Kommentar

Svekka Trump inn i ny valkamp

Amerikanske politikarar har i fleire år erfart at Donald Trump sug til seg alt oksygenet i rommet. No satsar han på at denne evna skal sikre han ein lett veg til den republikanske presidentnominasjonen i 2024.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var lite overraskande eller spennande med Donald Trump si kunngjering natt til onsdag om at han er kandidat i det kommande presidentvalet i 2024.

Talen, som varte i like over ein time, var meir av det same som vi vanlegvis høyrer frå Trump på denne typen folkemøte: Halve sanningar og reine løgner om både sine eigne politiske prestasjonar og det Joe Biden har gjort i den same stolen.

Mislykka stat

Trump kallar USA «ein mislykka stat», teiknar eit bilete av ei sydlig grense som er heilt open for så vel innvandrarar som narkotika, og skildrar storbyane som «blodstenkte» og «kloakkar fylt av valdeleg kriminalitet». Landet er til spott og spe internasjonalt. Då Trump fråtredde i 2021, derimot, var landet heilt på dørstokken til ein gullalder, på høgda av si makt og respekterte verda over.

Sidan Trump trådde frå for nesten to år sidan har populariteten hans mellom eigne veljarar gått sakte, men sikkert, nedover

—  Sigrid Rege Gårdsvoll

Det mest overraskande i talen er like mykje det som ikkje vart nemnt: Legitimiteten til 2020-valet, der folket valde Joe Biden og avsette Donald Trump, har vore eit kjært og flittig emne i ekspresidenten sine talar dei siste to åra. Han har sjeldan leite eit høve gå frå seg til å hevde at valet vart stole frå han, og kandidatane han støtta inn mot mellomvalet i førre veka var alle på hans linje når det gjaldt dette. I går avgrensa han seg til eit lite stikk om at «mange seier» at regimet i Kina kan ha involvert seg i 2020-valet.

Det andre store temaet Trump unngjekk er det som av mange vert rekna som hans største indirekte siger frå si presidentperiode: Abortsaka. Det var Trump sine utnemningar som la grunnlag for eit konservativt nok fleirtal i Høgsterett, som i sommar oppheva abortdommen Roe v. Wade frå 1973. Dette temaet viste seg førre veke å ha stor innverknad på mellomvalet, til demokratane sin fordel. Det er ikkje eit vinnartema for republikanarane i breie lag av folket, og Trump haldt seg klokleg unna.

Svekka kandidat

Det er ein svekka Trump som no gjer seg klar til ny valkamp. Sidan han fråtredde for nesten to år sidan har populariteten hans mellom eigne veljarar gått sakte, men sikkert, nedover. Mellomvalet, der ei heil rekke av hans utvalde kandidatar på ulike nivå måtte gje tapt for demokratiske motkandidatar, var eit nytt slag for Trump si stilling i partiet.

I talen fokuserte Trump på at republikanarane overtek fleirtalet i Representanthuset, og at ein av kandidatane han støtta i California vil vere del av dette nye fleirtalet. Det står fram smått, etter at partiet — og Trump — underpresterte så drastisk i mellomvalet sett under eitt.

DeSantis står klar

Florida-guvernør Ron DeSantis er den som kanskje oftast vert nemnt som ein aktuell arvtakar etter Trump som frontfigur for Det republikanske partiet. I mellomvalet sist veke vart han attvald med solid margin, og hans styrke bidrog til å løfte republikanske kandidatar over heile delstaten. Talen hans etter at attvalet var klart bar tydeleg preg av at DeSantis sitt fokus først og fremst er på ein presidentvalkamp inn mot 2024, sjølv om han ikkje har sagt noko eksplisitt endå.

Fleire av dei aktuelle republikanske presidentkandidatane har tidlegare sagt at dersom Donald Trump stiller vil dei ikkje fremje sitt eige kandidatur, men Ron DeSantis er så avgjort ikkje mellom dei. Forholdet mellom han og Trump, var tidlegare var tett, har surna påtakeleg etter at Trump var ferdig som president i starten av 2021.

Sidan namnet hans først dukka opp i meiningsmålingar inn mot nominasjonen i 2024 for om lag eitt år sidan, har DeSantis klatra frå ingen målbar oppslutning til rundt 30 prosent mellom republikanske veljarar. Donald Trump held framleis greitt unna, på dei siste målingane ligg han like under 50 prosent oppslutning. Men det er lenge til valet, og svært mykje kan enno hende. Donald Trump har prestert langt over det vi har forventa før, og kanskje har han det i seg å gjere det ein gong til.

Les mer om mer disse temaene:

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar