Kommentar

Erdogans skumle plan

Terroren i Istanbul ramma brutalt tre uskuldige familiar, men det er òg grunn til å frykte for at Sveriges Nato-søknad vart råka.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den pulserande Istiklal-gata, midt i hjartet av Istanbul, var som vanleg full av folk søndag ettermiddag. Akkurat der, midt blant heilt vanlege og uskuldige menneske, hadde nokon plassert ei bombe som hadde sprengkraft nok til å drepe seks av dei klokka 16.20. Nærare hundre vart såra.

Det store spørsmålet som vert diskutert i Tyrkia no, er kven som stod bak. At det var terror, er heva over all tvil. Likevel tok det under 24 timar for den tyrkiske regjeringa å finne ein syndebukk: Den kurdiske terrororganisasjonen PKK.

Sjølv om president Recep Tayyip Erdogan uttrykte avsky for angriparane, passa terroraksjonen som hand i hanske for hans politiske strategi.

Unormalt åtak

Heilt sidan Sverige og Finland kunngjorde ønsket om å bli Nato-medlemer – kort tid etter den russiske invasjonen av Ukraina - har Erdogan og Tyrkia streta imot. Det er hovudsakleg fordi Erdogan såg ein etterlengta moglegheit til å vise politisk leiarskap på heimebane. Han skulda dermed svenskane og finnane for å gøyme kurdiske terroristar, og ville ikkje gå med på noko medlemskap før desse vert utlevert til Tyrkia. Det er politisk problematisk både i Sverige og Finland, då fleire av dei tyrkarane krev utlevert har fått asyl.

I Erdogans parti, AKP, er det sterk motstand mot kurdiske grupperingar.

Ved å spele tøff med Sverige og kurdiske terroristar kan derimot Erdogan få eit etterlengta oppsving på meiningsmålingane

—  Emil André Erstad, kommentator

PKK (Kurdistans arbeidarparti) er eigentleg eit politisk parti, grunnlagt av politikaren og geriljaleiaren Abdullah Öcalan. Han vart gripen av tyrkiske agentar i 1999, etter fleire tiår med væpna kamp og terroraksjonar – og har sidan sitte fengsla på livstid på øya Imrali i Marmarahavet. Organisasjonen har gjennom fleire tiår ført ein væpna kamp mot tyrkiske styresmakter for auka sjølvstende for dei kurdiske områda i Tyrkia. I størst grad har organisasjonen retta aksjonane sine mot militæret, politifolk og politikarar, men også sivile har blitt råka av PKKs terror. Det er òg slik tyrkiske styresmakter omtalar terrormåla til PKK på sine nettsider.

Det finst likevel unntak der sivile har vore målet for aksjonane: I mars 1999 gjekk PKK-terroristar til åtak på Den blå marknaden i Istanbul, kamuflert med skibriller. Dei kasta bensin og molotov-cocktail-bomber inn på golvet, som resulterte i at 13 sivile mista livet. Det har òg skjedd fleire gonger at sivile har blitt råka av PKK-terroren.

Manglande truverd

I Tyrkia har likevel dei fleste terroraksjonane mot sivile dei siste åra vore utført av andre grupper, ofte med bakgrunn i valdeleg islamisme – som til dømes IS. Det har derfor lenge vore skjerpa tryggleik ved offentlege stader i store byar som Istanbul, og rundt dei viktigaste turistbyane langs kysten. Til dømes: På natta til 1. januar 2017, medan fleire unge menneske feira nyttårsaftan på ein nattklubb i Istanbul, gjekk IS-terroristar til åtak og drap 39 menneske. Det, og fleire andre åtak på same tid, førte til kritikk mot Erdogan-regimet for å ikkje slå hardt nok ned på islamistisk terror. Fleire spekulerte i om Erdogans parti – som sjølv bygger på ei sunni-islamsk tolking av islam – kvia seg for å gjere seg til fiende med sunnimuslimske terrorgrupper som IS.

Det kan bety at Sveriges Nato-søknad går føyken, medan Erdogan aukar sjansane for halde fram som laus kanon på dekk i det landet som per no er Natos nest største militærmakt

—  Emil André Erstad, kommentator

Fleire både i og utanfor Tyrkia stiller seg spørjande til påstanden om at PKK står bak søndagens terroråtak. Det er i det heile tatt mykje som skurrar i den offisielle historia frå Erdogans regjering om åtaket og dei som stod bak: Kvinna som plasserte bomba skal heite Ahlam Albashir og skal komme frå Syria, og har ingen kurdisk nasjonalitet. Ho skal likevel ha blitt trent opp av PKK til å utføre angrepet, hevdar innanriksminister Sulayman Soylu. Måndag føremiddag sende PKK ut pressemelding der dei nekta for å stå bak bomba med grunngjeving om at dei ikkje går til åtak på sivile.

Soylu nytta derfor høvet til å kritisere USA for terroråtaket. Grunngjevinga er at amerikanarane har støtta den kurdiske YPG-militsen i Syria, i deira felles kamp mot IS. Tyrkarane har på si side skulda YPG for å samarbeide med PKK på tyrkisk side av grensa. Innanriksministeren ville ikkje akseptere nokon kondolanse frå USA etter terroråtaket i Istanbul. Han gjekk så langt som å samanlikne den amerikanske kondolansen med «ein mordar som kjem tilbake til åstaden».

Kristersson er sjakkmatt

Då den svenske statsministeren Ulf Kristersson førre veke besøkte Erdogan i Tyrkia, sa den tyrkiske presidenten på ein felles pressekonferanse: «Når vi møter veljarane vil vi kunne sei at vi har gjort alt i krigen mot terror». Han poengterte vidare at det er val i Tyrkia neste år. Det presidentvalet prøver Erdogan å vinne – i eit land som opplever ei økonomisk krise som er større enn nokon annan stad i Europa. Den tyrkiske presidenten har mange gonger vist seg som ein autoritær, men ofte pragmatisk leiar. No er han så pressa på heimebane at den pragmatismen lar vente på seg.

Eit av dei verkeleg vanskelege spørsmåla for Sverige er Tyrkias krav om utlevering av den kurdiske eksiljournalisten Bülunt Kenes. Viss Sverige oppfyller kravet seier Committee to Protect Journalists (CPJ) at Sverige «ikkje kan halde fram med å kalle seg eit demokratisk land som vert styrt av rettsstatens prinsipp». Dermed er den svenske statsministeren Ulf Kristersson spela sjakkmatt. Enten må han bryte viktige prinsipp, eller så må han vinke farvel til Nato-draumen. I Sverige har mange allereie gått langt meir i retning av å gje etter for tyrkiske krav, men det finst ei grense.

Ved å spele tøff med Sverige og kurdiske terroristar kan derimot Erdogan få eit etterlengta oppsving på meiningsmålingane. Det kan bety at Sveriges Nato-søknad går føyken, medan Erdogan aukar sjansane for halde fram som laus kanon på dekk i det landet som per no er Natos nest største militærmakt.



Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar