Kommentar

Når Amnesty blir propaganda

Historia om korleis Amnesty Internationals Ukraina-rapport no blir brukt i russisk propaganda, er opprørande. Og sannsynlegvis livsfarleg for tusenvis av sivile ukrainarar.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

«Alle styresmakter lyg til deg, og det er din jobb som reporter eller etterforskar å vere strengt upartisk og berre rapportere fakta», sa Donatella Rovera – ein av senioretterforskarane i Amnesty International sitt granskingsteam i Ukraina.

Det var mai i år. Rundt eit bord i den ukrainske byen Kramatorsk i den ukrainsk-kontrollerte delen av Donetsk, sat ho saman med den newzealandske journalisten Tom Mutch. Utanfor vindauga kunne dei kvar time høyre smella frå artilleri.

Amnesty vart åtvara

Han skriv no om samtalen i ein tekst, etter kritikken som har komme mot Amnesty International dei siste dagane for publiseringa av deira Ukraina-rapport, at Rovera og Amnesty verka meir opprørt over at ukrainske styrkar hadde tatt stilling i ein forlate skulebygning enn det vilkårlege bombardementet frå russiske styrkar.

Mutch hadde sjølv vore i bygningen, ein forlate språkskulebygning som låg heilt på frontlinja i landsbyen Bakhmut. Rovera meinte det var brot på humanitær lov, sjølv om det er heilt lov for militære å bruke forlatne sivile bygg til forsvar, spesielt viss det er snakk om urban krigføring.

Klarte ikkje skilje

Mutch åtvara om at viss Amnesty ikkje klarte å skilje mellom defensive og offensive militæroperasjonar – og bruken av sivile bygg – så ville kritikken mot rapporten bli massiv. Dessutan kunne russiske styresmakter bruke rapporten til å pepre sivile, ukrainske bygg med rakettar, missil og annan ammunisjon.

Mutch fekk rett.

Den siste veka har kritikken styrka seg for kvar dag.

«Helt ko-ko»

Onsdag meldte Vårt Land at 80 medlemer har meldt seg ut i Norge. Talet vil nok stige dei neste dagane.

Sjefen for Amnesty i Ukraina trekte seg i protest. Det same gjorde svenske Per Wästberg – ein av dei som var med å stifte Amnesty i Sverige i 1964.

Høgre-mannen og leiaren for kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, Peter Frølich, kalla rapporten «helt ko-ko». Oberstløytnant Palle Ydstebø ved Forsvarets stabsskole kalla ein del av momenta i rapporten «absurde».

Det som skjer er eigentleg berre tragisk

—  Emil André Erstad, kommentator

Likevel har den norske avdelinga av Amnesty halde fram med å avvise kritikken. «Amnesty får fra tid til annen kritikk for våre rapporter fra ulike aktører. Det som er vårt utgangspunkt, er at vi har et eget team med spesialiserte, erfarne og uavhengige etterforskere som dokumenterer menneskerettighetsbrudd i konfliktsoner over hele verden», sa John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International Norge.

Bør innrømme feil

Ein ting er å drite seg fullstendig ut, men ein annan ting er å ikkje innrømme det.

Faktisk har den internasjonale delen av Amnesty, gått langt i kalle kritikarane for troll og ein mobb. Noko nemneverdig sjølvkritikk på innhaldet i rapporten, har dei ikkje komme med.

Kvifor ignorerte Amnesty åtvaringane og publiserte rapporten likevel?

Ein annan journalist som var på same hotell som granskingsteamet til Amnesty i mai, den anerkjende, kanadiske krigskorrespondenten Neil Hauer, skriv på Twitter at «det var ganske klart frå samtalane at ho allereie hadde ein agenda – å vere kontrær». Han skriv at det handla om å vise at «Ukraina var like ille».

Tanke om å gjere det som er rett

Rapporten frå Ukraina svekker truverdet, gjennomslaget og oppslutninga om organisasjonens arbeid. Sannsynlegvis er det vore gjort feil frå granskarane i organisasjonen. Det ville Amnesty tent på å innrømme

—  Emil André Erstad, kommentator

Tidlegare har Amnesty ved fleire høve tatt avgjerder som har blitt brukt av russisk propaganda, som då dei våren 2021 tok frå Aleksej Navalnyj statusen som samvitsfange.

Bak det dei gjorde den gongen – og den ferske rapporten frå Ukraina – ligg ein tanke om å gjere det som er rett, sjølv når det er upopulært. Amnesty har ei sjølvforståing av å stå opp for det som er rett, sjølv når mange heiar på noko anna. Menneskerettar er ikkje alltid medvindsarbeid.

Svekker resten av arbeidet

Rapporten frå Ukraina svekker truverdet, gjennomslaget og oppslutninga om organisasjonens arbeid. Sannsynlegvis er det vore gjort feil frå granskarane i organisasjonen. Det ville Amnesty tent på å innrømme.

Amnesty International er ein solid menneskerettsorganisasjon med eit stort og livsviktig arbeid i store delar av verda. Sjølv om det skulle vise seg at dei faktisk har trødd feil i Ukraina – eller andre stader – så forsvinn ikkje alt det arbeidet dei gjer for å beskytte menneskerettane andre stader.

Det er forståeleg med alle dei som no sluttar å gje pengar eller melder seg ut i protest. Likevel er dei med på å svekke det arbeidet Amnesty gjer på mange andre plan, med tanke på å beskytte sårbare minoritetar, kvinners rettar eller kampen for demokrati og fridom.

Derfor er det som skjer eigentleg berre tragisk.








Emil André Erstad

Emil André Erstad

Erstad er kommentator i Vårt Land. Han har tidligere jobbet i Helsingforskomiteen og vært rådgiver på Stortinget.

Annonse
Annonse

Mer fra: Kommentar