, men definert frå toppen, kallar ho prosjektet «statleg toleransetrening».

Å byggja gudshus for tre religionar som elles opptrer i konkurranse, ville alle stader (også hos oss) vore eit radikalt prosjekt. «Å bygge det på Den arabiske halvøy, i islams hjemland og i Emiratene som har anvendt islam som sentralt element i konstruksjonen av nasjonal identitet, gjør det enda mer radikalt», skriv Thorbjørnsen: «Abrahams hus» vil «reise spørsmål ved helt sentrale troselementer».

At ein muslimsk gjestearbeidar frå Bangladesh konverterer, er mindre trugande enn at muslimar frå islams kjerneland gjer det

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Det same kan seiast om pave Frans si gjesting i Abu Dhabi i 2019 då han saman med ein sentral sunnimuslimsk leiar signerte eit dokument som i praksis likestiller islam og kristendommen som uttrykk for Guds vilje. Dei vil at dokumentet blir skulepensum.

Kva effekt alt dette vil ha, veit vi ikkje. Men Saudi-Arabia vågar ikkje det same. Der er kyrkjebygging forbode. I 2012 erklærte stormuftien det som ei muslimsk plikt å øydeleggja alle kyrkjer på heile den arabiske halvøya. Heldigvis har ingen handla på fatwaen. Saudi-Arabia har også stengt ruinar etter to kyrkjer som kunne kasta nytt lys over gamal kristen historie der.

Endra tider

Då den amerikanske arabiske misjonen etablerte seg på halvøya i 1889, fekk dei merka kor tungt det var å driva misjon. Ingen kan dokumentera konvertering, skriv Hrayr Jebejian, i magasinet Christianity Today. Misjonen vann derimot varig respekt ved å byggja skular og sjukehus.

Bibelselskapet Jebejian leier, distribuerer i dag biblar i fem golfmonarki.

Prestane i dei registrerte kyrkjene styrer unna konvertering, det kan skapa uro. Men gjestearbeidarar kjem til kristen tru. At ein muslimsk gjestearbeidar frå Bangladesh konverterer, er mindre trugande enn at muslimar frå islams kjerneland gjer det. Der er det straffbart, kanskje med unntak av Bahrain. Risikoen er stor for utstøyting. Trass i den store risikoen har det frå alle landa dei siste åra komme historier om muslimar som møter Jesus i draumar eller via internett og satellitt-TV. Også i Saudi-Arabia skjer dette. Den religiøse tvangen har gjort folk trøytte.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar