Kommentar

Ingen teikn til kraftrevolusjon i folket

Straumkrise, renteheving og prissjokk skakar folket, men folk stemmer likevel nesten heilt som før.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Det er krise, vert det sagt. Ein rask kikk på nyheitsbiletet viser at det stemmer: Norsk økonomi går inn i si tøffaste tid på mange år. Klimaendringane har bidratt til at Frankrike no berre kan halde 24 av 56 atomkraftverk i sving. Det er rett og slett for varmt og lite vatn i elvene til å kjøle ned reaktorane. Tørka i Europa kan vere den verste på 500 år. I tillegg kjem alle dei negative konsekvensane av krigen i Ukraina og Russlands forsøk på presse europeiske land med tilgangen på gass.

Klart straumen blir dyrare. Dei populistiske røystene i ytterkanten av norsk politikk kan gjerne late som at det berre er norsk krafteksport som er skuld i dei høge prisane, men det stemmer ikkje.

Alle som kan sjå, lese og analysere forstår det.

Dei ansvarlege held stand

Vårt Lands partibarometer frå august viser at folk skjønar at krisa ikkje har noko enkel løysing. Dei partia som støttar opp om hovudlinjene i norsk energipolitikk gjer det forbløffande godt, trass i den store misnøya blant folk.

Å halde igjen, kutte og avvente er blant verktøya folk forventar frå politikarane i ei tid der ingen veit kva som kjem rundt neste sving.

—  Emil André Erstad, kommentator

Raudt er det partiet som i størst grad har markert motstand mot krafteksporten, og er det partiet som har mest framgang. Sjølv med ein framgang på heile 3,2 prosentpoeng frå juni til august, endar partiet berre opp med 8,5 prosent av veljarane. Det er endå lenge til revolusjonen. Senterpartiet – som har markert avstand til Europa i kraftpolitikken, men samstundes sit med ansvaret i regjering – stabiliserer seg på 5-talet i den ferske målinga. Frp – som òg har kritisert regjeringa for å ikkje bremse krafteksporten – fell frå 15,8 prosent i juni, til 13,5 prosent i august.

Høgre og Arbeidarpartiet går begge fram, og har tillit hos meir enn halvparten av folket – trass i at begge desse partia stør ein kraftpolitikk som baserer seg på nær tilknyting til den europeiske kraftmarknaden.

Uvisst rundt neste sving

Sannsynlegvis vil kraftkrisa, dei trongare tidene i norsk økonomi og andre konsekvensar frå krigen i Ukraina bli tydelegare utover hausten. Når Støre-regjeringa skal leggje fram sitt første heilskaplege statsbudsjett i oktober, er det venta eit strammare budsjett enn på mange år. Kanskje vil ein større del av veljarmassen då reagere negativt ved å rømme frå regjeringspartia.

Det er likevel også mogleg at veljarane forstår at verda og landet er i krise, og dermed viser tolmod med at politikarane må kutte.

I Norge har politikk dei siste tiåra handla om vekst og auka lovnader. Det vi ser no er nok òg at veljarane ønsker styring og ansvar, i ei tid der verda er utrygg. Å halde igjen, kutte og avvente er blant verktøya folk forventar frå politikarane i ei tid der ingen veit kva som kjem rundt neste sving.

Foreløpig er det i alle fall ingen teikn til noko kraftrevolusjon i folket.





Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar