Den lange klatreturen
Det demokratiske partiet kjempar i lang, tung motbakke inn mot mellomvalet i november, og presidentvalet i 2024 byrjar allereie å spøke i horisonten.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.
Joe Biden er meir upopulær enn nokon sitjande president i USA på same tidspunkt i presidentperioden. Oppslutninga hans har vore synkande sidan august i fjor, og etter nesten eit heilt år med piler som peiker nedover er det no berre 39 % av amerikanarar som seier seg nøgd med jobben presidenten gjer.
Mørkt mellomval
I november er mellomval. Heile Representanthuset og ein tredel av Senatet skal byttast ut. Det er vanleg at den sitjande presidenten sitt parti taper seter i mellomvalet, og dette året ser ikkje ut til å skilje seg nemneverdig frå normalen.
Tal frå Gallup, som kom i juni, gjer ei oversikt over ei rekke indikatorar som er utslagsgjevande for utfallet av mellomval. Dei tyder på at situasjonen er verre for demokratane no enn på same tidspunkt i 2010. Det året tapte demokratane 63 seter i Representanthuset. Dåverande president Barack Obama kalla resultatet «a shellacking» – «skambank», på godt norsk. Biden og demokratane kjem truleg ikkje til å komme fullt like dårleg ut av det denne gongen som for tolv år sidan, men det spørst om det er nokon trøyst.
Det skjøre, og lite anvendelege, fleirtalet demokratane har i Senatet kjem nok til å ryke. Truleg vil også fleirtalet i Representanthuset ende på republikanske hender. Dei periodane Barack Obama var president under liknande vilkår, med fleirtalet i båe hus i Kongressen mot seg, var svært frustrerande for det demokratiske partiet.
Dersom Biden ikkje stiller er det framleis ingen openberre sterke kandidatar i det demokratiske partiet til å etterfølge han. Det er urovekkande.
Sigrid Rege Gårdsvoll
Fleirtal for kva?
På ytste venstrekant i partiet og i progressive aktivistkretsar blir det mumla om at det er vanskeleg å argumentere til veljarane om at fleirtalet er verdt å kjempe for, når leiande demokratar har utvist så lite vilje til å bruke det fleirtalet ein har.
Kampen står, som så mange gonger før, om den såkalla filibusteren. Regelen gjer at ein treng 60 røyster for eit forslag i Senatet, unnateke eit visst antal budsjettsaker, for å hindre motstandarane i å blokkere det. Gjennom dei siste åra har filibusteren blitt fjerna for voteringar der ein skal godkjenne ulike oppnemningar, til dømes til dommarembete, slik at ein no berre treng enkelt fleirtal i desse sakene, 51 røyster.
Hensikten med filibusteren er å fremje tverrpolitisk samarbeid, men i det politiske klimaet som no rår på alle nivå i amerikansk politikk er det vanskeleg å sjå føre seg at det er dette som skal få toget tilbake på sporet. Difor har kravet frå grasrota om å fjerne filibusteren, slik at ein kan få gjennomført demokratiske politiske prioriteringar, blitt stadig meir høglytt. Utfordringa er at fleire av dei demokratiske senatorane er absolutte motstandarar av ein slik manøver. Ein av dei mest synlege, den svært moderate Joe Manchin frå Vest-Virginia, er også markert motstandar av mykje av politikken som ein ønskjer å fjerne filibusteren for å gjennomføre. Han har difor blitt eit ynda objekt for sinne og kraftuttrykk frå venstresida i partiet dei siste to åra.
Grunnar til å behalde filibusteren
Det er imidlertid gode grunnar til å behalde filibusteren. Den viktigaste for demokratane er at sjølv om republikanarane tek fleirtalet i haust, er det ikkje er svært sannsynleg at dei ender opp med over 60 senatorar – og har ein då fjerna filibusteren står ein liten republikansk majoriteten fritt til å reversere alt dei ønsker, utan å måtte stable på føtene 60 røyster. Samstundes kan det sjølvsagt tenkast at eit nytt republikansk fleirtal likevel vil fjerne filibusteren av rein eigeninteresse, for å få gjennom sine politiske prioriteringar.
I slutten av juni, etter at Høgsterett avsa dom i Dobbs v. Jackson og oppheva ein nasjonal rett til sjølvvald abort i USA, kom det imidlertid heilt nye tonar frå Joe Biden: Han tok til orde for å endre filibusterreglane, eller gjere eit unnatak, for å nedfelle abortrettar i føderal lov. Den gamle senatoren har tidlegare vore heilt uvillig til å diskutere om dette er ein veg å gå, men ser nå ut til å respondere på press frå grasrota i partiet. Nettopp energien som finst i det demokratiske partiet når abortstriden no kjem opp kan vere det som reddar valet – eller i alle fall stumpane.
Etter november
På lengre sikt er det mykje som gjer grunn til bekymring for 2024-valet, både dersom Joe Biden stiller til attval og om han ikkje gjer det. Donald Trump sin popularitet ser ikkje ut til å avta mykje mellom republikanarane, men Florida-guvernør Ron DeSantis vert også stadig meir populær og kan hente mange veljarar frå Trump-tilhengjarane. Joe Biden sin høge alder er eit stadig tilbakevendande tema i media, og mange ser med skrekk føre seg ein president som framstår gammal og svak i valkampen.
Dersom Biden ikkje stiller – han insisterer på at han vil det, og det blir sagt at han irriterer seg over å ikkje bli teken på alvor når han seier det – er det framleis ingen openberre sterke kandidatar i det demokratiske partiet til å etterfølge han. Det er urovekkande.