Kommentar

Myter om ein bibelfri barndom

Legg du ein barnebibel under juletreet i år, er det kanskje ikkje alminneleg «god» litteratur du gir i gåve. Er det så farleg?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tidlegare i år viste ei undersøking at ein av tre unge i Noreg aldri har opna ein Bibel. Det er eit høgt tal som har mange forklaringar. Noko dreier seg om at «store forteljingar» må vika i eit samfunn som i større grad byggjer forteljingane rundt enkeltindividet gjennom digitale flater og sosiale medium. Religionssosiolog Erlend Hovdkinn From, har også eit poeng når han påpeiker at «nokre synest det er noko farleg rundt slike tekstar» (VL 29/6).

For den som derimot meiner dei unge bør kjenna sin Bibel, er barnebiblar eit viktig bidrag, og tidlegare i haust var eg så heldig å vera ein av fleire som fekk melda tolv ulike barnebiblar i denne avisa. I kjølvatnet av barnebibel-spesialen, dukka også motførestillingane opp. «Barnebibler er dårlig litteratur» var spissformuleringa frå direktør ved norsk barnebokinstitutt, Kristin Ørjasæter. Ved nærare ettersyn viser det seg at denne kontante avfeiinga av barnebibel som kvalitetslitteratur er fundert i eit litt skjematisk syn på kva som konstituerer god barnelitteratur, nemleg at det er «en autonom hovedperson – et selvstendig handlekraftig barn – et fortellerteknisk barneperspektiv».

Særmerkt litteratur

Denne «oppskrifta» er interessant, for ho avslører verdiar som i dag blir oppfatta som sjølvsagde og umarkerte. At gode barnebøker gjerne har autonome, sjølvstendige og handlekraftige barn i hovudrolla, er lett å sjå, og lett å forstå. Denne oppskrifta har gitt oss leseglade mange herlege heltar og heltinner. Det som ikkje er så lett å gripa, er kvifor barnelitteratur som avvik frå dette oppsettet, ikkje kan vera god. Ideen om det autonome mennesket er i seg sjølv noko både barnebøker og andre bør vera frie til å stilla spørsmål ved. Mennesket er ikkje alltid autonomt, vi er tvert i mot både avhengige og sårbare på mange måtar. Sjølvstende og handlekraft er heller ikkje eigenskapar som bør vera heva over kritiske spørsmål. Ein individualistisk kultur som vår, treng kanskje nettopp krafta i dei meir kollektivt orienterte forteljingane som Bibelen ber med seg og som også andre kulturar i større grad verdset.

Ønsket om å byta ut Bibelens verdsbilete med eit anna, er ei ærleg sak. At dette alternative verdsbiletet er meir ope og fritt for ein agenda, er derimot ikkje opplagt. Det er ikkje slik at ein bibelfri barndom ikkje legg føringar for dei unge, han legg derimot andre føringar.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

Det gir definitivt meining at barnebiblar vanskeleg kan møta vanlege skjønnlitterære krav, ettersom eit utval frå Bibelen tilrettelagt for barn, spenner over fleire ulike sjangrar. Ei bok som Bibelen kan heller ikkje diktast om til rein skjønnlitterær fiksjon utan å mista kontakten med originalen. Bibelen – også for barn – er heilt særmerkt litteratur.

Bibelfri barndom

Når Ørjasæter set fingeren på kva som gjer barnebibelen problematisk som litteratur, dukkar det derimot opp kulturelle førestillingar som handlar om langt meir enn barnelitteratur: «…mens barnelitteraturen søker å ikke fortelle barnet hva de skal tenke, vil bibelfortellingene si noe. Å gjøre dette til god barnelitteratur blir derfor nesten en umulighet». Ho peikar vidare på at Barnebibelen «ikke er så åpne» og at dei «har en type agenda». Det er fleire utfordringar med denne tilnærminga, men eg vil gjerne trekka fram to. Den eine er tanken om at moderne barnelitteratur er open og agendafri. Den andre er idealet om å ikkje fortelja barna kva dei skal tenka.

Bibelen som litteratur er open på spørsmål knytt til sanning, og teiknar opp eit samanhengande verdsbilete. Påstand om sanning stiller mennesket på val, men inneber alt anna enn ein skjult agenda.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

Først: Tanken om at moderne barnelitteratur som tilfredsstiller krava til god litteratur, i motsetnad til religiøs litteratur, er open og fri for agenda, vitnar om eit overraskande enkelt syn på korleis verdioverføring til barn skjer. Ønsket om å byta ut Bibelens verdsbilete med eit anna, er ei ærleg sak. At dette alternative verdsbiletet er meir ope og fritt for ein agenda, er derimot ikkje opplagt. Det er ikkje slik at ein bibelfri barndom ikkje legg føringar for dei unge, han legg derimot andre føringar.

Spørsmål knytt til sanning

Det andre momentet knyter seg til eit grunnleggande ideal om fristilling av barna; dette at litteraturen ikkje skal «fortelle barna hva de skal tenke». Det høyrest fint ut, men ved nærare ettertanke ikkje særleg berekraftig. I den vidgjetne artikkelsamlinga «The Abolition of Man», gir C.S. Lewis til dømes eit innsiktsfullt sveip over ei filosofihistorie der det fram til vår tid har vore sjølvsagt å villa gje den oppveksande slekta sjansen til å kjenna att og elska det vakre og øva opp motvilje mot det vonde. At det kan variera kva ein legg i dei ulike kategoriane er så si sak, men det grunnleggande for ein oppdragar er å villa gje barna det beste. Ei moderne førestilling om barnet som oppdagar og oppfinnar av grunnleggande verdiar, minner ofte meir om ansvarsfråskriving enn om nyvinning.

Bibelen som litteratur er open på spørsmål knytt til sanning, og teiknar opp eit samanhengande verdsbilete. Påstand om sanning stiller mennesket på val, men inneber alt anna enn ein skjult agenda. Litteratur som derimot blir framstilt som open og fri for ein agenda, treng i alle fall kritisk blikk. Sjølverklært «ikkje-påverknad» verkar både forvirrande og lite truverdig. Sjølv om det aldri så mykje er god litteratur.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar