Kommentar

«Det kan bli verre for Arbeidarpartiet»

Kor langt ned kan Ap falle, før presset mot Jonas Gahr Støre blir så stort at partiet vil krevje hans avgang som partileiar?

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Det har gått dårleg for Jonas Gahr Støre sitt parti heilt sidan valdagen i fjor. Målingane har vist at Høgre har vore like store som Ap og Sp til saman.

Førre veke kom den første skikkelege skrekkmålinga: 16.9 prosent til det som ein gong var ørna i norsk politikk. «Det er veldig dårlege tal. Eg vart lamslått av det», sa Støre i «Politisk kvarter» etterpå.

Ap liknar no meir på ein mellomstor vadefugl, der dei står med kriser og intern uro opp til knea. Akkurat då det var vanskeleg å tenke seg at partiet kunne falle meir, gjorde dei nettopp det. Onsdag kveld kom Nettavisens novembermåling, der partiet landar på 16.7 prosent. «Aldri har vi siden oppstarten vår i oktober 1997, målt partiet så lavt», sa direktør for meiningsmålingsinstituttet Sentio, Arve Østgaard.

I ein uvanleg ærleg seanse på Stortinget denne veka, under eit seminar med dei politiske journalistane i Stortingets presselosje, opna Støre opp om krisa i partiet. Dagen Næringslivs politiske journalist, Marie Melgård, spurte om ikkje fallet i oppslutning òg kunne ha med statsministeren sjølv å gjere. Støre svara: «Ja, eg tenker på det». For oss som sat i rommet kunne det nesten høyre ut som om spørsmålet trefte han i magen, forståeleg nok. «Då tenker eg at eg får heile tida forsøke å gjere mitt beste på det eg er vald til. Men viss eg sat her og sa at dette ikkje har med meg å gjere, då ville eg ikkje vore ærleg», heldt han fram.

Som politisk redaktør i Vårt Land, Berit Aalborg, var inne på førre veke: Ap har på ingen måte spela leiaren sin god.

Kan bli uuthaldeleg

I kretsen rundt Støre er gjennomgangsmelodien at målingar er målingar, men at det er lenge til val. No må dei berre jobbe på og vise fram kva dei er gode for. Støre sjølv legg vekt på at opp mot 40 prosent av veljarane seier at dei kan tenke seg å stemme på partiet. Sjølv det potensialet er oppsiktsvekkande lågt, samanlikna med tidlegare tider. I den siste målinga er partiet Høgre målt til nesten det dobbelte av Ap.

Kva om Ap no fell under 14 prosent på målingane? Støre handterer krise etter krise – og med objektive auge vil fleire hevde at han gjer det slik ein statsminister bør gjere det, med ro og verdigheit – men presset både frå veljarane og internt i partiet kan bli uuthaldeleg.

—  Emil André Erstad, kommentator

Krisa til Ap har ført til at norsk politikk og partiet sjølv snart er like rikt på ekspertar om Aps krise, som det finst talrike ekspertar om amerikansk politikk i Norge. Alle har eit svar på kva som går gale, og kva partiet no bør gjere. Det er kjepphestane si tid.

Kor langt ned kan Ap falle, før presset mot Jonas Gahr Støre blir så stort at han må ta hatten sin og gå?

Til det første spørsmålet svara Støre under Presselosjens seminar denne veka at Ap har hatt varierande oppslutning «mellom 14 og 40 prosent». Kva om Ap no fell under 14 prosent på målingane? Støre handterer krise etter krise – og med objektive auge vil fleire hevde at han gjer det slik ein statsminister bør gjere det, med ro og verdigheit – men presset både frå veljarane og internt i partiet kan bli uuthaldeleg. Forskjellen på då Erna Solberg opplevde krisemålingar og intern kritikk, og Støre no, er at Solberg var i opposisjon då det skjedde. Ho kunne lettare endre framtoning, stil og strategi enn det Støre no har høve til som statsminister.

Snøballar som ruller

Det er viktig å presisere at ingen i partiet eg har snakka med eksplisitt har sagt at dei vil at Støre skal gå. Likevel er det tilsvarande taust om støtta til hans vidare liv som statsminister, som skapar eit inntrykk av ein kaptein som står åleine i stormen. Kjelder i partiet fortel at det i alle viktige organ – regjeringskollegiet, stortingsgruppa, ordførarkorpset og sentralstyret – er støtte til Støre som statsminister, trass i kritikk mot regjeringa.

Sjølv ikkje ørna i norsk politikk er ikkje immun mot å bli forvandla til ein liten spurv. Akkurat no er partiet på veg berre ein veg.

—  Emil André Erstad, kommentator

Ingen tvilar på at Støre er ein statsmann av internasjonalt format. Det har krigen i Ukraina vist. Og der er òg Støres problem: Folk ser han som ein framifrå representant for Norge i Brussel, Berlin, Washington og Paris. Men det er Høgre-leiar Erna Solberg som reiser rundt med sin blå valkampbuss til alle dei vanlege folka som Ap snakka om valkampen. Støre verkar meir uinteressert i å handtere denne delen av det politiske spelet, kanskje fordi han ser at andre spørsmål er viktigare og meir alvorleg akkurat no.

Og det er på ein måte rett: Det at Støre lukkast i Europa og verda har i realiteten meir å sei for straumprisane heime, enn om han reiste til Trøndelag for å drive valkamp. Likevel er det no utvilsamt mange i Ap som angrar slagordet frå valkampen i fjor om at det no er vanlege folks tur. Mest fordi det som skjedde rett etter valet var kriser som ramma nettopp vanlege folk, heilt utanfor Aps kontroll.

Partileiaravgangar skjer ofte brått, som ein snøball som byrjar å rulle i høg fart og så er den plutseleg for stor til å stanse. Akkurat no er det kraftig snøvêr i den fjellsida der snøballen kan byrje å rulle. I norsk politikk er det likevel få eksempel på at ein statsminister har gått av som følge av dårlege meiningsmålingar. Det sannsynlege er derfor at Støre vert sittande.

Ørn kan bli sporv

Likevel: Skal partiet stanse fallet, må noko skje.

Fleire rundt Støre snakkar no om at han må reise meir i Norge og treffe dei vanlege folka som no ser prisauken, renta og høge straumrekningar på banksaldoen. Det er meir krevjande for han å sette av plass i kalenderen til sjukehusbesøk i Ålesund og bedriftsbesøk i Alta, i ei tid der også store internasjonale kriser hamnar på hans bord.

Sannsynlegvis må Støre òg prioritere å angripe opposisjonen hardare enn han har gjort så langt, for deira politiske prioriteringar. Det betyr å sitte meir på Politisk kvarter, Dagsnytt 18 og stille til fleire innslag i Dagsrevyen om saker som rammar vanlege folk der regjeringa er på offensiven og har eit anna ideologisk grunnsyn enn Høgre.

Sjølv ikkje ørna i norsk politikk er ikkje immun mot å bli forvandla til ein liten sporv. Akkurat no er partiet på veg berre i ein retning.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar