Kommentar

Debatten om kjernekraft treng ikkje kongeleg hjelp

Spørsmålet om atomkraft går rett inn i den betente straumdebatten. Kronprinsen bør halde seg unna.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På Slottets nettsider ligg det travle november-programmet til Kronprinsparet. I tillegg til å delta i Statsråd på fredagar, skal kronprins Haakon besøkje Cyberforsvaret, delta på cupfinalen i fotball og ta imot utanriksministeren i audiens. Det er også gjestebod på Skaugum i november.

Men i kalenderen er det også funne rom til eitt lunsjseminar denne månaden. Der ynskjer Kronprins Haakon å vite meir om kjernekraft. Derfor inviterte han denne veka ekspertar på kjernefysikk til lunsjmøte.

Ekspertane var klimaforskar Bjørn Samset frå Cicero, Ole Reistad frå Institutt for energiteknikk og forfattar, fysikar og kommunikasjonssjef Sunniva Rose.

Det er vel og bra at kronprinsen søkjer kunnskap. Men her burde Slottet forstått at reaksjonane ville komme.

Naturvernforbundets Truls Gulowsen saknar motstemmer, og reagerer spesielt på invitasjonen av kjernefysikaren og foredragshaldaren Sunniva Rose, som er ny kommunikasjonsdirektør i Norsk kjernekraft AS.

På nettsidene til selskapet skriv dei blant anna at «tida er moden for kjernekraft i Norge». Bak selskapet står milliardær Trond Mohn.

Styreleiar Jonny Hesthammer seier til VG at målet er å ha på plass små kjernekraftverk om ti til femten år.

Kjernekraft kan vere ei klimaløysing

Det er fleire årsaker til at lunsjmøtet til kronprinsen er uheldig. Men det handlar ikkje om at meir energi frå kjernekraft er ein dårleg idé.

Forkjemparane for kjernekraft har vind i segla for tida. Det er det gode grunnar til. EU-landa har sove i fysikktimen, og har ikkje prioritert å byggje ut nok energi. No står dei midt i ein energikrig med Russland.

Vladimir Putin var Europas viktigaste gassleverandør og kunne bruke gasskranane som våpen. No er kranane skrudd av.

Det er fleire årsaker til at lunsjmøtet til kronprinsen er uheldig. Men det handler ikkje om at meir energi frå kjernekraft er ein dårleg idé

—  Lars Inge Staveland

Den økonomiske stormakta Tyskland gjer no alt for å halde varmen i vinter. Då må også målet om strenge klimamål vike. Skitne kolkraftverk blir haldne i drift for å unngå rasjonering. Norsk gass har blitt avgjerande for å sikre gasslagera.

Det Europa treng på sikt, er klimavenleg energi som kan lagrast, og her kjem kjernekrafta inn. Den slepp ikkje ut klimagassar og kan produsere store mengder straum når vi ynskjer det.

Det er med andre ord eit godt tidspunkt å diskutere kjernekraft med atomfysikarar.

Kjernekraft kan bli kvitt omdømeproblemet

Då reaktorane i japanske Fukushima smelta ned i 2011, fekk kjernekraft eit alvorleg omdømeproblem.Motstandarane peikar på at fara for ulykker for stor, prisen er for høg og for at det ikkje finst fullgode måtar å lagre radioaktivt avfall på. Tyskland vedtok å leggje ned sine kjernekraftverk, og dei tre siste skulle fasast ut før årsskiftet.

Men no har vinden delvis snudd. Europa treng all straumen dei kan får tak i.

Tysklands nye kanslar Olaf Schulz har bestemt kjernekraftverk skal få leve til april.

I Sverige lanserte den borgarlege koalisjonsregjeringa ei ny satsing på kjernekraft, som direkte svar på straumkrisa i Europa. Finland har opna eit nytt kraftverk og Storbritannia har vedtatt å byggje ein ny generasjon.

FYSIKAR: Sunniva Rose har ein doktorgrad i kjernefysikk og er i dag kommunikasjonsdirektør i Norsk kjernekraft AS.

Energiteknologi er politisk betent

Tilbake til kronprinsens lunsjmøte. Slik svarer på Sunniva Rose på kritikken om at møtet manglar motstemmer.

Utfordringa ligg i at kjernekraft i dag vanskeleg kan skiljast frå politikk. Spesielt i dag. Det burde Slottet ha sett då dei inviterte kjernefysikarane onsdag

—  Lars Inge Staveland

— Å skulle ha ei motstemme på eit slikt møte er som å ha motstemme til ein fysikar som held foredrag om tyngdekrafta, seier Sunniva Rose til Vårt Land. Ho understrekar at deltakarane skal halde seg langt unna politikk.

Men utfordringa ligg ikkje i at andre stemmer vil oppheva fysiske lover. Utfordringa ligg i at kjernekraft i dag vanskeleg kan skiljast frå politikk. Spesielt i dag. Det burde Slottet ha sett då dei inviterte kjernefysikarane onsdag.

I Noreg mobiliserer også forkjemparane for kjernekraft. Den grøne omstillinga krev store mengder elektrisitet. Kraftig motstand har stogga offensiv vindkraftutbygging. Verneinteresser vi kjempe knallhard mot utbygging av nye vassdrag.

Første generasjons kjernekraftverk var arealkrevjande, kostbare anlegg som kravde store ressursar til kjøling og alternative straumkjelder til sikring. Neste generasjon små reaktorar kan brukast på mindre stader, gjere teknologien billegare og miljøavtrykket mindre. I framtida kan også ny teknologi basert på thorium kan avgrense risikoen for ulukker.

På Høgres landsmøte gjekk Erna Solberg på eit nederlag då fleirtalet gjekk inn for ei utgreiing om kjernekraft i Noreg. Fleire andre partilag skal diskutere kjernekraft i haust.

Løfter kjernekraft opp på agendaen

Likevel er det langt fram før eit stortingsfleirtal vedtar å byggje ut kjernekraftverk i Norge. Det er forkjemparane for kjernekraft, som Sunniva Rose, som har interesse av å løfte kjernekraft på agendaen i Noreg. Motstandarane kan vere godt nøgde med status i dag.

Ved at kronprins Haakon bruker haustens lunsjmøte til å fordjupa seg i kjernekraft, løfter han tema opp på agendaen. Det er i seg sjølv ein liten siger for forkjemparane.

At ein av deltakarane har som jobb å fremje syn på kjernekraft i Noreg, styrkar dette inntrykket.

Då hjelper det lite at den faglege gjennomgangen er solid.

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar