Kommentar

Det livsfarlege tiåret

Den store krigen i verda kjem nærare og nærare. Kan vi i det heile tatt unngå den?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi menneske har vanskeleg for å tenke oss det grusomme. Vi nyttar nesten utelukkande no-tida til å analysere framtida, og ønsketenker oss ei betre verd enn den som kjem. Derfor var det inntil få år før 1914 og 1939, vanskeleg for mange å sjå føre seg at Den store krigen skulle kome. Like utenkeleg var det med invasjonskrig i Europa før slutten på fjoråret, då russarane byrja å ruste opp langs den ukrainske grensa. Eigentleg trudde vi ikkje at det skulle skje, før vi vakna til nyheitssendingane 24. februar.

Like vanskeleg er det no å tenke seg ein reell og blodig krig mellom Kina og Vesten. Det verkar som fjern og urealistisk alarmisme.

Kvifor tenker vi slik? Kanskje fordi krig har vore fråverande for oss sidan 1945.

Sjølv det er jo ikkje heilt sant. Den kalde krigen aldri vart aldri varm i Europa, men likevel var det samanhengande krig i verda. I Korea, Vietnam, Afghanistan, Irak, Syria, Etiopia og ei rekkje andre stader. Menneske har alltid tydd til krig, og det har vi ikkje slutta med.

Vaken frå fredssøvnen

Før krigen i Ukraina, var det krig i Georgia og mellom Aserbajdsjan og Armenia om Nagorno-Karabakh. Det er heller ikkje lenge sidan krigane på Balkan, der det framleis finst kime til ny konflikt.

Krigen i Ukraina vart ei grufull påminning om at den systematiske drepinga mellom statar, framleis finst som eit verktøy for stormannsambisjonar, maktkamp og verdikonflikt. Vi har ingen garanti for at krigen som verkemiddel forsvinn. Kanskje trong vi å vakne frå fredssøvnen, for å sjå at freden ikkje er sjølvsagt.

Harvard-professoren meiner det er meir sannsynleg enn usannsynleg at det blir krig mellom Sparta og Athen igjen. Denne gongen er det USA som er Sparta, og Kina som spelar rolla som Athen.

—  Emil André erstad, kommentator

I boka Destined for War forklarar Harvard-professoren Graham Allison kreftene som dreg verda mot ein storkrig mellom verdsmaktene USA og Kina. Han nyttar den antikke, greske historikaren Thukydides si skildring av krigen mellom Sparta og Athen som eksempel: «Det var Athens vekst og frykta det skapte i Sparta som gjorde krigen uunngåeleg».

Allison kallar det Thukydides-fella: Det som skjer heilt naturleg når ei framveksande makt trugar med å fortrenge ei herskande makt.

USA som Sparta, og Kina som Athen

Harvard-professoren meiner det er meir sannsynleg enn usannsynleg at det blir krig mellom Sparta og Athen igjen. Denne gongen er det USA som er Sparta, og Kina som spelar rolla som Athen.

Det er fleire grunnar til å tenke seg ein krig mellom USA og Kina.

Verda kan berre håpe at USA og Kina finn ein veg utanom den destruktive bruken av våpenmakt. Ein krig mellom USA og Kina ville fått Putins krig i Ukraina til å bleikne.

—  Emil André Erstad, kommentator

For det første er det ein verdikonflikt som ikkje er til å unngå. Kina tviheld på eit autoritært system, som på fleire område er stikk motsett av det amerikanske og vestlege verdssynet. Framleis kan desse systema sameksistere i verda, men fører ikkje sjeldan til kollisjonar.

Få stader kjem denne konflikta meir til syne enn på Taiwan, der den sjølvstendige republikken held seg til eit demokrati som liknar mest på dei vestlege. Kina vil ha Taiwan, fordi dei meiner øyrepublikken framleis er ein del av fastlands-Kina. Den militære opptrappinga her er berre eit symbol for den større verdikonflikten i botn.

Gamaldags krig

Når vi tenker oss ein framtidig krig mellom stormaktene, ser vi gjerne for ein hypermoderne science-fiction versjon av krig. Det vi ser i Ukraina – trass i moderne våpen som droner – liknar likevel meir på skyttergravskrigen i 1. verdskrigen. Spesielt tydeleg vart det i den tyske nyinnspelinga av filmen Intet nytt fra Vestfronten, frå 1. verdskrigen, som like gjerne kunne portrettert krigen mellom Ukraina og Russland. Blod er blod, skotsår er skotsår og drepne soldatar er drepne soldatar, enten året er 1917 eller 2025.

Verda kan berre håpe at USA og Kina finn ein veg utanom den destruktive bruken av våpenmakt. Ein krig mellom USA og Kina ville fått Putins krig i Ukraina til å bleikne.

Den kinesiske presidenten Xi Jinpings ekspansive strategi har endra spelet. Etter mangeårig og massiv økonomisk vekst i Kina, rettar no landet blikket utover med større musklar. Kor berekraftige og solide desse musklane er, er det fleire som stiller spørsmål ved. Det kinesiske systemet er autoritært, og dermed fullt av det alle autoritære system slit med: korrupsjon, dårlege vedtaksstrukturar og liten tillit.

Side om side

I seg sjølv kan slike faktorar gjere situasjonen meir utrygg, fordi det ikkje er sikkert at aktørane på kinesisk side vil opptre rasjonelt i ein tilspissa situasjon. Som vi har sett i dei to føregåande verdskrigane, er det små gnistar som skal til for å tenne katastrofe-bålet.

For Norge og våre politikarar sin del, er den kinesiske trugselen alvorleg. Ein krig mellom Kina og USA vil sannsynlegvis involvere langt fleire enn berre dei to landa, ettersom USA er så tungt inne i Nato-alliansen. Også fordi dei fleste vestlege land er heilt på linje med USA i verdikonflikta mellom stormaktene.

Det bør halde fram, samstundes som politikarane bør gjere det dei kan for å utvikle verda i ein retning der stormaktene kan eksistere side om side utan krig.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar