Kommentar

Spaserturen som bør skremme Putin

Rundt to timars køyring frå den russiske grensa spaserte dei nordiske statsministrane i tjue minutt gjennom Helsingfors sentrum, ope og fritt, midt blant vanlege folk. Det var ein større maktdemonstrasjon enn militær opprustning har vore.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var denne veka dei nordiske statsministrane var samla til «familiedag» i Helsingfors – den finske hovudstaden, i høve toppmøte i Nordisk råd. Det var ei venlegsinna og nesten koseleg stemning mellom statsleiarane i Finland, Sverige, Island og Norge. Den danske statsministeren måtte halde seg heime for å stemme på seg sjølv.

– Skal vi bli køyrt eller gå? var det ein av statsleiarane som spurte, der dei stod og snakka om heilt kvardagslege ting. Det stod ein spesialbestilt, svart buss klar til å frakte dei frå den finske riksdagsbygningen til presidentpalasset nokre kilometer unna, der dei skulle møte Finlands president Sauli Niinistö.

– Vi går, sa Sanna Marin – den unge og etter kvart verdskjende finske statsministeren frå søsterpartiet til Støre.

Meir verd enn BNP

Du skal ikkje køyre meir enn to timar med bil lenger aust før du er i Russland. Der ville det vore utenkeleg at ein regjeringssjef gjekk på gata mellom vanlege folk, nesten ubeskytta, utan at byen var delvis stengd ned.

Kvifor? Fordi tilliten mellom styresmaktene og folket er mykje lågare. I dei nordiske landa svarar opp mot 80 prosent at dei har høg tillit til styresmaktene, medan den i Russland i beste fall ligg på kring halvparten. I fleire europeiske land er den endå lågare, som i Polen med 25,9 prosent – i følge tal frå OECD.

Eit anna element som spelar ei rolle her: Forskjellane mellom folk er så små i dei nordiske landa, at det knapt vekker oppsikt at fire statsministrar spaserer gatelangs i eit travelt bysentrum. Dei egalitære, likskapsorienterte samfunna våre gjer det tryggare å vere kven som helst.

Denne tilliten og likskapen er langt viktigare for våre samfunn enn kva vi produserer i bruttonasjonalprodukt. Denne tilliten og desse små forskjellane bidreg til at vi òg kan produsere meir, vere meir lukkelege og styrke demokratia våre.

Tillit under angrep

I den ferske – og mykje omtalte – rapporten frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) om korleis framande makter (les: russisk etterretning) kan ønske å påverke norske val, var tillit eit heilt sentralt tema. Mange har debattert at EØS-motstand var eit scenario i rapporten, men tilliten til det politiske systemet er òg grundig omtalt som eit eige scenario. Faktisk lista FFI-forskarane opp «å svekke tilliten i det norske samfunnet» som eit av tre hovudmål for krefter som vil ønske å øydelegge for oss.

Korleis vi møter negative saker om norske politikarar, har stor betydning for tilliten i samfunnet. Her gjeld det å halde tunga beint i munnen, viss vi framleis ønsker den høge tilliten

—  Emil André Erstad, kommentator

Det er ikkje så rart: Dersom russarar flest ser den reelle verdien av høg tillit i våre samfunn, kan kontrasten til deira eige Russland bli altfor tydeleg. Derfor kan russisk etterretning ha som mål å svekke tilliten i land – mellom anna dei nordiske – fordi det kan gjere vår samfunnsmodell mindre attraktiv enn den autoritære modellen dei sjølv har.

Det blir litt som å øydelegge den fine hagen til naboen på andre sida av gjerdet, slik at familien din ikkje skal ønske seg like fine blomsterbed og velstelt grasmatte sjølv.

Det er kynisk og logisk – og sikkert nokså effektivt.

Vår respons har konsekvensar

Den nemnde FFI-rapporten som kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) ikkje ville legge ut på nettsidene til departementet, fortener å bli lesen. Der skriv forskarane om korleis russisk etterretning vil ønske å spele på polariserande konfliktlinjer i det norske samfunnet for å redusere tilliten. Gjennom sosiale medium kan russisk etterretning prøve å spreie misnøye og mistillit i delar av folket, gjennom å vise til saker folk allereie er opprørt over.

Avsløringane om falske reiserekningar blant fleire stortingspolitikarar, metoo-saker i politikken og skattesnusk med pendlarbustader, vert nemnt som eksempel på saker som russisk etterretning kan forsøke å utnytte.

Ved å snakke om politikarane som ei gruppe vi på generelt grunnlag ikkje kan ha tillit til, gjer vi oss sjølv ei bjørneteneste. Det er som å helle bensin på Putins mistillitsbål.

Det er eit ansvar vi har i fellesskap

—  Emil André Erstad, kommentator

Og her kjem leksa: Korleis vi møter negative saker om norske politikarar, har stor betydning for tilliten i samfunnet. Her gjeld det å halde tunga beint i munnen, viss vi framleis ønsker den høge tilliten.

I den politiske podkasten Aftenpodden førre veke snakka sjefredaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, om korleis medium og folk kan slenge seg på generelle formuleringar med kritikk mot «politikarane våre» – utan nyansar om kven det gjeld: «Plutseleg blir politikarane ei gruppe som det er legitimt å snakke ned, som det er legitimt å sei at vi ikkje har tillit til på grunn av desse sakene».

Ikkje under same kam

Sakene om pendlarbustadene, til dømes, gjeld ikkje alle politikarane våre, minner ho om. Som Eilertsen sa vidare: «Du får ein debatt som gjer at tilliten fell og kan bli tyngre å bygge opp att [...]. Derfor blir eg så opprørt når eg ser at til dømes redaktørar og kommentatorar brukar uttrykk som ‘politikarane’ eller ‘politikarane våre som gruppe har svikta’. Eg syns ikkje politiske motstandarar skal gjere det heller».

Det er like lite treffsikkert å skjære alle politikarane under ein kam for pendlarbustad-sakene, som det er å skjære heile befolkninga under ein kam for vanleg kriminalitet i samfunnet. Ved å snakke om politikarane som ei gruppe vi på generelt grunnlag ikkje kan ha tillit til, gjer vi oss sjølv ei bjørneteneste. Det er som å helle bensin på Putins mistillitsbål.

Det er eit ansvar vi har i fellesskap.

kk

Jonas Gahr Støre var ikkje vanskeleg å be då hans finske kollega føreslo å gå gatelangs i Helsingfors. Medan han gjekk der, midt ute blant vanlege folk og snakka kvardagsleg med den svenske, islandske og finske statsministeren, viste han tradisjonelt nordisk vis at ein slik spasertur er ein større maktdemonstrasjon enn våpensystema russarane har på den andre sida av grensa.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar