Kommentar

Ekstrem nervøsitet på valvakene i Sverige

STOCKHOLM: Blir Magdalena Andersson eller Ulf Kristersson statsminister etter kveldens val i Sverige? På valvakene til dei ulike partia er spenninga til å ta og kjenne på.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har store konsekvensar å tape det svenske valet. På Kristdemokraternas (KD) valvake verka folk meir opptekne av å vinne regjeringsmakta saman med Moderaterna enn av eigen oppslutning. Frå scena vart dei slitne partifolka og valmedarbeidarane feira med at «no er valkampen endeleg ferdig», før konfransieren Sara Skyttedal (som òg sit i Europaparlamentet for KD) heldt fram med at «og det er også den sosialdemokratiske regjeringa i Sverige».

Tankegongen ser ut til å vere slik: Dersom valet ikkje endar med regjeringsskifte, er mykje av innsatsen i valkampen til liten nytte. Dessutan har valkampen i Sverige dei siste vekene vist at svensk politikk er langt meir polarisert enn den vi har i Norge.

Dyster valdagsmåling

På Moderatarnas valvake var det heilt stille i lokalet då dei første valdagsmålingane kom klokka 19.45. Stilla skuldast at Socialdemokraterna låg tett oppunder 30 prosent. Den same stilla gjorde seg gjeldande då resultata for Kristdemokraterna og Liberalerna – to av partia i den borgarlege blokka som vil regjere med Moderaterna. Begge parti gjekk tilbake frå 2018-valet.

Mange slitne valmedarbeidarar og partifolk på dei to borgarlege valvakene ser ut til å måtte bite negler gjennom kvelden. Det er lite som tyder på at dei kjem til å styre Sverige etter at kvelden er omme.

—  Emil André Erstad, kommentator

Den einaste gongen det ikkje var heilt stille, var då resultatet til Moderaterna vart lese opp: 16 prosent vil vere eit av dei dårlegaste vala til partiet i nyare tid, og kraftig tilbake frå 2018-valet. Når valdagsmålinga òg viste at Sverigedemokraterna går fram like mykje som Moderaterna – vart det fleire sukk i salen.

Då SVT-målinga kom eit kvarter etterpå, vart stemninga litt betre, sjølv om også den viste knapt fleirtal til raud blokk og attval for Magdalena Andersson som statsminister.

Mange slitne valmedarbeidarar og partifolk på dei to borgarlege valvakene ser ut til å måtte bite negler gjennom kvelden.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar