Kommentar

Den kristne regnbogen i Qatar

Regnbogeflagg i Qatar er meir kristent enn sekulært. Det bør kristne heller tenke, enn å henge seg på den menneskerettsfiendtlege kulturrelativiseringa frå Fifa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var i helga at den tidlegare Bryne-spelaren og no Framnes-læraren Jarle Mong skreiv eit innlegg i Bergens Tidende, som verkeleg tok fyr. Han forstod det kanskje sjølv, då han la ut innlegget på Facebook med teksten «Har kastet en brannfakkel i dagens BT».

Han skreiv mellom anna at «mange muslimer, afrikanere og asiater ønsker slett ikke den utviklingen de ser foregår i Vest-Europa. Der vesteuropeerne ser fremgang, frigjøring, toleranse og sosial rettferdighet, ser muslimer normoppløsning, afrikanere umoral og asiater forvirring». Han gav støtte til Fifa som slo ned på bruken av regnbogeflagget under verdsmeisterskapen fordi «bare svært ignorante, overmodige, moraliserende og arrogante mennesker kan gjøre slikt».

«Noe slikt» er altså å vise støtte til homofile i vertslandet – som risikerer inntil sju år i fengsel for å leve med ein dei elskar. Styresmaktene har kalla homofili ein psykisk sjukdom.

Innlegget vart spreidd av konservative kristne som ein heilag eld på sosiale medier gjennom helga. Fleire skreiv at Mong var modig.

Teksten er interessant, men haldninga er historielaus og farleg.

Kristen agenda

Mong kallar kampen for regnbogeflagga i Qatar for «kulturimperialisme i stor skala». Som eit ekko av den utskjelde Fifa-presidenten – som sørga for at flagget ikkje dukka opp på kapteinsbinda under VM. Han som meinte at Vesten ikkje skulle prakke sin kultur på det muslimske diktaturet ved Persiabukta.

For alle kulturar er vel like mykje verd?

Den innbitte kampen mot regnbogeflagget på kapteinsbinda i Qatar er derfor overraskande lite offensiv på vegner av det kristne menneskesynet.

—  Emil André Erstad, kommentator

Nei, det har kristne aldri meint. Det har aldri vore – og kjem aldri til å bli – sentralt i kristen tru.

Kampen mot undertrykking og diskriminering – for frigjering – har alltid vore kjernen i det kristne menneskesynet.

God kulturimperialisme

Heldigvis meiner dei færraste kristne i Norge at homofili bør bli straffbart. Kvifor skal ein då protestere mot dei som seier ifrå om uretten?

Ein kan gjerne kalle det kulturimperialisme eller kolonialisme, men det er likevel rett. Det fins ein drøss av autoritære regimer i verda som kritiserer menneskerettane og nektar deira universelle gyldigheit. Desse regima har til felles at dei behandlar mennesker som støv. Det finst ikkje mykje respekt for menneskeverdet der.

Det er galt. Det er opprørande. Det er urett. Det har alltid vore ei kristen plikt å sei ifrå mot slikt. Kall meg gjerne kulturimperialist, viss det betyr at eg er ein som står opp mot urett.

Ikkje sekulært, men felles

Så er det nok mange konservative kristne som vil gje regnbogeflagget raudt kort, fordi dei assosierer det med fleire politiske saker dei er mot.

Men ein ting er å vere motstandar av å innføre tre kjønn i Norge og støtte alle kampsakene til foreininga Fri. Ein ganske annan ting er å meine at det er likegyldig om folk vert drepne, torturert eller sett i fengsel fordi dei er menn som elskar menn.

Mong skriv at regnbogeflagget er symbol for det sekulære, men regnboga er òg eit bibelsk symbol. Det er unaudsynt å konstruere ei falsk konflikt mellom religiøse og ikkje-religiøse verdiar her.

Då får ein hugse på at regnbogeflagget ikkje oppstod i eit vakuum. Det kom ut av ei rørsle bygd på det beste av kristne og humanistiske verdiar.

Humanismen oppstod heller ikkje i eit vakuum. Den står på skuldrene til det kristne blikket på mennesket som har prega vår kultur meir enn noko anna.

Vestleg menneskesyn

Derfor står denne setninga i den norske grunnlova: «Værdigrundlaget forbliver vor kristne og humanistiske Arv».

Dei heng saman.

Den innbitte kampen mot regnbogeflagget på kapteinsbinda i Qatar er derfor overraskande lite offensiv på vegner av det kristne menneskesynet.

Det er ikkje ignorant, overmodig eller moraliserande å jobbe for ei verd der grunnleggande, fundamentale rettar når stadig fleire menneske. Det er tvert om ein god og kristen tradisjon som har gjort den vestlege sivilasjonen til den mest frie, demokratiske og trygge i heile verda.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ja, folk har brukt kristen tru som grunngjeving til å gjere dei mest avskyelege og grusomme ting.

Det forandrar likevel ikkje på det faktum at vår kultur – den vestlege sivilasjonen – aldri ville ha kome så langt som den har, utan dei ideane den tok med seg frå eit sunt, kristent syn på mennesket.

Kamp mot urett

Dei som trur på den kristne historia, som vedkjenner seg kristne verdiar, bør derfor vere dei første – ikkje dei siste – til å heie på kampen mot urett. Den såg vi til dømes då dei tyske fotballspelarane viste ein kraftfull protest mot Fifa-pampane sitt samkvem med autoritære Qatar. Fifa nekta spelarane å nytte eit kapteinsbind med regnbogefargar. Det tyske landslaget svara med å sette seg ned på kne og halde seg framføre munnen – for å vise at dei var brakt til stillheit.

Det er ikkje ignorant, overmodig eller moraliserande å jobbe for ei verd der grunnleggande, fundamentale rettar når stadig fleire menneske. Det er tvert om ein god og kristen tradisjon som har gjort den vestlege sivilasjonen til den mest frie, demokratiske og trygge i heile verda.

Det er verdt å sei ifrå om det til andre også.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar